Trygve Bjerkrheim har fått minnestein

I Bjerkreim i Rogaland, den fyrste heimbygda til Trygve Bjerkrheim, er det avduka ein minnestein over diktaren.

Avdukinga fann stad søndag 30. oktober. Det var i Bjerkreim Trygve blei født i 1904, og det var her han fekk sine fyrste barneår, før heile familien flytte til Høland på Romerike i 1913.

– Vi ønskjer å teikne eit allsidig og friskt portrett av kva Trygve Bjerkrheim stod for, seier formann i foreininga Trygve Bjerkrheims vener (TBV), Kåre Ekroll.

Relieff og minnestove

Minnesteinen er reist av TBV og er plassert på 1000-årsplassen like ved Bjerkrheims fyrste barndomsheim.

I tilknyting til barndomsheimen er det og etablert ei «minnestove», der det er samla ein god del minner etter diktaren.

Steinen har fått eit relieff av kunstnaren Pamela Cranner, mens to kjende songar av diktaren – «Det er nok det som Jesus gjorde» og «Det er makt i de foldede hender» – er siterte på ei minneplate.

Omfattande program

Rundt avdukinga var det lagt opp til eit omfattande program, der ei lang rekkje deltakarar framførte litt av den mangfaldige song- og diktskatten som Trygve Bjerkrheim etterlét seg.

Sjølve avdukinga var det Kåre Ekroll, leier av TBV, og Johan Bjerkreim, som òg har reist minnestova, som stod for.

– Trygve Bjerkrheim var ein unik formidlar av kristen kultur, og særleg er han kjend for dei mange dikt og songar som i dag blir brukt rundt om i kyrkjer og bedehus, seier Ekroll.

Festsøndagen blei fullstendig med ein konsert i eit fullsett Bjerkreim kyrkje, der sluttsongen tona sterkt – «Takk at du tok byrdene mine». KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.