Sykkelturen over

Sykkelturen til generalsekretær Erik Furnes i ImF enda brått torsdag føremiddag. Her kan du lesa hans eiga historie.

Ikkje lenge etter at Furnes hadde fått bilskyss gjennom Trekantsambandet, skjedde dette, slik generalsekretæren sjølv beskriv det:

“Sommerens vakreste eventyr er brått over for min del. Eit hjul som låste seg pga ei reim på ein humpete sykkelsti, eit svalestup over styret, eit brote kragebein, litt såra stolthet, men det kunne gått verre.”

Synleg via GPS

Dei som følgde sykkelferda via GPS-oppdateringar på imf.no/gf, kunne sjå at farten til Furnes brått vart høgare enn sjølv topptrente syklistar kan klara. Forklaringa var altså at generalsekretæren, etter uhellet, fekk skyss med ein bilist, og ein kunne sjå på kartet at turen enda på legevakten i Haugesund. Her vart brotet i kragebeinet konstatert. Så bar det vidare til sjukehuset like ved for røntgen. Sambåndet.no siterer igjen frå meldinga til Furnes:

“Bittert, for eg hadde godt driv i dag. Ventar på røntgen her i Haugesund, og det kan visst ta si tid.”

Bekymra for innsamling

Den om lag 40 mil lange sykkelturen skulle vera eit bidrag til å samla inn pengar til vedlikehald av Bildøy Bibelskole, og Furnes avsluttar beretninga si slik:

“Sorry folkens, håper ikkje for mange trekker støtten til Bibelskulen.”

Du finn skjema for å registrere di støtte til Bibelskulen her: http://imf.no/gf/sykler-til-gf/

Her ser du omtale i avisa Dagen: http://www.dagen.no/2013/07/11/kristenliv/misjon/stunt/tour_de_france/150187

 

 

 

6 replies
  1. Øyvind Angelskår says:

    Auda! Høyrest ikkje bra ut. Bra at det ikkje gjekk verre. Vel blåst, Erik! Eg såg at du hadde litt lang pause i Haugesund. God betring!

    Svar
  2. Harald Ruud says:

    Særs svakt av deg Erik! Hadde forventa meir av en solid Sunnmøring! Eg må diverre difor trekje attende den valfrie isen eg lova deg i kiosken på Lyngdal Bibelcamp, men eg har bestemt meg for likevel å gje deg Colaen for tappert forsøk som eit plaster på såret.

    God ferie og god bedring. HR

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.