Framnes byggjer ny idrettshall

– Dette trur eg blir veldig bra. Vi får ein god og tenleg hall, seier rektor Harald Voster ved Framnes KVGS.

Styret for Framnes kristne vidaregåande skule har vedtatt å byggja ny idrettshall. Byggesøknad og finansiering er på plass, og styret gjorde sitt vedtak måndag. Totalentreprenøren, Brødrene Ulveseth AS, skal etter planen starta arbeidet 4. april. Målet er å gjera hallen ferdig til mai 2017. Hallen kostar om lag 40 millionar kroner (eks. mva.), går det fram av ei pressemelding frå skulen. Sambåndet har fulgt saka sidan juni 2013. Då antok ein at hallen ville kome på 25-35 millionar kr.

Finansiering

– Vi hadde ikkje henta inn anbod, men nemnte det vi antok det kom til å koste. Eigentleg blir det billig. Vi er fornøyd med tilbodet vi har fått. Eit anbod var på 60 millionar kr. Vi har forhandla ned prisen, seier Voster.

– Korleis skal de klare å finansiere hallen?

– Vi har funne dekning gjennom Framnes Eiendom, ei avdeling av Indremisjonssamskipnaden (IMS). Utan dei, hadde vi ikkje klart det.

Styrkjer skulen

«Framnes arena» får standard handballbane med parkett og fotballbane på 27×36 meter – med krøllgras som dekke. I tillegg vert det m.a. nytt styrkerom og truleg ny klatrevegg.

Vidare skal det vera fire garderobar, i tillegg til lærargarderobe og handikapgarderobe. I andre etasje vert det styrketreningsrom på 170 kvadratmeter. Det vert òg eit disponibelt rom på 60 kvadratmeter som kan brukast til klasserom, spinning eller liknande. Det vert om lag 220 sitteplassar på tribunen. I handballhallen vert det automatisk uttrekstribune med plass til 306 stolar

I det kommunale området ved hallen skal det lagast park, fotballbane og ny sandvolleyballbane.

Det nye anlegget vil verta eit betydeleg løft for både idrettsutdanninga ved skulen – og for resten av elevmassen. Skuleleiinga er overtydd om at satsinga vil bety mykje for skulen si framtid.

Enklare løysingar

– Blir hallen som de hadde tenkt?

– Utsjåandemesseg blir det som tenkt. Men det blir enklare løysingar. Vi har kutta ut alt av fliser og vil ha golvbelegg i hallen og baderomspanel i dusjane, og i fotballhallen vil vi ha lag med grus over betongen og gras over der igjen. Det er fleire tekniske ting vi har gjort for å spare pengar. Eg trur vi har funne ei god løysing, svarar Voster.

Grunn til å feira

Det har vore ei rekkje utfordringar på vegen mot målet, men no er det grunn til å feira at bygginga endeleg kan starta. Etter styrevedtaket måndag var det feiring med kaker og kaffi og ein liten teiknedugnad med tanke på bruken av lokala som vert ledige når hallen kjem.

Skuleleiinga er allereie i gang med å planleggja ombygginga av den gamle gymnastikksalen. Her planlegg skulen til dømes ekstra klasserom, bibliotek, lesesal osv. fordelt på to plan.

Skulen er eigd av Indremisjonsforbundet (ImF) og Indremisjonssamskipnaden (IMS).

– Vi gler oss når dei begynner å jobbe, men gler oss endå meir til dei blir ferdig, seier Harald Voster.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.