Overraskande julegåve

Gjensidigestiftelsen har gitt 136.450 kroner til Lyngmo Ungdomssenter som skal nyttast til aktivitetsutstyr i den nye aktivitetshallen på Lyngmo.

Det var under den tradisjonelle julemiddagen på Lyngmo at Gjensidigestiftelsen sin representant, Morten Røyrvik, tok ordet og overrekte julegåva til leirstaden. Dagleg leiar for Lyngmo, Kjetil Stautland, mottok gåvesjekken framfor eit overraska publikum.

Ifølgje styreleiar for Lyngmo Ungdomssenter, Per Hilleren, er julegåva ei fantastisk støtte i samband med utbygginga som skjer på Lyngmo, og kvelden fekk ein ekstra verdi både for gjestar og for barne- og ungdomsarbeidet på Lyngmo.

– Kanskje dette kan oppmuntre fleire til å søke om pengar frå Gjensidigestiftelsen, seier Stautland

Den nye aktivitetshallen, som er ein del av ei større utbygging ved leirstaden, skal ferdigstillast og takast i bruk til sommarsesongen 2016. I mai/juni skal den nye aktivitetshallen (160 m2 og 3,5 m takhøgd) fyllast med variert utstyr, sponsa av Gjensidigestiftinga. Leirstaden ynskjer å leggje til rette for fysiske aktivitetar i samband med leirar og weekendar.

Stautland peikar på at fysisk aktivitet på arrangementa har fleire positive ting med seg; trivselen aukar når ein lærer og meistrar aktivitetar i fellesskap, samstundes som det førebyggjer konfliktar mellom deltakarane.

– Me ynskjer å gje born og ungdom positive opplevingar, knytt til det å vera fysisk aktive, uavhengig av krav om prestasjon. Aktivitetane på Lyngmo er breiddetiltak og eit variert utval av born og ungdom deltek på arrangementa våre, seier dagleg leiar Kjetil Stautland.

Les òg: Utbygging på Lyngmo 

 

p-ungdomskoret-royst

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.