Aksjonerte for tyfonoffera

SAKA ER OPPDATERT Elevane ved Danielsen Ungdomsskule Frekhaug har gitt av eigne pengar til dei tyfonramma på Filippinane.

Elevane forplikta seg til å gi noko av pengane sine, eller til å be for dei som vart ramma av uværet.

Det kristne skulelaget ved skulen var engasjert, saman med leiinga ved skulen, opplyser rektor Laila Eidsheim i ei pressemelding.

– Når det gjeld kva elevane har gjort, så har dei ikkje hatt store tiltak som innsamling, bøsser og liknande. Her har målet vore at dei skal setja til sides litt av sine eigne penger, til dømes ved å kjøpa mindre snop, brus, bollar etc, eller spara litt av vekepengane, og så gi dette til ein felles kasse i klasserommet, der alt går til Streetlight sitt arbeid i Fillipinane. Det seier inspektør Øystein Lossius til sambåndet.no.

Vart rasert av tyfonen

Streetlight er ein frivillig organisasjon som driv eit senter  i byen Tacloban på Filippinane. I senteret er det barneheim, skule og eit medisinsk tilbod til barn både på og utanfor senteret. Senteret er bygd opp med støtte frå faste givarar og enkeltgåver.

Den 8. november vart senteret til Streetlight rasert av tyfonen Haiyan (sjå faktaboks). Alle dei 25 barna på senteret og dei tilsette overlevde. Dei vart alle flytta i sikkerheit og bur inntil vidare i byen Davao, skriv Streetlight på si heimeside.

Aksjonen starta 22. november, og fire dagar seinare var det kome inn om lag 1000 kroner, skriv lokalavisa Strilen. Øystein Lossius kan 6. desember opplysa til sambåndet.no at talet er oppe i 2624 kroner.

Ber turistar om å koma

Trass i skadane i delar av landet blir potensielle turistar no trygla om ikkje å svikta Filippinane etter tyfonen.

– 97 prosent av Filippinane er ikkje ramma, understrekar Richard de Villa frå turistavdelinga ved Filippinane  sin ambassade i London overfor den britiske avisa The Guardian, skriv Aftenposten.

Turiststyresmaktene meiner verdsmedia gir eit inntrykk av at heile landet no er utilgjengeleg. Styresmaktene peikar på at reiseliv har ein stor og direkte effekt på gjenoppbyggingsarbeidet, mellom anna gjennom bidra til å bevara lokale arbeidsplassar.

– Turisme står for 8 prosent av BNP og 2,9 millionar arbeidsplassar, seier de Villa.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.