HARDANGER: MIsjonseigde Framnes kristne vidaregåande skule ynskjer å gi plass til 18 fleire elevar. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV
Framnes vil auke elevtalet
Framnes kristne vidaregåande skule stangar i taket og har søkt om å få utvida det godkjente elevtalet frå 270 til 288.
Framnes KVGS er eigd av Indremisjonssamskipnaden (IMS) og ImF sentralt. Skulen har i dag 274 elevar, noko som er rekord.
15. august fekk Utdanningsdirektoratet (Udir) søknad frå rektor Harald Voster om å få utvida det antal elevar som gir grunnlag for statstilskot, med 18. I dag er dette talet til 270.
Utvida internat
Skulen har programområda Idrettsfag og Studiespesialisering. Rektor søkjer om å få utvida med seks elevar på Idrettsfag – 96 til saman – og 12 elevar på Studiespesialisering – 192 til saman.
– Me har utvida internatet til å kunne ta imot 253 elevar. I tillegg ønskjer me å kunne ta imot elevar som bur på hybel i nærmiljøet eller heime, skriv Voster i grunngjevinga for søknaden.
Fleire vil gå på Framnes
Rektor viser til at Framnes KVGS har hatt jamn og god søknad i fleire år.
– Dei siste åra har det vore ei auke i søknadstalet til skulen, og fleire enn før takkar ja til plass. Dette fører til større konkurranse om plassane, og me stangar lettare i taket på den noverande maksimumsgrensa, peikar Voster på.
Lettare å koma inn
Samtalar med søkjarar og foreldre gir skulen inntrykk av at mange er leie seg for at ein ikkje får plass.
– Ved å auke elevtalet vil me kunne ta inn fleire elevar som no ikkje har gode nok karakterer til å koma inn. Det vil også vera lettare å unngå at me sprengjer det talet på elevar som skulen er godkjent for, skriv Harald Voster i søknaden.
Det kan ta minst eitt år før søknaden er ferdig handsama.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!