BOKKLAR: Tor-Bjørn Nordgaard (til venstre) har skrive bok om vekkinga på Vigeland. Her er han utanfor bedehuset der det starta saman med styreleiar Geir Norum (i midten) og sangevangelisten Arthur Robertsen som det heile starta med. Foto: Verdinytt.

Fortel om vekkinga på Vigeland i bokform

Det er halvtanna år sidan vekkinga på Vigeland braut ut. Predikanten det heile starta med, må klype seg sjølv i armen når han les om det han sto midt oppi.

Som om det ikkje var nok å starte ei ny kristen avis, har redaktør Tor-Bjørn Nordgaard i Verdinytt, parallelt med nettavisprosjektet sitt, jobba med å skrive bok.

Han skal vere den første journalisten som kom til Vigeland vest i Agder då det i fjor braut ut vekking på bedehuset i bygda. Om kort tid ligg produktet føre i bokhandlane, utgitt av Hermon Forlag.

Nordgaard har skrive historia på oppmoding frå dei som sto med begge føtene midt i det som hende då bedehuset på kort tid vart sprengfullt.

Til vanleg kom det 10-15 personar på møta, så det var godt om plassen i benkeradene. Då vekkinga braut laus, måtte bedehusstyret leige idrettshallen for å få plass til alle som ville ha med seg forkynninga.

– Fersk kyrkjehistorie

– Dette er eit stykke rykande fersk norsk kyrkjehistorie. Mitt mål er at boka skal vere ei lettlest inspirasjonsbok om korleis Gud kan gjere noko heilt uvanleg gjennom heilt vanlege menneske på ein heilt vanleg stad, seier forfattaren i ei pressemelding.

Historia startar eigentleg i november 2022. Arthur Robertsen er invitert til å tale og synge på eit møte, og forkynnaren har ei etterlysing: «Kvar er det vorte av gnisten?»

Når bedehuset arrangerer møtehelg i februar 2023, er det tydeleg at den etterlyste gnisten er tent. Folk strøymer til, og predikanten kan ikkje dra frå staden. Lokalet er fylt med folk, og i lange ettermøte søkjer mange forbøn, frelse og lækjedom.

Møta held fram utover våren og sommaren, og kapasiteten på bedehuset vert for liten. Derfor må dei leige idrettshallen. Også den vert full etter kvart.

Påvirka mange

Vekkinga har virka inn på mange, og boka fortel fleire enkeltmenneske sine historier.

– Eg er takksam for at så mange i miljøet rundt Vigeland bedehus har synt meg tillit og lete seg intervjue, seier redaktør Tor-Bjørn Nordgaard.

Vekkinga kom heilt uventa, og sjølv dei sentrale personane i ho meinte at det som hende, knapt var til å tru.

– Stort

Predikanten det starta med, Arthur Robertsen, talte og leia sangteamet i møta.

– Det er så ein må klype seg i armen, seier han etter å ha lese Nordgaard si bok om det han sjølv var så sentral i.

Geir Norum, styreleiar for bedehuset, seier seg einig.

– Det er stort å ha fått vere med på dette. Det er Jesus som har vore med oss heile vegen, og eg vert audmjuk når eg les om det. Det er veldig flott å ha fått historia oppsummert i ei bok, seier han. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor.

Les meir om vekkinga: Hvor to eller tre er samlet (12. juni 2023), Tror at Gud har en plan på Vigeland (11. mai 2023)

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.