Danielsen-elevar til topps i språk-tevling

Fekk 1. og 2. plass i novelle-konkurransen «Å vera ung på Sotra». Vinnaren vart kåra av forfattaren Frode Grytten.

«Det lyd eit skrik over heile Sotra.»

Slik startar vinnar-novella skriven av Hans Vilhelm Viksøy frå klasse 9B ved Danielsen ungdomsskule på Sotra. Men tett ved seg på pallen hadde han medeleven Anna Knutsen.

Stolte lærarar
– Eg er berre så utruleg stolt av desse to elevane mine. Det var så på kornet det dei hadde skreve, og dei beskreiv så masse med så få ord. Eg synes det var fantastisk. Eg er veldig, veldig glad, seier norsklærar Marita Turøy Mbagga.

Men overraska var ho eigentleg ikkje.

– Nei, eg er ikkje overraska. Eg syntes det var veldig bra bidrag dei hadde levert inn, og eg trudde dei hadde god sjanse. Men å vinna utav meir enn hundre innsendte bidrag, synes eg er stort. Tenk da, seier ein tydeleg stolt faglærar.

Også rektor Frode Monsen hadde funne vegen til Fjell rådhus for å få med seg prisutdelinga.

– Dette var fantastisk, utruleg kjekt, og eg er imponert over dei flotte bidraga frå Danielsen, seier rektor Frode Monsen.

Frode Grytten var «sjefen»
Konkurransen, som er ein del av prosjektet «Glad i eige språk», starta tidlegare i haust, og alle dei drygt 1000 ungdomsskulelevane i Fjell kommune var invitert til å vera med. Formatet var ei kortnovelle på twitterlengde, dvs maks 140 ord eller tre setningar.

– Elevane konkurrerer stadig i sport og Snapchat, men skrivekonkurransar er det for lite av, sa prosjektleiar Jorid Saure til lokalavisa Vestnytt då konkurransen vart presentert tidleg på hausten.

Stor merksemd
Dei beste bidraga frå kvar klasse, totalt 115, vart levert inn til prosjektleiinga i Fjell kommune. I samarbeid med universitetet i Bergen var så 16 av desse svara igjen plukka ut som finaleheat og sendt til forfattar Frode Grytten som var sjefdommar.

Konkurransen har allereie fått stor merksemd både i lokalavisa Vestnytt, som har publisert mange av novellene, og NRK Hordaland som krydra ei heil ettermiddagssending med litteratur frå Sotra-ungdommen.

Imponert
– Dette viser kor skriveføre og kreative desse elevane våre er. Det å formidla ei historie på berre tre setningar er ganske utfordrande. Dei tre linjene kjem ikkje ut heile. Det må ofte jobbast med, setningane må finpussast, og kanskje må ein òg bytte om på orda – og så plutseleg sit forteljinga, seier prosjektleiar Jorid Saure.

Ho trur formatet passa godt for ungdom.

– Som tenåring lever du veldig tett på kjenslene dine. Det er store opp- og nedturar, og ungdommar er ofte flinke til å formidle dette. Elevane er flinke til å formulere seg presist gjennom den daglege kommunikasjonen på «insta», «snap» og «face»; dei er ganske korte og presise. Så kanskje var dette ei skriveoppgåve som fenga litt.

Dei to Danielsen-elevane sin eigen kommentar til utmerkinga, var – som seg hør og bør – kort og presis:

– Dette var kjekt og gøy.

Og dei to bidraga deira? Dei finn du nedanfor biletet:

Dei tre vinnarane, Anna Knutsen, Hans Vilhem Viksøy og Jakob Lie Frantzen,  saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorø (t.h). Foto: privat

 

Det lyd eit skrik over heile Sotra. Alle stoppar.
Jente (14) har ikkje meir mobildata.
Hans Vilheilm Viksøy, 14 år

Grytting si grunngjeving for vinnarnovella er denne:
Med tre setningar maktar Viksøy å lage ei vittig og overraskande forteljing om ungdommens dårskap. Dei to første setningane skapar spaninga og kjensla av at noko står på spel, samfunnet og kollektivet er alarmert, her kjem noko stort og vondt og vanskeleg. Så punkterer han dette effektivt med siste setninga (og det siste ordet: mobildata), slik at det forgjengelege og individuelle og vesle framstår i nytt lys og får oss til å reflektere over banaliteten i våre nederlag.
___

 «Kan du bli min igjen?» Dei høyrer bølgjene plaske mot kaia, ho ser på han.
«Men denne gongen må du love å ta meg imot når eg fell for deg.»
Anna Knutsen, 14 år

 Grytten si grunngjeving er denne:
Ei heil kjærleikshistorie er på plass gjennom ei lita setning med skildring. Her har det vore eit brot, og no finst det ei von om å legge det brotet bak seg, men skal det skje, må ein større empati aktiverast. Knutsen får oss til å sjå scena, heilt tydeleg, den vesle situasjonen der så mykje skal seiast og der dei viktige vala skal bli tatt på ny, slik det skjer igjen og igjen over heile kloden. Det er nydeleg skrive og historia landar på finaste vis.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.