VINDAFJORD: Nye Vågen bedehus ligg sentralt plassert i Ølensvåg og skal romma aktivitetar for store og små i åra som kjem.
Nytt bedehus står ferdig i Ølensvåg
18.-20. oktober er det opningshelg for nytt bedehus til 25 millionar kroner i Ølensvåg i Nord-Rogaland.
Det gamle bedehuset i Ølensvåg har i lang tid vore både for gammalt og for lite.
— Det var over 110 år gammalt og svært modent for utskifting, seier Leif Thorsen, styreleiar for Vågen bedehus, i ei pressemelding.
Bedehusfolket i Ølensvåg har hatt tankar om nytt bedehus lenge. I mange år var det mangel på ei tenleg tomt som gjorde det mest utfordrande.
Vedtak
— I februar 2023 vedtok årsmøtet bygging av nytt bedehus. Men i over ti år har me samla inn pengar til nytt hus, gjennom blant anna ei årleg julemesse og fast givarteneste, held Thorsen fram.
Sambåndet skreiv om bygginga i nr. 7/23 (som kom ut 18. oktober i fjor) og på sambåndet.no 17. desember 2023.
I oktober 2024 er altså nye Vågen bedehus ferdig – sentralt og godt synleg plassert i Ølensvåg, like ved barneskulen og bygdesenteret i bygda.
Forsamling
Den viktigaste brukaren til bedehuset er Vågen bedehusforsamling med rundt 115 medlemmer. Her har aktiviteten vore aukande dei siste åra. Det er fleire år sidan denne flokken vaks seg ut av det gamle bedehuset. På føremiddagsmøta her kan det koma opp mot 150 personar. På grunn dette har storsamlingane blitt haldne på bygdesenteret dei siste åra.
Den nye storstova på 500 kvadratmeter rommar både møtesal, stove, grupperom, kjøken og loft. Det meste på eitt plan. Huset kan også leigast av andre aktørar som treng tenlege lokale til forskjellige arrangement.
Finansiering
Prislappen på huset er 25 millionar kroner, to millionar meir enn det Sambåndet har skrive om tidlegare. Tidlegare innsamla pengar syter for 13 millionar, medan dei siste 12 blir finansiert gjennom lån.
Forholdsvis lite av arbeidet er gjort av frivillige, men noko dugnad har det blitt likevel, blant anna planlegging og prosjektstyring, montering av kjøken og anna inventar, teknisk arbeid, noko utearbeid og utvask.
Gåver
— I løpet av byggeperioden har me fått mange små og store gåver til bedehuset. Til saman utgjer dette fleire millionar kroner, noko som me ikkje hadde budsjettert med. Mykje har også lagt seg til rette slik at me ikkje berre får nytt hus, men også eit fantastisk flott område rundt i tilknyting til skule og bygdesenter, avsluttar Leif Thorsen.
Helga 18.-20. oktober blir det opningshelg med variert program. Fredag kan ein få med seg temasamling om å byggja levande fellesskap, laurdag blir det konsert med koret Voice of Joy og søndag opningssamling for både store og små.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!