Sambåndet

Søndag 22. september 2019
RSS
IMF-VETERANAR PÅ GF: Det gler dei tre ektepara at det er eit ungt brennande engasjement i ImF. (f.v.) Liv og Per Sævik frå Herøy, Ingrid og Kåre Harila frå Vestre Jakobselv, og Anne Berit og Kjell Furnes frå Giske. FOTO: Hjørdis Almelid Vikenes, KPK

ImF-veteranar gler seg over ungt engasjement

Veteranar i Indremisjonsforbundet (ImF) gler seg over at dagens unge har eit brennande engasjement om å nå nye med bodskapen om Jesus.

Av Hjørdis Almelid Vikenes, KPK. Publisert 7. august 2016.

Dei seks ImF-veteranane vi trefte på generalforsamlinga (GF) i Ålesund 27.-31. juli, er nøgde med at dei unge i organisasjonen engasjerer seg og har sterke meiningar.

– GF framstår som yngre og friskare enn tidlegare. Sterke meiningar hjå engasjerte folk er positivt. Tidlegare var det gjerne vi gamle som prega samtalen. Då kunne det lett verte litt pessimistisk, no ser folk i alle aldrar dei lyse tinga i organisasjonen vår også, seier Kjell Furnes (80) frå Giske.

Han deltok på GF i lag med kona si Anne Berit (78). Ho legg til:

– Dette at folk no er unge og engasjerte, det er bra, men det var vi også då vi var unge. No har vi vorte så gamle at vi synest det er stas med dei unge som er brennande for arbeidet.

– Eg trur ikkje vi engasjerte oss så mykje då vi var så unge, skyt Kjell inn.

Optimistisk tone

Ingrid (77) og Kåre (80) Harila frå Vestre Jakobselv i Vadsø kommune har delteke på mange generalforsamlingar. Dei er glade for den optimistiske tonen som denne samlinga i Ålesund har hatt, sjølv om ein har diskutert vanskeleg tema.

– Denne generalforsamlinga har gjeve oss ein god driv til å drifte arbeidet vidare. «Innta landet» var mottoet for årets GF. Det vil seie at vi skal innta krinsane – og også Finnmark. Vi må prøve å føre det gode frå GF vidare til krinsane våre, seier Kåre Harila.

Han trekkjer vidare fram at det var mindre debatt om mange saker enn det han hadde tenkt seg på førehand. Ingrid Harila trur at dette kan hengje saman med at sakene var godt utgreidde frå administrasjonen si side på førehand, og at sakene har vore mykje framme i media også.

– Eg trur at folk hadde tenkt igjennom sakene grundig på førehand, understrekar ho.

Les òg: Kjønnsdebatten som uteble 

Veteranane vi pratar med ynskjer ikkje å uttale seg om korkje kjønnssamansetning i styret eller kyrkjesituasjon- som var to av sakene som var oppe til debatt.

Les òg: Giften vil spre seg

Skuledrift viktig

Liv (71) og Per (75) Sævik frå Herøy er også nokre av veteranane i indremisjonen.

– «Med Guds ord til folket» er mottoet til ImF. Her er det at skulane som både indremisjonen og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) driftar, er viktige institusjonar for å nå ut med Guds ord. Skulane må fokusere på å gje dei unge kristen opplæring, trur Per Sævik.

Kjell Furnes er einig og peiker på mangelen på kristendomskunnskap.

– Då vi var unge, fekk vi kristendomsopplæringa i den offentlege skulen. Vi pugga utaboks både bibelvers og salmevers. Vi fekk ei preparert hjarterot som var klar til å ta imot evangelistane som reiste rundt, slik at det gjerne vart vekkingar. Hjarterota til dei unge i dag har hardna, dei har ikkje fått høyre bodskapen om Jesus. Det trengst meir forkynning. Eg har tru på nye vekkingar og ein ny åndssituasjon, seier han.

Leirstadane når nye

Kåre Harila peiker på leirstadene som viktige arenaer for å nå dei unge.

– Vi må også hugse på leirstadane våre som er ein flott arena for å nå nye. Leirarbeidet har teke seg opp hjå oss i Finnmark, og der når vi barn frå ulike samanhengar. Leirane vert avslutta med opne møte der også foreldre og andre vaksne vert invitert til å delta, og slik når vi også tak i foreldregenerasjonen. Barne- og ungdomsarbeidet er mykje viktigare no enn tidlegare, meiner han. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Divisi besøker Sør-Rogaland denne helgen. «divisi-kveld» i Ålgård kirke der menigheten inviteres til fellesskap i sang og musikk, er en av programpostene.

Daniel Sæbjørnsen skal møte ungdommer på digitale plattformer, og han ønsker en dialog heller enn en monolog.

Sarah Hetland (19) og Tore Lindefjeld (18) er godt fornøyd med fjorårets Lederkonferanse og planlegger å få med seg årets konferanse. Fristen for å melde seg på til lavest mulig pris, er utsatt til 24. september.

KOMMENTAR Vil den nye oversettelsen av Bibelen til nordsamisk skape like mye diskusjon blant brukerne som 1978-oversettelsen til norsk gjorde? Det finnes i alle fall paralleller.

En fellesgudstjeneste på Saron markerte etableringen av Blå Kors Bryne.

Copyright © Sambåndet 2019