VIL VISE FRAM TROEN: Arrangørene bak Jærgårds håper festivalen kan bidra til å vise fram hva de tror på til flere enn de kristne. Deler av arrangørkomiteen (f.v) Oddvin Linjord, Ole Martin Selle Ulvang, Festivalsjef Jan-Gunnar Haraldseid , Nils-Ove Støbakk, Linn Rettedal Haraldseid og Ole Andreas Gilje Rossavik ved Kleppeloen der Jærgårds arrangeres på lørdag. FOTO: Jærgårds

Kommune støttar kristen festival

Både festivalsjefen og kultursjefen i kommunen trur ein ny kristen festival òg kan trekkja folk som vanlegvis ikkje er aktive i kristne samanhengar.

Familie- og ungdomsfestivalen Jærgårds, som er eit tverrkyrkjeleg prosjekt i samarbeid med Skjærgårds Live, Klepp kommune, lokalt næringsliv og kyrkjelydar i området, går av stabelen for første gong laurdag 18. august i Kleppeloen på Jæren.

Festivalsjef Jan-Gunnar Haraldseid er overraska over kor mange som har kjøpt billett på førehand.

– Vi har selt rundt 300 billettar og er veldig nøgd med pågangen. Det har vore gøy å sjå så stor mobilisering og oppslutning i dei lokale kyrkjelydane, seier han.

Haraldseid fortel at det kjem folk frå heile Rogaland til festivalen, men han er mest spent på kor stor deltakinga vert blant dei lokale innbyggjarane, særleg blant dei som ikkje er aktive i kristne samanhengar til vanleg.

– Vi er spent på kor mange, både kristne og ikkje-kristne, som dukkar opp fordi det er noko som skjer. Det er fint å ha eit tilbod i lokalmiljøet der vi på ein god måte kan visa fram kva vi trur på, seier han.

Positive lokalfolk

Jærgårdssjefen fortel at dei har fått mange positive tilbakemeldingar både frå einskildpersonar og lokale samskipnader utanfor kristenlivet.

– Tilbakemeldingane og oppslutninga rundt Jærgårds har vist at det er mange som har ei røynsle med kristen tru og er positive til det arbeidet som skjer utan at dei sjølv er aktive til vanleg, seier festivalsjefen, som håpar nokon av desse kan motiverast til å ta steget vidare inn i aktivt kristenliv.

– Vi er spent på kor mange av desse som kjem og synest det er gøy å sjå at fleire av dei allereie har bestilt billettar, seier han.

Klepp kommune har òg vore positive til satsinga. Dei har gjeve økonomisk tilskott og har hjelpt til med å gjera Kleppeloen tilgjengeleg for arrangementet.

–  Vi synest det er viktig å stø opp om initiativ frå lokale innbyggjarar som vil skapa noko positivt for mange i kommunen, seier kultursjef Ulf Ludvigsen i Klepp kommune.

Han fortel at å ha ein slik festival tyder mykje for dei mange kristne innbyggjarane i kommunen, men òg andre.

– Kjernepublikummet her er sjølvsagt dei som har ei tilknyting til kyrkjer eller bedehus, men eg trur eit slikt arrangement òg kan ha ein appell for andre, seier Ludvigsen.

Har tru på å samla

Haraldseid fortel at prosessen med å få i gang Jærgårds har vore lang.

– Det er ei lita gruppe menneske og eg som har drege dette i gang og står sjølv i stor grad med den økonomiske risikoen. Vi har vore usikre og bede mykje, fortel han.

Arrangementet har mobilisert kristenfolket på Klepp på tvers av kyrkjesamfunn og tilhøyrsle.

– Vi har trua på å samla kristenfolket på tvers av forsamlingsformar. Det kan vera godt å sjå at vi er ein del folk, særleg for dei frå mindre forsamlingar, seier Haraldseid.

I tillegg til eit stort felleskor som samlar alle Soul Children kor i Rogaland, har eindagsfestivalen fått med seg lovsongsartistar som Jarle Waldemar, Impuls Stavanger, rapparane Sowdiak og GinoBless, David André Østby og det engelske bandet LZ7 .

– Vi er veldig glade for at LZ7 kjem til Jærgårds. Dei er etter mi meining det beste kristne bandet i Europa for tida. Dei spelar på dei aller største festivalane og her hos oss, seier festivalsjefen nøgd. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.