Halv stilling til planting

Indremisjonsforbundet opprettar ein engasjementstilling til å jobba med planting/replanting av forsamlingar.

ImF-styret gjekk inn for dette på sist møte. Stillinga er tenkt som eit engasjement på 50 prosent i to år.

– Me vil drøfta dette meir konkret i Misjonsrådet 12. mai, seier generalsekretær Erik Furnes i ImF til Sambåndet.

Bakgrunnen er Sendt-konferansen i regi av Dawn Norge i mars i fjor. Av dei nær 800 deltakarane frå 15 organisasjonar og kyrkjesamfunn representerte 115 ImF. Deltakarane skreiv under på eit opprop som oppmodar til å planta 400 nye fellesskap og trena 4000 pionerar i perioden 2015-25.

Oppfylging.

Ungdomsleiar Torstein Fosse i Bergens Indremisjon tok opp temaet under ImF sitt Arbeidarmøte i januar, slik sambåndet.no skreiv om 22. januar.

– På sikt bør me få ein tilsett i ImF som jobbar med planting av forsamlingar, sa Fosse mellom anna.

22.-23. januar var det Dawn Forum over to dagar i Oslo, som ei oppfylging av Sendt-konferansen. 12 stk. frå ImF, fleire av dei frå ulike forsamlingar, deltok. Erik Furnes kan rapportera om god undervising, men at det mest verdfulle likevel var gode samtalar i ImF-gruppa.

Felles forståing.

– Eg opplever ei felles forståing for at det er tru og vilje til å arbeida for ei endring i fleire av bedehusa våre, slik at ein kan snu ein negativ trend, seier Furnes.

I dag er det sett av ein stillingsressurs på 20 prosent til forsamlingsarbeid i ImF.

– Det er også ei felles forståing for at vi treng å setja inn meir ressursar i forsamlingsarbeidet. Vi ligg i botnsjiktet samanlikna med andre organisasjonar og kyrkjesamfunn. Eg meiner me brukar nok av pengane våre på bygningar og må vera villig til å bruka meir på rådgjeving og inspirasjon inn mot det forsamlingsbyggjande arbeidet, seier Furnes.

Generalsekretæren viser til arbeidet Otto Dyrkolbotn har gjort i ImF-Ung som lagskonsulent, og at det syner at ein nedgongstrend kan snuast om ein set inn ressursar.

Forsamlingsrådet i ImF meiner at kompetansen i organisasjonen først og fremst ligg på replanting, ikkje å planta heilt nye forsamlingar.

– Eg vil kalla inn deltakarane våre under Dawn Forum til Misjonsrådet 12. mai for å halda fram den gode samtalen og vektlegginga, opplyser Furnes.

Kartlegging.

– Dette var ein veldig god nyhet, seier ungdomsleiar Torstein Fosse når Sambåndet tar kontakt.

Han har klare tankar om kva ein slik stilling kan innehalda:

– Eg trur noko av det viktigaste vil vera å få ein oversikt over landskapet i ImF – å finna ut om det er folk som har eit kall til å starta noko heilt nytt eller å replanta ei forsamling som alt er der. Så er det viktig å byggja relasjonar med viktige personar og leiarar. Vidare å byggja nettverk med andre organisasjonar og forsamlingar som er komne lenger enn oss på dette området, for å læra av dei. Kanskje kan det enkelte stader òg bli aktuelt å samarbeida med andre om forsamlingsarbeid, tenkjer Torstein Fosse høgt.

Og ungdomsleiaren legg til: – Og sist men ikke minst må ein forkynna kallet til misjon i Norge.

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.