Tag Archive for: Verdialliansen

ÅTVARAR: – Ein lyt utfordre folks homofobi. Sjølv om folk «trur rett», betyr ikkje det at dei gjer det med rett motiv, seier Olof Edsinger. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Må utfordra folk sin homofobi

Olof Edsinger har ei oppmoding til prestar og pastorar: – Snakk om samlivsetikk i kyrkjelyden, elles vil folk berre høyra på dei sekulære predikantane.

Svenske Edsinger er ein av talarane under Disippel 2023 i Salemkirken i Oslo i helga (sjå faktaboks) med lengre innlegg både fredag og laurdag. Fredag strøymde folk til i høgare tal enn arrangørane hadde sett føre seg. Ved konferansestart var det 330 påmelde, mange av dei etternølarar.

På fredagen heldt Olof Edsinger innlegget Identitet, seksualitet og postmoderne tenkning. Hva er vår respons?, medan talen laurdag heiter Å være kristen menighet i en regnbuefarget kultur.

Pastorale råd

Til Kristelig Pressekontor røper han litt av innhaldet frå laurdagsinnlegget. Der gjev han ein del råd til pastorar og prestar. Eitt av dei lyder:

– Ikkje unngå emnet. Om vi aldri talar om samlivsetikk, kjem folk berre til å høyra på dei sekulære predikantane.

Teologen er til dagleg generalsekretær i det evangelikale nettverket Svenska Evangeliska Alliansen (SEA). Spørsmål som har med ekteskap og familie å gjera, er eit av SEA sine viktigaste emne. Edsinger har lenge teke del i debatten om kjønn og seksualitet og mellom anna skrive boka Når minoriteten tar majoriteten som gissel – Om identitet og seksualitet i en skeiv tid.

Her er nokre fleire av dei pastorale råda hans:

  • Dei mest brennande spørsmåla passar betre på eit kyrkjelydsmøte enn på sundag føremiddag.
  • Unngå doble standardar. Det vert vanskeleg å markera seg truverdig mot samkjønna relasjonar om ein ser sambuarskap som heilt og haldent uproblematisk.
  • Skill mellom legning og handling. Homofili er ein identitetsterm. Snakk heller om samkjønna sex.
  • Unngå å snakka om «læking» [av homofili]. Gud er stor nok til å forandra også den seksuelle tiltrekinga vår, men normalt ser det ut som om han er meir innstilt på å hjelpa oss med å vandra på den smale vegen med freistingane og begjæret vårt.

– Ein lyt utfordra folk sin homofobi. Sjølv om folk «trur rett», tyder ikkje det at dei gjer det med rett motiv. Vi skal avvisa samkjønna sex fordi det bryt med skaparordninga, ikkje fordi vi tykkjer det er ekkelt, meiner han.

– Narsissistisk kultur

Edsinger har fleire tankar om kvifor identitetstekinga, ikkje minst den som er knytta til  kjønn, er så sterkt framme i vår tid. Dette snakka han om i Salemkirken fredag.

Han meiner årsaka delvis kan knyttast til det han kallar «den narsissistiske kulturen», som mellom anna inneber at mange individ, og særleg ungdom i det moderne Vesten, har ei veldig sterk trong til å bli bekrefta.

– Det er ikkje tilfeldig at diskusjonen om seksualitet som identitet finn stad no og ikkje for 100 år sidan, seier den svenske generalsekretæren til KPK.

– Kvifor er dette er så sterkt framme i vår tid?

– Det skuldast mellom anna dei endringane som har skjedd gjennom oppløysinga av det gamle bondesamfunnet. Der var det tydelege tradisjonar og definerte roller. Alle visste kva posisjon dei hadde i den store heilskapen. Urbaniseringa og indstrialiseringa ga heilt nye føresetnader for tenkjinga om dette, meiner Edsinger.

Digitaliseringa og inntoget til den virtuelle røynda har forsterka ein tendens som seier at individet sjølv kan og må definera kven det er, fordi omgjevnadene ikkje naudsynlegvis gjer det.

– Når alt heile tida flyt, er det einaste ein kan ta kontroll over, seg sjølv. Før var det sjølvsagt kven ein var, men ikkje no lenger, seier Edsinger.

Han trur unge i vår tid har det langt vanskelegare enn foreldra i strevet sitt etter å finne identiteten sin.

GOD FORDELING: – Her er det nøyaktig på promillen like mange påmelde av begge kjønn, konstaterte Øivind Benestad då Disippel 2023 starta. – Det passar godt for oss som er for kjønnskvotering i ekteskapet, spøkte han. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Vanskeleg samtalar

Olof Edsinger observerer og røyner at det er utfordrande å skapa dialog om dette, og han meiner ideologiske oppfatningar om makttilhøve og hierarki er blitt viktigare enn argument og vitskaplege fakta.

– Eg freistar å forstå kvifor samtalane om dette er så vanskelege å føra, seier Edsinger.

Han meiner eit grunnleggjande marxistisk syn på makt har gjort den offentlege samtalen langt vanskelegare på dette feltet, men ser óg at kristne forsamlingar har eit forbetringspotensial. Derfor gir han råd til pastorar og prestar.

– Dette går i begge retningar. Kyrkjelydane kan møta homofile på ein betre måte, men menneske som kjem til ein kyrkjelyd, må óg akseptera at det er mogeleg å sameksistera sjølv om ein ikkje tenkjer likt. Identitetspolitikken gjer at ein forheld seg til éi bestemt gruppe, medan kyrkjelyden skal famna mange ulike grupper. Då kan ikkje éi gruppe, til dømes representantar for LHBTQ-rørsla, krevja at alle dei andre skal endra seg for å møta behovet deira. Her må alle læra seg å skilja mellom sak og person. Når ein hevdar at dette ikkje er mogeleg, tvingar ein fram eit meiningsmonopol. Då har ein ikkje fredeleg sameksistens lenger, men i staden ein terrorbalanse, seier SEA-generalen.

Les også: Når politikk blir frelseren.

– Positivt initiativ

Edsinger er elles glad for Disippel 2023 og invitasjonen til konferansen.

– Dette er eit veldig positivt initiativ, og det er bra at mange ulike organisasjonar og kyrkjesamfunn freistar å ta eit samla grep når det gjeld dei store spørsmåla, ideologiane og verdsbileta ein må kunna noko om for å forstå det som hender, seier han.

Olof Edsinger konstaterer at Sverige ligg noko bak Norge på akkurat dette feltet.

– Kristenheita hjå oss er meir sekularisert og oppgitt og kyrkjene meir splitta internt i Sverige, seier Edsinger, som derfor trur det er eit stykke fram før ein vil sjå ein tilsvarande konferanse i heimlandet. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor

FAKTA

Disippel 2023

  • Ein felleskristen konferanse som vert arrangert for første gong 27. til 28. januar.
  • Temaet er Disippelskap i en kjønnsnøytral tid.
  • Stiftelsen Mor Far Barn er saman med foreininga For bibel og bekjennelse og Verdialliansen hovudarrangørar av konferansen.
  • Fylgjande aktørar er medinnbydarar: Norsk Luthersk Misjonssamband, Indremisjonsforbundet, Ungdom i Oppdrag, Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn, Frimodig kirke, Kvinner i nettverk, Kristent Ressurssenter, Nettverk for menn, Mannsnettverket G300, Kristent Nettverk, Den nordisk-katolske kirke, Den lutherske kirke i Norge og Det evangelisk-lutherske stift i Norge.
  • Konferansen vert halden i Salemkirken i Oslo.

VIL UTVIDE: – Vi er godt nøgde med at vi totalt har 16 arrangørar og medinnbydarar, men det er klart at vi gjerne skulle hatt med endå fleire, seier Øivind Benestad i Stiftelsen Mor Far Barn om Disippel 2023. Foto: Boe Johannes Hermansen.

Lagar møteplass for klassisk samlivssyn

Indremisjonsforbundet er med når ei rad konservative kristne aktørar i januar går saman om konferansen Disippel 2023 med «Disippelskap i en kjønnsnøytal tid» som tema.

– Presset mot bibelsk skapingsteologi og samlivsetikk er formidabelt, og mange kjenner eit sterkt behov for å møtast. Bakgrunnen for at vi arrangerer konferansen, er det store behovet for kunnskap, bevisstgjering, frimot og reiskapar relatert til konferansetematikken. Dessutan ynskjer vi å leggje til rette for nettverksbygging og nye alliansar mellom deltakarane, seier dagleg leiar Øivind Benestad i stiftinga Mor Far Barn til Kristelig Pressekontor.

Han har vore primus motor i arbeidet med å få til samlinga saman med Boe Johannes Hermansen, som er dagleg leiar i foreininga For bibel og bekjennelse (FBB).

16 innbydarar

Stiftinga er hovudarrangør for konferansen saman med FBB og Verdialliansen, og dei har med seg ei lang rekkje medinnbydarar, mellom dei Misjonssambandet, Indremisjonsforbundet, Ungdom i Oppdrag og Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn. I alt står 16 aktørar bak.

Konferansen er lagt til i Oslo den siste helga i januar og har fleire kjende namn på lista over foredrags- og seminarhaldarar. Der står teologen og forfattaren Olof Edsinger, som er generalsekretær i Svenska Evangeliska Alliansen; førstelektor i gresk, Bjørn Helge Sandvei frå MF vitenskapelig høyskole; Jan Bygstad, prest i Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn; Marianne Brattgjerd som er førsteamanuensis ved Fakultetet for sykepleie og helsevitenskap ved Nord universitet og Kjell Skartveit, lektor, kommentator på nettstaden Document.no og politikar for partiet Konservativt. Dessutan kjem sosiologen Gabriele Kuby frå Tyskland og biskop Juhana Pohjola frå Finland.

Skartveit har skrive boka Samlivsrevolusjonen og er den første foredragshaldaren på konferansen med temaet Hvordan radikal kjønnsteori erobret Norge – et overblikk.

Edsinger skal den første dagen snakke om Identitet, seksualitet og postmoderne tenkning. Hva er vår respons? og neste dag om Å være kristen menighet i en regnbuefarget kultur.

Brattgjerd skal ha innlegget «Født i feil kropp»? Medisin og myter i trans-debatten.

Open mikrofon

I invitasjonen som vert sendt ut i desse dagar, vert det opplyst at det etter dei fleste foredraga vert mogeleg å stilla spørsmål og kommentera innlegga for «Åpen mikrofon».

– Opnar de for debatt i vid forstand slik at det kan bli livlige ordskifte av det?

– Dette er ein konferanse for folk som ynskjer å bekjenna og forsvara den felleskristne og bibelske teologien om ekteskap og familie, seksualitet og kjønn. Det finst svært få arenaar med denne vektlegginga, og vi har ikkje noko ynskje om at konferansen skal ha ein nøytral eller upartisk profil. Hensikta med open mikrofon etter foredraga er å gjera det mogeleg med samtale og fordjuping, ikkje diskusjon og konfrontasjon, sieer Benestad.

Han seier det er mogeleg det kjem ein ny konferanse i 2024, dersom Disippel 2023 vert vellukka.

Vil ha med fleire

– Frikyrkjer som Baptistsamfunnet, Pinserørsla, Misjonskyrkja og Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja er ikkje med, og heller ikkje Normisjon. Er det nokre de gjerne skulle hatt med på arrangørsida, som har takka nei?

– Vi er godt nøgde med at vi totalt har 16 arrangørar og medinnbydarar. Men det er klart at vi gjerne skulle hatt med endå fleire, og det vil vi freista å få til neste år, om det vert ein ny konferanse i 2024, seier Øivind Benestad. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor.

Disippel 2023

 

  • Disippel 2023 er ein felleskristen konferanse som vert arrangert for første gong i januar.
  • Temaet er Disippelskap i en kjønnsnøytral tid.
  • Stiftelsen Mor Far Barn er saman med foreininga For bibel og bekjennelse (FBB) og Verdialliansen hovudarrangørar for konferansen.
  • Fylgjande aktørar er medinnbydarar: Norsk Luthersk Misjonssamband, Indremisjonsforbundet, Ungdom i Oppdrag, Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn, Frimodig kirke, Kvinner i nettverk, Kristent Ressurssenter, Nettverk for menn, Mannsnettverket G300, Kristent Nettverk, Den nordisk-katolske kirke, Den lutherske kirke i Norge og Det evangelisk-lutherske stift i Norge.
  • Konferansen vert halden i Salemkirken i Oslo 27. og 28. januar neste år.

SAMVITTIGHET: – Det handler ikke om å tvinge vårt verdisyn på noen, men om kristen samvittighetsfrihet som en menneskerett, understreker Jan Harsem i Verdialliansen. FOTO: PRIVAT

Vil bygge forsvarslinje

Paulus forkynte evangeliet samtidig som han holdt fram borgerrettighetene sine. Det kan vi også gjøre, mener Jan Harsem i Verdialliansen.

Nettverket Verdialliansen (se faktaboks) har engasjert seg i saken om NLA-studentene som nektes praksis ved flere Oslo-skoler på grunn av ekteskapssynet som er nedfelt i NLA Høgskolens verdidokument. Skolene mener dette er diskriminerende overfor homofile.

I et brev som er sendt til utdanningsetaten i Oslo kommune og tre av de aktuelle skolene, påpeker daglig leder Jan Harsem at Verdialliansen ikke er part i den konkrete saken, men at de skriver «på bakgrunn av organisasjonens formål og sakens allmenne interesse og konsekvenser».

«Ikke grunnlag»

«Det er etter vår vurdering ikke grunnlag for å hevde at et verdigrunnlag som formulerer ekteskap og vigsel for én mann og én kvinne som bærende norm, er diskriminerende», skriver Harsem på vegne av nettverkets styre.

I det ni sider lange brevet trekker Verdialliansen fram en rekke dokumenter til støtte for sitt syn, så som Stortingsmeldinger, offentlige utredninger, lovtekster og menneskerettighetene. Deriblant viser de til diskrimineringsparagrafen i straffeloven og mener nektingen av praksisplass for NLA-studenter kan være ulovlig diskriminering som medfører straffansvar.

Konklusjonen i brevet lyder slik: «Oslo kommune v/ Utdanningsetaten må bekrefte, med forpliktelse for samtlige grunnskoler i Oslo, at det ikke er i konflikt med norsk lov eller menneskerettighetene å anse ekteskapet mellom mann og kvinne som bærende norm i samlivsetikken.»

Ideologi

Overfor Sambåndet er ikke Harsem i tvil om at kristne, som i eksempelet med NLA Høgskolen, har det juridiske på sin side.

– Men hvis det offentlige klimaet er sterkt nok og er imot oss, vil det likevel være vanskelig å få gjennomslag. I ytterste konsekvens finnes det ingen objektiv juss utenfor politikken. Dersom jussen skal ha betydning i disse sakene, må noen ta den i bruk, framholder Harsem.

Den daglige lederen mener motstanden mot eksempelvis klassisk kristen samlivsetikk har kommet så langt at det har blitt en sterk ideologisk makt som etablerer et faktum i den norske folkemeningen.

– Man dømmer som diskriminering det man ikke liker, helt uten referanse til menneskerettighetene, sier han.

Skandale

Jan Harsem nevner Nav-skandalen som en parallell, der Nav ikke tok hensyn til EØS-regeleverket og dermed kriminaliserte mennesker uten å ha grunnlag for det.

– Jeg vil kalle det vi nå ser i det norske samfunnet, for en ideologisk Nav-skandale, og i Verdialliansen ønsker vi å være med på å bygge opp en forsvarslinje, sier Harsem og fortsetter:

– Vi må heller ikke undervurdere den endringen som skjer i egne rekker. Det er mange som ikke synes det er så lett å heve røsten sin på dette området lenger, og klassisk kristen etikk kan vise seg å være på vikende front også blant kristne.

Paulus

Harsem er opptatt av at motstanden i samfunnet ikke må føre til at kristne får et selvbilde av at de er dårlige mennesker. – Vi må ikke bli brakt dit at vi skammer oss over verdisynet vårt.

Men for å unngå det må det etableres en kompetent motkultur i samfunnet. – Den delen av mangfoldet som vi representerer, blir utdefinert, selv om det har samme vern i menneskerettighetene, påpeker Harsem.

Og om denne utviklingen får fortsette, er det en fare for at det etter hvert kan påvirke lovgivningen i negativ retning. Harsem viser her til Paulus, som det flere ganger i Apostlenes gjerninger fortelles om at viste til sitt romerske borgerskap.

– Han forkynte evangeliet samtidig som han holdt fram borgerrettighetene sine. Det handler ikke om å tvinge vårt verdisyn på noen, men om kristen samvittighetsfrihet som en menneskerett, understreker Jan Harsem.

Verdialliansen har for øvrig fått to svar på brevet sitt. På vegne av Utdanningsetaten lover juridisk direktør Anita Bergh Ankarstrand å «ta med oss deres synspunkter i det videre arbeidet». Rektor Lene Fosser Minge ved Stenbråten skole skriver at «studentene fra NLA og andre skoler med godkjent lærerutdanning, er varmt velkomne til å søke jobb hos oss. Dette er presisert overfor studentene og NLAs ledelse».