Korleis skal vi innta landet?

Vi skal innta landet ved at menneske får eit møte med den levande Gud gjennom forkynning av Ordet – det som kan skape nytt liv og vekst.

Ei inspirerande generalforsamling ligg bak oss, og store utfordringar ligg framfor oss. Vi skal innta landet ved at menneske får eit møte med den levande Gud gjennom forkynning av Ordet – det som kan skape nytt liv og vekst. Vi er takksame for at vi får leve i eit land der vi har fridom til å nå menneske gjennom mange ulike misjonstiltak, som t.d. barnehagar og friskular, men vi må ikkje gløyme at Herren først og fremst byggjer sitt rike med utgangspunkt i den kristne forsamling. Der vert truande utrusta og sendt for å dele Evangeliet med dei som enno ikkje trur.

Vi står samla om ein felles visjon der vi vil bygge kristne fellesskap og forsamlingar, og skal dei ha framtida for seg, må dei ha som målsetting at nye generasjonar skal nås og inkluderast. Vi må erkjenne at ein mange stader slit med rekruttering av unge menneske, og fleire stader opplever ein at unge heller orienterer seg mot andre samanhengar enn å engasjere seg i våre bedehus. Vi vil nemne tre stikkord som seier noko om korleis vi kan snu utviklinga:

Revitalisering: Dette har vi halde på med i mange år gjennom søkelyset på forsamlingsbygging. For å nå nye generasjonar ser stadig fleire behovet for å gjere endringar i arbeidsmåtar, kultur, møtetidspunkt, organisering, osb. Gudsordet er det same til alle tider, men vi må innsjå at mykje rundt oss er i stadig forandring. Ofte er det ikkje dei store endringane i arbeidet som skal til, men der må vere vilje til å innsjå at vi ikkje kan stivne til i gamle former og arbeidsmåtar.

Replanting: Nokre stader må ein berre innsjå at det eksisterande misjonsarbeidet går mot styrt avvikling. Vi vil oppmode unge menneske til å gå inn og revitalisere det eksisterande arbeidet, men av ymse grunnar ser ein del på dette som uaktuelt. Dette kan ofte opplevast sårt, og det er ein situasjon vi ikkje vil tale lett om, men framtida kan likevel ligge i at ein seier til dei unge: «Velkomen til å nytte Bedehuset. Her har de fridom til å starte opp eit nytt forsamlingsarbeid slik de finn det rett for å nå dykkar generasjon».

Planting: I stadig fleire område av landet vårt er det så få menneske som vert nådde gjennom eksisterande forsamlingar at ein berre må plante nye fellesskap frå grunnen av. Dette skjedde i stor målestokk då rørsla vår var ung. No må vi be om at Herren får bevege oss, slik at det kan skje på nytt.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.