Tag Archive for: myrkdalen

VOSS: Bustadane i Helgatunlia (øvst til høgre) blei marknadsførte med nærleiken til skitrekket i Myrkdalen. Bildet er frå 2022. FOTO: PETTER OLSEN

Saksøkt av gigant-nabo – vann i retten

Tilhøvet mellom misjonseigde Helgatun Fjellpensjonat og den stadig veksande naboen i Myrkdalen skulle ikkje bli så enkelt likevel.

I førre nyhetsbrev, nr. 6/26, kunnde du mellom anna lesa om at misjonseigde Lyngmo Ungdomssenter er del av eit europeisk gruppesøksmål mot Booking.com. I dette brevet kan me fortelja om at ein av kretsane i ImF sjølv vart saksøkt for millionbeløp.

I ei rettssak i Hardanger og Voss tingrett 1.-2. oktober i fjor kravde det nasjonale reiselivsselskapet Norway’s Best 3,5 millionar kroner av Indremisjonssamkipnaden (IMS), som eig Helgatun Fjellpensjonat i Voss kommune ved foten av Vikafjellet.

Bakgrunnen var bygginga av 72 leilegheiter i Helgatunlia ovanfor fjellpensjonatet.

Norway’s Best er eigd av Norway’s Best Group, som har ei årsomsetjing på 850 millionar kroner.

Naboskap

I Sommarmagasinet i 2013 (07/13) skreiv Sambåndet at Helgatun Fjellpensjonat lenge låg aleine i Myrkdalen, men at det no var i gong ei storstilt privat utbygging i området.

Dåverande styreleiar for fjellpensjonatet var trygg på at Helgatun kunne leva godt med den stadig veksande fjellandsbyen like ved dørane deira. Slik var det då også fram til utbygginga av Helgatunlia starta.

Myrkdalen

Norway’s Best overtok i 2021 Myrkdalen Fjellheiser AS, som over mange år har stått for utbygging og drift av skisenter, hotell og eigedomsprosjekt i Myrkdalen i Voss herad.

Tingretten skriv at Norway’s Best har utvikla og selt 750-800 fritidsbustadar i området, og at selskapet har ei ramme for utbygging på inntil 2000 einingar.

Helgatun

10. august 2010 blei det inngått ein avtale mellom Myrkdalen Fjellheiser AS og IMS i samband med etablering av taubanen som fekk namnet Helgatuntrekket. Dette ligg like ved Helgatun. Trekket blei etablert for å sikra tilkomst til hovudheisen i skianlegget i Myrkdalen i dårleg ver, og delar av traseen blei lagt over IMS sin eigedom.

Avtalen regulerer rettar og plikter knytta til etablering og drift av det nye skitrekket. IMS skulle avstå grunn, og det blei også avtalt at kundane til Myrkdalen Fjellheiser kunne nytta parkeringsplassen til fjellpensjonatet mot at selskapet sto for brøyting.

«Kan»

Tvistepunktet i saka er fylgjande formulering i avtalen: «Ved eventuell utbygging og salg av hytter eller leiligheter på IS (IMS, red.anm.) sin eiendom, er partene enige om at det kan forhandles med intensjon om at IS yter et kontant tilskudd pr. solgte boenhet til videre utbygging av servicetilbudene, skianlegg og annen infrastruktur i området.»

Nærmere vilkår skulle eventuelt regulerast basert på mønsteret i ein avtale mellom Myrkdalen Fjellheiser og Vossestrand hotell.

Helgatunlia

I 2020-21 gjennomførte IMS som kjent utbygging av Helgatunlia-prosjektet med 72 leilegheiter. Det vart ein suksess, noko du kan lesa meir om her.

Ifølgje dommen blei dei marknadsført med «ski in – ski out» og direkte tilgang til Myrkdalen skisenter via Helgatuntrekket.

Krav

I desember 2021 tok Norway’s Best initiativ til eit møte med leiinga ved Helgatun Fjellpensjonat for å drøfta spørsmålet om økonomisk tilskot.

Partane blei ikkje einige, og 22. april 2024 kravde Norway’s Best anlgeggsbidrag på om lag 3,7 millionar kroner. IMS avviste kravet, og Norway’s Best tok ut stemning for tingretten.

Nytte

I retten viste Norway’s Best til avtalen og argumenterte også med at Helgatunlia-prosjektet «har hatt betydelig nytte av Helgatuntrekket, som gir direkte tilbang til skianlegget og har bidratt til økt verdi for boligene».

Kravet var på 64.840 kroner per bustad i Helgatunlia, maksimalt 3,5 millionar kroner.

«Uforpliktende»

Tingretten viser i si vurdering til at begge partane hadde juridisk bistand då dei inngjekk avtalen i 2010. Formuleringa «kan forhandles» i avtalen er, slik retten ser det, «klart uforpliktende», og domaren meiner at setninga «ikke binder noen av dem til å yte tilskudd uten at det inngås en egen avtale».

Dermed blei IMS frifunnen for kravet om inntil 3,5 millionar kroner.

Advokatutgifter

Norway’s Best hadde også kravd at IMS skulle betala sakskostnadane deira på heile 621.250 kroner.

Tingretten konstaterer at IMS «har fått medhold fullt ut og har vunnet saken». Retten vurderer det også slik «saken har ikke reist prinsipielle rettsspørsmål». Utgangspunktet då er at den tapande parten må betale både eigne og motparten sine «nødvendige sakskostnader».

Slo av

Retten meiner begge advokatane har brukt for mange timar på saka. Norway’s Best blei dermed dømt til å betala 400.000 av kostnadane til IMS på totalt nesten 515.000 kroner.

Dommen er ikkje anka.

Byggestart: Klar, ferdig, grav. Går alt etter planen, vil gravemaskinene spa grunnen fremst i biletet frå 1. august. 74 nye leiligheter skal på plass før våren 2022. FOTO: MAGNUS HISDAL/HARDANGERFJORD MEDIA

Helgatunlia slår an

Formannskapet på Voss sa ja like før jul. Torsdag denne veka gjorde kommunestyret det same. 25 kjøparar har allereie meldt si interesse. Helgatunlia tek form.

– Ja, det har vore ei voldsom interesse heile helga, seier Odd Inge Austevoll, prosjektleiar for den storstilte utbygginga ved Helgatun fjellpensjonat. 74 nye bu-einingar er planlagt, tett på Myrkdalen fjellandsby, ein av dei mest i ekspansive ski-metropolane i Norge. Saka er tidlegare omtale på sambåndet.no og i tema-delen av Sambåndet 06-2017.

Austevoll starta som prosjektleiar 1. februar, same dag som interesselistene vart lagt opne på helgatunlia.no. Berre få dagar etter stod 21 namn på lista over interessenter, både privatpersonar og bedrifter. Det oppdaterte talet per 15. februar, er 25. Og som ein kuriositet, reguleringsplanen var i same perioden den mest leste saken på Voss kommune sine heimesider i 2019.

Motsegn
Planene har vore under arbeid i fleire år, og då årsmøtet i Indremisjonssamskipnaden fekk planane på veggen våren 2017, vakte dei stor begeistring blant misjonsfolket. Men å byggja nyhus i fjellheimen krev planlegging, og mange steinar må lukast or vegen før ski kan spennast på. No er ein viktig milepel passert: detaljreguleringsplan for prosjektet. Den har tatt meir tid enn tenkt.

– Det tar alltid litt tid når det vert motsegner til planen, seier Austevoll.

Dei fleste motsegnene var av formell art, men når Fylkesmannen brusar, lyttar planfolket.

– Motsegna frå Fylkesmannen handla om høgda på bustadane. Det var for så vidt gode innspel som me tok med oss vidare og etterkom.

Knapp tid
Planen vart klubba igjennom i kommunestyret torsdag 14. februar etter ein viss diskusjon om skibrua som er ein del av prosjektet. Vedtaket betyr nå full fart framover for prosjekt Helgatunlia. Tida er knapp fram mot 10. april, den neste fristen prosjektgruppa har sett. Då skal alle papir, planar og avtalar for grunnarbeidet vera på plass og levert til naboane for innsyn. Når dei tre vekene med nabovarsel er omme, går byggesøknaden til kommunen. Seinast tre månader etter dette må saken vera ferdig handsama frå embetsverket.

– Me har ikkje meir enn tid og veg, men går dette som tenkt, startar me grunnarbeidet 1. august.

Fleire etappar
Fyrste byggetrinn er grunnarbeidet. Det vil pågå i tre månadar før vinteren tvingar fram ein pause. Når frosten slepp taket i mai, startar bygginga av dei fyrste seks husa med plass til 42 leilegheiter. Dei skal stå klare vinteren 2021. Dei 32 neste skal vera klar året etter. Prislapp for å få seg eit krypinn, er ikkje fastsett, men basert på prisane lengre oppe i bakken, vert det anslått ein minstepris på 3,6 millionar kroner.

– Det er inkludert garasje og skibod, seier Austevoll.

Dei 25 interessentane er berre starten, trur Austevoll, men prosjektet har så høg tomteverdi at det ikkje avhenger av forhåndssal for å få byggjelån.

– Men no er tida for å hiva seg med, for dei som vil. Visjonen vår er å skapa eit miljø rundt Helgatun med både gudstenester, søndagsskule, ungdomstreff – ja, ei slags fjellkyrkje som ikkje finnes her i Fjellandsbyen i dag, seier Odd Inge Austevoll.

Helgatun i dag. Nye Helgatunlina kjem i fremre kant av biletet. Foto: Magnus Hisdal, Hardangerfjord Media