Frykt for å bli underleverandør til Kyrkja
Frivillige kristne organisasjonar fryktar dei blir underleverandører til Den norske kyrkja på grunn av trusopplæringsreforma, viser ny rapport.
Trusopplæringsreforma representerer ei profesjonalisering av lokalt kristent barne- og ungdomsarbeid i Den norske kyrkja, ved opprettinga av ei mengd nye stillingar på eit felt som tidlegare har vore dominert av frivillig innsats.
Stiftelsen Kirkeforskning (Kifo), som over ein fireårsperiode skal forske på trusopplæringsreforma, har i den siste rapporten intervjua ei rekkje frivillige kristne organisasjonar for å kartleggje kva for konsekvensar reforma har for deira barne- og ungdomsarbeid.
I rapporten ser Kifo nærmare på forholdet mellom trusopplæringsreforma og det arbeidet dei frivillige kristne organisasjonane driv, kor mykje ein samarbeider og kva ein samarbeider om, og korleis organisasjonane sjølv opplever at trusopplæringssatsinga påverkar arbeidet deira.
Viktig samarbeid
I rapporten kjem det mellom anna fram at det vert samarbeidd mykje om leirverksemda gjennom at trusopplæringa i Den norske kyrkja brukar frivillige kristne organisasjonars leirstader og leiropplegg.
– Desse organisasjonane har bygd opp eit nettverk av leirstader rundt om i landet som er godt eigna til trusopplæringsreforma. Trusopplæringa har ikkje denne støttefunksjonen, og ein nyttar seg derfor av organisasjonane sine plassar, seier Olaf Aagedal som er ein av forskarane bak rapporten.
Han seier mange organisasjonar opplever samarbeidet som velkome fordi det kjem nye brukarar inn.
– Det er inga hemmelegheit at mange organisasjonar slit med økonomi til å drifte leirplassane sine. I tillegg har mange av leirstadene behov for oppgraderingar, og fleire organisasjonar diskuterer nedlegging og sal, seier Aagedal til KPK.
Erstattar frivilligheit
Men sjølv om kristent barne- og ungdomsarbeid har fått ei kraftig ressursinnsprøyting gjennom reforma, viser rapporten at den ikkje er utan sine utfordringar for organisasjonane.
Ei av utfordringane som rapporten påpeiker, er at felt som tidlegare var basert på frivilligheit, får så mange stillingar. I 2013 utgjorde 671 stillingar med til saman 308 årsverk mykje av det som tidlegare var basert på frivillig arbeid. Samstundes set trusopplæringa i gang mange tiltak som krev ny frivilligheit.
– Det dukkar opp spørsmål ved organisasjonanes eige rekrutteringsarbeid, og at ein i denne situasjonen ikkje i tilstrekkeleg grad vil ivareta vidare rekruttering og identitetsbygging i eigen organisasjon, seier Aagedal.
Underleverandørar
For det andre uttrykkjer nokre av organisasjonsrepresentantane frykt for å ende opp som underleverandørar til Den norske kyrkjas trusopplæringsarbeid.
– Det å drive barne- og ungdomsarbeid er ein måte for organisasjonar å vidareføre arbeidet sitt på. Gjennom dette arbeidet oppdreg ein barn og ungdom til ansvar og leiarroller i organisasjonen. Nokre er derfor redde for at dette skal gå utover organisasjonanes eigen identitet, seier Aagedal.
Skeptisk til breiddesatsing
For det tredje vert det i rapporten uttrykt skepsis mot profilen til trusopplæringsarbeidet, som vert oppfatta som ei breiddesatsing.
– Organisasjonsrepresentantar hevdar at dette kan gå på kostnad av det kontinuerlege arbeidet, som er nødvendig for å utvikle kristen tru og identitet, seier Aagedal. KPK