Uvanleg om Første Mosebok

Dette er på fleire måtar ei uvanleg bok. Ho fell liksom mellom alle sjangrar og stolar.

Tittelen seier det er ein «gjennomgang» av Første Mosebok, og det er det på sett og vis, men på nokså uvanleg måte. Det er ikkje ein vanleg kommentar til dette skriftet. Det er heller ikkje ein gjennomgang i oppbyggingsstil som ved bibeltimar. Det er noko midt mellom, og frå ei side sett begge delar. Framstillinga er også uvanleg, ved at ho i minimal grad er drøftande, men meir proklamerande. Teologisk er ho også spesiell ved at ho i liten grad er oppteken med sjølve teksten i Først Mosebok, men hoppar raskt til NT og les det heile i lys av eit bestemt endetidssyn. Det som er boka sin styrke, vert med det også boka sin veikskap. Dette gjer det vanskeleg å melda boka på kortfatta og saksvarande måte.

Framstillinga tek det gode og bibelsk rette utgangspunktet at Gud «kunngjorde sine vegar for Moses» (Salme 103.7), slik at det Mosebøkene fortel, kan vi lita på som historisk og åndeleg kunnskap. Boka er bibelorientert, og ho er berar av bibeltillit. Forfattaren, Arnold Bjerkreim, er ein kjend bibellærar, og mange har gjennom lang tid sett stor pris på forkynninga hans. Han passerer i desse dagar 90 år, og det er slik sett imponerande med ei bok som dette! Bjerkreim er glad i sin gamle bibel, men forlaget burde ikkje tillate ei bibelomsetjing som brukar «I» og «eder». Det er greitt for pensjonistar, men det skaper avstand til 20-åringar. Boka er ikkje inndelt i kapittel, men fylgjer bibelteksten. Ho er i A-4-format, og det skaper oversikt med tanke på dei mange bibelsitata, men det er upraktisk for bokhylla!

Det har i det siste vore ein debatt om skaping og evolusjon, inkludert spørsmålet om alderen på jorda. Her går Bjerkreim ein tredje veg, som skil mellom skapinga av universet ut frå dei to første versa, og det som kjem ved den første skapingsdagen i vers tre. Dette gjer at sjølve jorda kan vera svært mykje eldre enn livet på jorda. Dette er eit greitt synspunkt. Bjerkreim plasserer fallet i engleverda og at djevelen framstår i dette mellomrommet. Det får radikale konsekvensar på fleire måtar og gjer at det nesten vert to ulike skapingsakter og to ulike «jorder». Rom 8,20 vert tolka inn i denne situasjonen, og ikkje knytt til syndefallet. Eg synest den bibelske grunngjevinga for dette vert svært tynn, og helst noko spekulativ. Det er heller lite av skapingsteologi å henta i framstillinga, altså kva skapinga har å seia for oss menneske her på jorda.

Gjennomgangen av boka skjer fortløpande på det viset at bibelteksten vert sitert praktisk talt utan kommentarar eller forklaringar. Derimot vert det sitert skriftavsnitt frå andre delar av Bibelen som skal tolka og forklara teksten. Det er ikkje berre vist til bibelstadane, men den delen som er aktuell, vert sitert. Dette er boka sin stor styrke, fordi det gjev eit vell av bibelkunnskap. Det er samstundes boka sin store veikskap, fordi det vert ikkje forklart kvifor dei ulike bibelorda høyer til den aktuelle samanhengen, og kvifor dei forklarer denne. For mange av bibelsitata er dette nokså innlysande, men for ein god del er det heller tvilsamt. Ein del bibelvers må vera brukte feil, eller dei føreset eit bestemt syn på endetida. Bjerkreim står for eit endetidssyn av dispensjonalistisk karakter, det vi kalla tidshushaldningar, som inneber at bortrykkinga av kyrkjelyden skjer før den stor trengsla, og som ber i seg ei svært konkret forståing av tusenårsriket og Jesu regjering av dette ut frå Jerusalem. Dette pregar mange stader bibelbruken.

Bjerkreim legg svært stor vekt på kva dei ulike namna på personar og stader tyder, og han brukar det som tolkingsnøkkel. Dette er eit interessant grep, men eg synes nok det vert vektlagt meir enn berekrafta i det tilseier. Eg har ikkje etterprøvd om namnetydingane er rette.

Den store styrken med boka er samanbindinga av GT og NT, og med det vegen frå Første Mosebok til Jesu frelsesverk. Den store veikskapen med boka er at dei faktiske tekstane i liten grad vert tolka og henta lærdomar av ut frå den historiske og aktuelle samanhengen dei står i. Tekstane vert i litt for stor grad som eit springbrett over til NTs kristusforkynning. Det er lite av frelseshistoriske liner og forklaringar av utviklinga i openberringshistoria ved at ein går nokså rett på oppfyllinga i Kristus. Tolkingsmåten vert langt på veg allegorisk eller typologisk, eller i det minst sterkt «anvendt» på Kristus.

Eg svelgjer altså ikkje alt i denne boka, og eg ville nok vald ein annan framstillingsmåte og ei anna vektlegging, men det underkjenner på ingen måte kvaliteten i og det verdfulle ved denne boka. Vi lærer her ei sterk kristologisk lesing av GT, og korleis lovnadene har si oppfylling i Kristus og frelsa, inkludert det som gjeld Israel. Dei mange bibelversa er ei god hjelp til å lesa Første Mosebok på ein kristologisk og oppbyggeleg måte. Dessutan gjev boka ei god innføring i den teologiske tenkinga og forkynninga som Arnold Bjerkreim og dei som fylgjer han, står for. Eg takkar for boka!

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.