Har tru på kristendomen si positive kraft
Kristne kjenner seg misforstått og marginalisert, men meiner framleis at trua er ein viktig positiv kraft i samfunnet, ifølgje amerikansk undersøking.
I ei fersk undersøking gjennomførd av The Barna Group i USA kjem det fram at dei fleste kristne ser på trua og kristendomen som ein avgjerande viktig og positiv kraft. Likevel kjenner mange seg marginalisert og forfølgt i eit stadig meir sekularisert og anti-kristelig samfunn.
Ifølgje CBN News blei undersøkinga gjennomførd som ein del av forarbeidet til David Kinnaman si nye bok «Good Faith», som utforskar korleis truande menneske ser på seg sjølv og trua si i dagens kultur.
Undersøkinga viser at
- 54% av dei spurte kjenner seg misforstått når dei lever ut trua si i dagens verda
- 52 % svarte at dei kjenner seg forfølgt
- 44% kjenner seg marginalisert
- 38% kjenner seg fortagde
- 31% er redde for å seie meininga si
- 23% er redde for å dumme seg ut.
Konfliktar knytte til religion i Noreg
Ifølgje forskar Pål Ketil Botvar i Kifo, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking, er det ikkje gjennomførd tilsvarande undersøking i Noreg.
– Men i 2014 gjennomførde Kifo ei undersøking blant 1000 vidaregåande elevar i Oslo-området som viste at 10 % opplever at dei ofte blir diskriminerte på grunn av tru/livssyn, og 22 % svarte ofte/nokre gonger. Det er særleg medlemer av kristne og muslimske minoritetsreligionar som opplever dette. Konfliktar knytte til religion er meir vanlege enn konfliktar knytt til kjønn og sosial status, seier Botvar til KPK.
Undersøkinga frå 2014 viser at
- nesten halvparten (49%) av ungdomane opplever at det ofte oppstår konfliktar mellom ulike livssyn i det norske samfunn.
- Det er færre som opplever konfliktar knytte til kjønn (26 %) eller mellom fattige og rike (27 %).
Ser positivt på eiga rolle
Trass i kjenslene av å vere misforstått og marginalisert viser den amerikanske undersøkinga at mesteparten av dei truande framleis ser på kristendomen og trua som ein forkjempar for det gode og primært eit positivt bidrag til samfunnet.
- Heile 98% av dei evangelikalske kristne i undersøkinga tyder trua som ein forkjempar for det gode.
- 93% meiner dei som truande er essensielle for samfunnet.
– Sjølv den hos den minste prosenten av kvart trussegment som er representert her, meiner nesten 9 av 10 (88%) at trua er ein forkjempar for det gode, skriv Barna Group på nettsidene sine.
Under press
David Kinnaman, som er president for The Barna Group og hovuddesignar og analytiker for undersøkinga, tolkar undersøkinga til at truande er under stort press.
– Det er ei felles oppfatning om at kulturen i samfunnet er i ferd med å vende seg mot religiøs overtyding. Truande menneske begynner å kjenne effekten av denne veksande opposisjonen på konkrete måtar, seier han på Barna Group sine nettsider.
Trua si positive rolle
Kinnaman synest likevel ikkje situasjonen er heilt svartmåla:
– Det er oppmuntrande å sjå kor mange kristne som framleis kjenner optimisme om den positive rolla trua kan spele i samfunnet i dag. Så det er naturleg at kristne kjenner seg frustrert når dei tenkjer dei har noko som er så bra for verda som endar opp med å bli marginalisert.
Krympar trua
Kinnaman ser ein tendens blant kristne til anten å svare på denne situasjonen ved å tvinge trua si inn i sekulære rammer eller krympe trua til noko privat.
Les òg: Deler trua på Facebook
– Men å leve med god tru er den sanne vegen vidare inn i ei usikker framtid. Dette betyr å vere Guds folk, som gjennom krafta i den Hellige Ånd som verkar i oss, hjelper verda og menneska i den til å blomstre, avsluttar Kinnaman. KPK