FESTIVAL: David A. Østby kjem til Jærgårds for andre gong. FOTO: Jærgårds
Vurderte å avlysa, men det blir Jærgårds
Den kristne familie- og ungdomsfestivalen Jærgårds på Klepp vert arrangert trass i koronarestriksjonar og svenske artistar som har trekt seg.
Festivalen vert i år arrangert for tredje gong på Kleppeloen i Rogaland. Datoen er 22. august. Årets versjon har vore spesielt utfordrande å planlegga, fortel arrangørane i ei pressemelding. Det er Skjærgårds Live Jærgårds, organisert som ei foreining, som står bak festivalen. Dei samarbeider med Klepp kommune, lokalt næringsliv og ei brei gruppe av lokale kristne forsamlingar.
– Uvissa som har prega koronaåret 2020, har vore vanskeleg å forholda seg til. Stadige endringar, restriksjonar på publikumskapasitet og dessutan reiseråd har gitt oss mange utfordringar, fortel festivalsjef Jan-Gunnar Haraldseid, som òg er styreleiar for arrangørforeininga.
Han skriv at Jærgårds, som mange andre kulturarrangørar, har vurdert å avlysa årets festival fleire gonger.
– Men då vi såg at vi ville klara gjennomføringa økonomisk, og vi såg alle barn og unge som har stått utan kulturtilbod i heile år, så ville vi ikkje gi opp, seier han.
Ingen svenske artistar
To av trekkplastera på årets festival var dei svenske artistane Samuel Ljungblahd og LIN D. Desse konsertane blir det ikkje noko av.
– Dessverre har dei svenske artistane våre valt å trekka seg frå festivalen, på grunn av smittesituasjonen og eit uoversiktleg karantene-regime, fortel festivalsjefen.
Han legg til at dei som har kjøpt billettar til desse konsertane, vil få tilbake pengane fortløpande.
Støtte frå kyrkjelydane
Sjølv om festivalen blir noko forskjellig i år, med færre folk, mindre stands og festivalliv, lovar arrangørane like fullt fantastiske musikkopplevingar på Jærgårds.
– Med solid støtte frå kyrkjelydane i området er vi glade for å kunna presentera eit festivalopplegg som verkeleg held høg standard. Teknisk blir det ikkje kutta ned noko på årets festival, og artistane som kjem, stod på toppen av ønskelista for i år, fortel dei.
Til sambåndet.no fortel festivalsjefen at det i år blir ny aktør som skal ta seg av matsalet:
– Ungdomslaget på Kleppe bedehus vil stå for det i år, seier Jan-Gunnar Haraldseid.
På kalenderen sin har bedehuset ført opp Jærgårds som eit arrangement for «heile huset».
Vanlegvis blir det selt berre heildagsbillettar til festivalen, men i år må Jærgårds dela opp dagen i enkeltkonsertar.
Søndagsskulen, elektro og lovsong
Etter ein eigen konsert for konfirmantane i nærområdet på fredagen, startar sjølve festivaldagen med to familiemøte der Søndagsskolen bidrar med Kristin Eide og Helga Fykse – og Maskoten Gulliver kjem òg. På desse møta vil Vetle Jarandsen leia lovsongen. Han er lovsangsleiar, produsent og låtskrivar med base i Filadelfiakirken Oslo.
DJ-duoen i Jesus loves Electro (JLE) kjem frå Oslo for å spela på Jærgårds for første gong i år. Gruppa har opptredd på dei fleste største festivalane i Europa og også i Sør-Amerika dei siste åra.
– Dette blir endå eit definitivt høgdepunkt for ungdommen. Dei som har opplevd JLE tidlegare, veit kva eg snakkar om, gliser Haraldseid.
Lovsangsleiar og låtskrivar David A. Østby kjem til Jærgårds for andre gong. Han avslutta Jærgårds i 2018.
– Vi gleder oss enormt til denne avslutninga av kvelden. Eg får gåsehud av å tenka på avslutningskonserten i 2018. Ei fantastisk oppleving, rett og slett, mimrar festivalsjefen. KPK