Eld og vatn på Karmel

(SERIE: 3/5) Kva var det største underet som skjedde på Karmel?

Sambåndets sommermagasin kommer i postkassen eller innboksen  14.-17. juli, i år fullstappet med reportasjer fra Israel. I dagene før publiserer vi fem saker vi ikke fikk plass til i bladet. Dette er 3 av 5.

KARMEL, VED HAIFA: 15 kilometers køyring sør for Haifa kjem vil til Karmel, som ikkje er eit fjell men ei rekkje med åsar som er om lag 500 meter høge. Her ligg Muchraka med klosteret St. Elia. Klosteret er reist til minne om profeten Elias’ kamp mot Ba’alsprofetane (1. Kong 18).

Frå taket av klosteret ser me utover Jisre’eldalen mot Megiddo og Tabor-fjellet. Det er òg mogleg å sjå Kisjonbekken, der Elias drap Ba’alsprofetane.

Jisre’elsletta er identisk med Harmageddon, staden for det avgjerande slaget som er omtala i Openb 16,16 (ordet kjem av Megiddos fjell).

– Dette er det største jordbruksområdet i Israel og var ein «bensinstasjon» mellom Egypt og Mesopotamia, seier guide Ronny Netzer.

Ba’al vart dyrka som herren over avlinga og det fruktbare. Situasjonen i 1. Kong 18 er at det ikkje har regna på tre og et halvt år.

– Elden på Karmel var imponerande, men suset av regn (1. Kong 18,41) er meir imponerande enn elden. Regnet var det store teiknet på Karmel, meiner Netzer.

Frå løvhyttefesten om hausten til påske om våren bad ein om regn. Mellom påske og løvhyttefesten bad ein om dogg på marka (sjå 5. Mos 32,2).

Vil du bli digital abonnent på Sambåndet? Les mer og registrer deg her

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.