BYGSTAD: Garden Selberg har tre bygningar og 13 dekar fulldyrka jord. FOTO: PETTER OLSEN

Legg arva gard ut for sal

Bildøy bibelskole skal no selja garden dei arva i Bygstad. Marknadsverdien er taksert til 1,8 millioner kroner.

SUNNFJORD: 19. juni kunne sambåndet.no melda at Bildøy bibelskole hadde selt ei leileghet i Oslo for 9,45 millionar kroner. Husværet var del av ein arv som inkluderte ein gardseigedom i Bygstad i Sunnfjord kommune.

– Styret for bibelskulen har bestemt at også garden skal seljast, seier rektor Andreas Evensen til sambåndet.no.

Onsdag 2. oktober kom annonsa ut på eigedomssidene til den digitale marknadsplassen finn.no. Det blir visning på staden 16. oktober.

Småbruk

Garden blir beskriven som eit konsesjonspliktig småbruk, og ny eigar må rekna med personleg buplikt. Eidegomen ligg på Selberg i Bygstad, ikkje langt frå Bygstad Samfunnshus. Sambåndet var på staden ein regntung septemberdag.

– Gudmund Furnes og kona gjorde ein kjempejobb med å rydda innvendig før takstmannen kom på befaringa, seier Evensen.

Ifølgje salsannonsa har det ikkje vore drift på bruket sidan 1980-talet. I rapporten slår takstmannen fast at eigedommen ikkje har ressursgrunnlag for tradisjonell landbruksdrift. Men bygningane ligg med gangavstand til barnehage, skule og butikk og med 20 kilometer avstand til arbeidsmarknaden i Førde.

– Attraktiv

– Småbruk med så sentral plassering er attraktive og har hatt stabil marknadsintersse, peikar takstingeniør Bjarte Roska på.

Tunet, som ligg i ei sørvendt helling, er utbygd med bustadhus, driftsbygning og eldhus. I tillegg er det eit eldre stølshus på Yndestadstølen.

I taksten på 1,8 millionar er det bustadhuset, frå om lag 1920, som dominerer med ein marknadsverdi på 1,3 millionar kroner. Driftsbygninga blir prisa til 120.000, medan eldhuset og stølshuset ikkje vert tillagt nokon pengemessig verdi i rapporten.

Arealet ligg i ein teig frå elva Lona i dalbotnen og opp til felles fjellmark om lag 370 meter over havet. FOTO: PETTER OLSEN

Ikkje odel

Areala består av 13 dekar fulldyrka jord og 14,6 dekar innmarksbeite. Dette er prisa til 90.000 kroner. Skogsmarka, beståande av lauvskog og gran, er på til saman 114 dekar og har fått ein verdi på 130.000 kroner. Jaktrett på hjort er taksert til 20.000. Gardstun med tomtetekniske installasjonar er verdisett til 150.000 kroner.

Jorda som er dyrka, ligg i kupert terreng sør for tunet. Innmarksbeite og skogsmarka ligg i bakkane og lia nord for tunet.

Eigedomen blir selt frå dødsbuet til Bjørg Ingrid Selberg. Det var ikkje odel på småbruket. Ein eigedom blir først rekna som odlingsjord når full- eller overflatedyrka jord er over 35 dekar eller det produktive skogsarealet er over 500 dekar.

Forvaltning

Bildøy bibelskole ligg dermed an til å få over 11 millioner kroner i ekstraordinære inntekter som resultat av denne eine arven. Når det gjeld forvaltninga, ser bibeskulestyret for seg ei firedeling. Den største andelen skal gå til konkrete investeringsbehov i bygg og anlegg, nummer to er konkrete tiltak knytta til merkevare og omdømme. Ein tredje del kan gå til støtte til enkeltpersonar eller grupper, og den siste delen skal setjast av til økonomisk buffer for skulen.

Også publisert i veke 40: Fortel om vekkinga på Vigeland i bokform (02.10.24) Dette er Plussreisers nye strategi (01.10.24).

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.