Ser på vedtektene for NLA
Forbundsstyret i ImF ynskjer meir forpliktande formuleringar om bibelsyn i vedtektene for NLA Høgskolen.
– Forbundsstyret ber om at det blir tatt opp i samband med den planlagde revisjonen av NLA-vedtektene i vår, seier generalsekretær Erik Furnes i ImF til Sambåndet.
Revisjon
ImF er ein av sju eigarar av NLA (sjå faktaboks). Vedtektene ved høgskulen skulle eigentleg blitt reviderte i samband med fusjonen som tok til å gjelda 1. januar i fjor, men vart utsett til generalforsamlinga i år.
I paragraf 5 i vedtektene, om formål og verdiar, heiter det no: «NLA Høgskolen AS bygger på den kristne tro slik den er uttrykt i Den Hellige Skrift og Den Norske Kirkes evangelisk-lutherske bekjennelse, og har som formål å fremme kristen oppdragelse og undervisning og tenkning i hjem, kirke, skole, barnehage og på andre strategiske samfunnsområder».
– ImF som deleigar ynskjer ein ordlyd som gjer at dei tilsette er meir forplikta på det som eigarane står for, seier Furnes.
Medan altså sjølve revisjonen av vedtektene var planlagd, er det ingen tvil om at debatten i vinter om bibelsynet på NLA, er utgangspunktet for at ImF no har vendt seg til dei andre eigarane på dette konkrete punktet.
– Me ser at ordlyden i dag er for uklar og ynskjer å spissa den. Men eigarane må vera samrøystes når det gjeld vedtektene, så me må eventuelt jobba fram ei felles formulering, seier Furnes.
Dette arbeidet er starta.
– Ikkje alle eigarane er like engasjerte, men dei seier at det er flott at andre jobbar med det, og at dei vil forhalda seg konstruktivt til det me legg fram, seier Erik Furnes til sambåndet.no.
– Meir forpliktande
Samstundes er ein klar over at NLA må drivast i tråd med høgskulelova.
Verdidokument
NLA Høgskolen har også eit verdidokument, vedteke av representantskapet (no generalforsamlinga) i 2008. Her står det, under overskrifta «Bibelen – Guds ord», mellom anna: «Vår evangelisk-lutherske bekjennelse forutsetter at Skriften er gitt oss av Gud. Den formidler Guds åpenbarte ord til mennesker til alle tider, og har autoritet der den klart binder vår samvittighet som normerende norm i spørsmål som gjelder tro og liv. Derfor ønsker vi at de ansatte i undervisning og i omgang med studentene, i holdning og omtale, viser respekt for dette.»
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!