Byr på seg sjølv i rekrutteringskamp

Både han sjølv, kona og sonen stiller opp når kretsrådgjevar Trond Johansen i Sogn og Fjordane indremisjon averterer etter arbeidarar til kretsen.

Mange har nok lagt merke til dei litt uvanlege heilsides annonsene i Dagen denne våren: «Du treng ikkje isbade i Sognefjorden om du ynskjer å vere med å drive indremisjon i Sogn og Fjordane», står det mellom anna i den eine, illustrert av kretsrådgjevar Trond Johansen i det våte element.

– Sonen min, Kristian, og kona mi, Karin, er òg med, og eg har vore tekstforfattar og fotograf når eg ikkje er motiv sjølv, fortel Johansen med eit smil til sambåndet.no.

Barne- og familiearbeidar(ar)

Kampanjen inneheld 12 innrykk. Og det kretsen er ute etter, er å rekruttera mellom anna ein barne- og familiearbeidar.

– Dei færraste ungdommar les papiraviser, men annonsa vender seg like mykje til bestefedre, mødre og fedre eller ein ungdoms- eller forsamlingsleiar, som me så håpar at kan tipsa aktuelle folk, seier Johansen.

Stillingsprosent er kretsrådgjevaren fleksibel med, og han meiner at kretsen trenger fleire enn ein person. Men eitt krav har han:

– Dei som vil ha jobb, må lova å bli verande i minimum tre år. Gjer dei det, har eg sagt at eg vil prøva å koma dei i møte på det meste, både når deg gjeld løn, bustad, ferie og jobb til ektefelle, fortel Johansen.

Ropa i to år

Kretsrådgjevaren seier han har «ropa i to år» etter folk.

– Sogn er eit spesielt stykke av Guds rike. Og for oss i indremisjonskretsen er det ikkje pengar som er problemet, men folk. Difor startar vi ikkje med å diskutera pengar, men korleis me kan få folk til å koma, strekar Johansen under.

Trond Johansen ser denne annonsekampanjen i samanheng med ein annen kampanje, som du først kunne lesa om i papirutgåva til Sambåndet i juni, og no også her.

– Begge delar bidrar til omdømebygging i Sogn og Fjordane indremisjon, seier kretsrådgjevaren.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.