Kvifor er det så viktig?

Vi opplever at folkemeininga vert rådande og avgjerande i tema som Bibelen gjev klar rettleiing om, og såleis vert tilliten til Guds ord undergraven. Vi opplever at mange i kristenfolket er trøytte over å kjempe ein kamp der fleirtalstankar stadig vinn terreng framfor klassisk kristen lære.

I slutten av oktober arrangerer Evangelisk Luthersk Nettverk (ELN), som ImF er ein av initiativtakarane til, konferansen «Vær frimodig og sterk!» i Oslo. Dette gjer vi fordi vi vil stå saman med andre organisasjonar og kyrkjesamfunn for å gje frimod til å stå på Bibelens ord i trusspørsmål som vert angripe i vår tid. Vi opplever at folkemeininga vert rådande og avgjerande i tema som Bibelen gjev klar rettleiing om, og såleis vert tilliten til Guds ord undergraven. Vi opplever at mange i kristenfolket er trøytte over å kjempe ein kamp der fleirtalstankar stadig vinn terreng framfor klassisk kristen lære. Derfor er det ikkje minst viktig å alliere seg med brødre og søstre i andre land, ikkje minst frå nasjonar og kyrkjer der bibeltru lære er grunnlag for vekking og vekst. Liberal teologi i landet vårt er ei tapslinje av fleire årsaker:

Det er eit svik mot ufrelste som vert lulla inn i åndeleg søvn. Behovet for frelse vert borte når Guds heilagdom vert borte. Jesu nød og tårer over menneska vert meiningslause om det var slik at alle menneske vert frelste til slutt. Nei, Guds ord kallar den enkelte av oss til omvending og lydnad mot Guds gode vilje.

Det er eit svik mot Guds kyrkje, som vert pressa til å teie om sanninga, for løgn og sanning kan ikkje leve saman. I ein av lesetekstane for eit par søndagar sidan kunne vi høyre orda frå Jesus: «Den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup». Det er eit stort previlegium å bu i eit land der vi har fridom til å forkynne Guds ord, men sanneleg er det eit stort ansvar også.

Det er eit svik mot den enkelte kristne fordi den bryt ned tilliten til Guds løfter. Om vi tek bort alvoret i Guds dom over synd, kva rett har vi då til å kvile i dei løfte som Bibelen gjev oss om frelsa i Jesu blod? Ingen! Korleis skal eit menneske kunne ha frelsesvisse og fred i møte med døden og æva dersom ein i spørsmål om synd og nåde held fram at Bibelen er ei samrøre av gudsord og mennesketankar? Det er umogleg!

Eg skriv ikkje dette for å sparke til alle andre. Vi i ImF har fått eit kall til å gå med Guds ord til folket vårt. Då må vi våge å gå med heile Guds ord, sjølv om det vil koste. Derfor er dette så viktig.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.