Gode meldingar om generalforsamlinga
Nærmare 1000 menneske var på det best besøkte møtet på generalforsamlinga i Lyngdal.
– Det var flest folk fredag kveld med mellom 950 og 1000 tilhøyrarar. Laurdagskvelden var nummer to med om lag 800, seier driftsleiar Bjarte Kjetilstad ved Lyngdal Bibelcamp til Sambåndet.
På kveldsmøta elles var det ifølgje Kjetilstad mellom 700 og 800 til stades i generalforsamlingsveka 24. til 28. juli. På bibeltimane med Leif Nummela var det vel 300 tilhøyrarar.
TILBAKEMELDING
– Det må me seia er ei god oppslutning. Folk på bibelcampen støtta godt opp. Eg fekk ein del tilbakemeldingar undervegs, og alle var positive. Ein som hadde vore på mange stemne i sommar, sa at dette var det beste, kommenterer administrasjonsleiar Anja U. Heggen i ImF.
Folk har mellom anna sagt at dei var imponert over arrangementet, og at dei opplevde eit klart Jesus-fokus over generalforsamlinga.
– Og så har vi fått mykje skrøyt for songen og musikken, til dømes divisi og Pareli, seier Heggen.
Administrasjonsleiaren strekar under at ho ønskjer at alle typar tilbakemeldingar skal koma fram.
– Når det gjeld barneopplegget, ser me at det ikkje er mogleg å berre gå inn i det eksisterande opplegget for bibelcampen. Neste gong det skal vera GF i Lyngdal, må me ha eit eige barneopplegg som er tilpassa timeplanen for GF, seier Heggen.
Ein annan ting ein har sett, er at organiseringa av måltida ikkje var heilt ideel i starten av GF:
– Det var ikkje kveldsmat i byrjinga. Men etter kvart vart det mogleg å kjøpa kveldsmåltid i kafeen. Samarbeidet med KVS-Lyngdal var i det heile smidig og godt, seier Heggen.
KOLEKT OVER BUDSJETT
Totalt kom det inn 398.692 kroner gjennom kollekt og billettsal. Dette er over budsjettet på totalt 335.000 kroner, men mindre enn på førre GF i 2011, på Bildøy, då det kom inn 444.869 kroner i kollekt og 27.560 i billettsal. 110.000 av kollektpengane i år går til vedlikehaldet av Bildøy bibelskole, opplyser Heggen.
Administrasjonsleiaren har gjort seg nokre tankar om kvifor det kom mindre i kollekt på GF i år enn for to år sidan:
– Mange av dei som var på GF i år, hadde vore på campen i vekene før og gitt pengar då. Det kan vera ein årsak, seier Heggen
Ho har førebels ikkje oversikt over om arrangementet vil gå med overskot eller underskot.
FÅ DELAGATAR
Som meldt på sambåndet.no, var det 205 røysteføre delegatar til generalforsamlinga. Dette kan vera det lågaste antalet som har vore på ei generalforsamling i ImF. «Rekorden» er 306 – i Molde i 2009.
– Det er eit lågt tal. Me veit at me var seint ute med å senda ut fullmaktspapira, så det kan ha spela ei rolle, sier Anja U. Heggen.
MANGE TOK ORDET
Generalsekretær Erik Furnes i ImF er glad for at mange tok ordet under forhandlingane, særlig om strategiplanen fram mot 2020:
– Om det var færre delegatar i år, var det desto større engasjement i forhandlingsmøta enn på lang tid. Kjekt var det også å registrere at så mange kvinner tok del i debatten. Det er tydeleg at strategiplanen har fått eit fokus som kan føre vidare sentrale verdiar i vår indremisjonshistorie, samstundes som den utfordrar oss på fleire punkt der vi er blitt for svake, seier Furnes.
Generalsekretæren peikar på at det kom gode innspel også under forhandlingsmøtet:
– Dette vil ImF-styret ta med seg når planen no skal sluttførast. Så får vi håpe at den prosessen som ligg bak denne strategiplanen, kan føre til at mange nok har fått eit eigarforhold til den og dermed kan vere med og sette den ut i praktisk misjonsarbeid.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!