ÅTVARAR: – Ein lyt utfordre folks homofobi. Sjølv om folk «trur rett», betyr ikkje det at dei gjer det med rett motiv, seier Olof Edsinger. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Må utfordra folk sin homofobi

Olof Edsinger har ei oppmoding til prestar og pastorar: – Snakk om samlivsetikk i kyrkjelyden, elles vil folk berre høyra på dei sekulære predikantane.

Svenske Edsinger er ein av talarane under Disippel 2023 i Salemkirken i Oslo i helga (sjå faktaboks) med lengre innlegg både fredag og laurdag. Fredag strøymde folk til i høgare tal enn arrangørane hadde sett føre seg. Ved konferansestart var det 330 påmelde, mange av dei etternølarar.

På fredagen heldt Olof Edsinger innlegget Identitet, seksualitet og postmoderne tenkning. Hva er vår respons?, medan talen laurdag heiter Å være kristen menighet i en regnbuefarget kultur.

Pastorale råd

Til Kristelig Pressekontor røper han litt av innhaldet frå laurdagsinnlegget. Der gjev han ein del råd til pastorar og prestar. Eitt av dei lyder:

– Ikkje unngå emnet. Om vi aldri talar om samlivsetikk, kjem folk berre til å høyra på dei sekulære predikantane.

Teologen er til dagleg generalsekretær i det evangelikale nettverket Svenska Evangeliska Alliansen (SEA). Spørsmål som har med ekteskap og familie å gjera, er eit av SEA sine viktigaste emne. Edsinger har lenge teke del i debatten om kjønn og seksualitet og mellom anna skrive boka Når minoriteten tar majoriteten som gissel – Om identitet og seksualitet i en skeiv tid.

Her er nokre fleire av dei pastorale råda hans:

  • Dei mest brennande spørsmåla passar betre på eit kyrkjelydsmøte enn på sundag føremiddag.
  • Unngå doble standardar. Det vert vanskeleg å markera seg truverdig mot samkjønna relasjonar om ein ser sambuarskap som heilt og haldent uproblematisk.
  • Skill mellom legning og handling. Homofili er ein identitetsterm. Snakk heller om samkjønna sex.
  • Unngå å snakka om «læking» [av homofili]. Gud er stor nok til å forandra også den seksuelle tiltrekinga vår, men normalt ser det ut som om han er meir innstilt på å hjelpa oss med å vandra på den smale vegen med freistingane og begjæret vårt.

– Ein lyt utfordra folk sin homofobi. Sjølv om folk «trur rett», tyder ikkje det at dei gjer det med rett motiv. Vi skal avvisa samkjønna sex fordi det bryt med skaparordninga, ikkje fordi vi tykkjer det er ekkelt, meiner han.

– Narsissistisk kultur

Edsinger har fleire tankar om kvifor identitetstekinga, ikkje minst den som er knytta til  kjønn, er så sterkt framme i vår tid. Dette snakka han om i Salemkirken fredag.

Han meiner årsaka delvis kan knyttast til det han kallar «den narsissistiske kulturen», som mellom anna inneber at mange individ, og særleg ungdom i det moderne Vesten, har ei veldig sterk trong til å bli bekrefta.

– Det er ikkje tilfeldig at diskusjonen om seksualitet som identitet finn stad no og ikkje for 100 år sidan, seier den svenske generalsekretæren til KPK.

– Kvifor er dette er så sterkt framme i vår tid?

– Det skuldast mellom anna dei endringane som har skjedd gjennom oppløysinga av det gamle bondesamfunnet. Der var det tydelege tradisjonar og definerte roller. Alle visste kva posisjon dei hadde i den store heilskapen. Urbaniseringa og indstrialiseringa ga heilt nye føresetnader for tenkjinga om dette, meiner Edsinger.

Digitaliseringa og inntoget til den virtuelle røynda har forsterka ein tendens som seier at individet sjølv kan og må definera kven det er, fordi omgjevnadene ikkje naudsynlegvis gjer det.

– Når alt heile tida flyt, er det einaste ein kan ta kontroll over, seg sjølv. Før var det sjølvsagt kven ein var, men ikkje no lenger, seier Edsinger.

Han trur unge i vår tid har det langt vanskelegare enn foreldra i strevet sitt etter å finne identiteten sin.

GOD FORDELING: – Her er det nøyaktig på promillen like mange påmelde av begge kjønn, konstaterte Øivind Benestad då Disippel 2023 starta. – Det passar godt for oss som er for kjønnskvotering i ekteskapet, spøkte han. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Vanskeleg samtalar

Olof Edsinger observerer og røyner at det er utfordrande å skapa dialog om dette, og han meiner ideologiske oppfatningar om makttilhøve og hierarki er blitt viktigare enn argument og vitskaplege fakta.

– Eg freistar å forstå kvifor samtalane om dette er så vanskelege å føra, seier Edsinger.

Han meiner eit grunnleggjande marxistisk syn på makt har gjort den offentlege samtalen langt vanskelegare på dette feltet, men ser óg at kristne forsamlingar har eit forbetringspotensial. Derfor gir han råd til pastorar og prestar.

– Dette går i begge retningar. Kyrkjelydane kan møta homofile på ein betre måte, men menneske som kjem til ein kyrkjelyd, må óg akseptera at det er mogeleg å sameksistera sjølv om ein ikkje tenkjer likt. Identitetspolitikken gjer at ein forheld seg til éi bestemt gruppe, medan kyrkjelyden skal famna mange ulike grupper. Då kan ikkje éi gruppe, til dømes representantar for LHBTQ-rørsla, krevja at alle dei andre skal endra seg for å møta behovet deira. Her må alle læra seg å skilja mellom sak og person. Når ein hevdar at dette ikkje er mogeleg, tvingar ein fram eit meiningsmonopol. Då har ein ikkje fredeleg sameksistens lenger, men i staden ein terrorbalanse, seier SEA-generalen.

Les også: Når politikk blir frelseren.

– Positivt initiativ

Edsinger er elles glad for Disippel 2023 og invitasjonen til konferansen.

– Dette er eit veldig positivt initiativ, og det er bra at mange ulike organisasjonar og kyrkjesamfunn freistar å ta eit samla grep når det gjeld dei store spørsmåla, ideologiane og verdsbileta ein må kunna noko om for å forstå det som hender, seier han.

Olof Edsinger konstaterer at Sverige ligg noko bak Norge på akkurat dette feltet.

– Kristenheita hjå oss er meir sekularisert og oppgitt og kyrkjene meir splitta internt i Sverige, seier Edsinger, som derfor trur det er eit stykke fram før ein vil sjå ein tilsvarande konferanse i heimlandet. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor

FAKTA

Disippel 2023

  • Ein felleskristen konferanse som vert arrangert for første gong 27. til 28. januar.
  • Temaet er Disippelskap i en kjønnsnøytral tid.
  • Stiftelsen Mor Far Barn er saman med foreininga For bibel og bekjennelse og Verdialliansen hovudarrangørar av konferansen.
  • Fylgjande aktørar er medinnbydarar: Norsk Luthersk Misjonssamband, Indremisjonsforbundet, Ungdom i Oppdrag, Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn, Frimodig kirke, Kvinner i nettverk, Kristent Ressurssenter, Nettverk for menn, Mannsnettverket G300, Kristent Nettverk, Den nordisk-katolske kirke, Den lutherske kirke i Norge og Det evangelisk-lutherske stift i Norge.
  • Konferansen vert halden i Salemkirken i Oslo.
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.