TEOLOG: Carl Fredrik Wisløff er ein av dei som har vore premissleverandør for ImF-profilen, skriv Karl Johan Hallaråker. Foto: DM-arkiv

ImFs teologiske profil

Forbundslinja har ein tydeleg profil og er eit fellesskap bygd på ein klar åndeleg grunn, skriv Karl Johan Hallaråker i denne kronikken.

Kva er ImFs arv? Det er eit godt spørsmål. Eg skal gje mitt svar med å peika på ImFs teologiske profil slik eg har granska Forbundet si historie.

For meir utførleg svar viser eg til mi bok Bedehuset – heim og misjonsstasjon, Profilserien 2, 1981. Spørsmålet bør ikkje svarast med kjappe slagord eller subjektiv synsing. Temaet  fortener grundig svar med den grunngjeving som høyrer med.

Det første poenget er dette: Indremisjonsarven på Vestlandet omfattar på fleire måtar eit fargerikt og raust fellesskap. Folk har blitt med både av geografiske, åndelege og sosiale grunnar i det lokale misjonsfellesskapet. «Forbundslinja» som vi talar om, kan starta med dette – her er folk av ulik meining om mangt og mykje.

Indremisjonsarven på Vestlandet omfattar på fleire måtar eit fargerikt og raust fellesskap

Det andre poenget er dette: Forbundslinja har ein tydeleg profil og er eit fellesskap bygd på ein klar åndeleg grunn – ei evangelisk luthersk lekmannsrørsle. Eg har i fleire samanhengar sagt at ImF står for ein evangelisk luthersk vekkingsteologi. Eg skal utdjupa det litt etter kvart.

Men først det neste poenget: Det er leiarar på dei ulike plan med hjelp av teologar ein har hatt i sin midte og andre ein har hatt tillit til (som professor Carl Fr. Wisløff), som har vore dei faglege premisseleverandrørane for denne teologiske profilen. Forkynnarar har vore inkluderte med si nådegåveteneste enten dei har vore evangelistar eller meir tradisjonelle bibellærarar, Men desse har eigentleg ikkje utan vidare vore bærarar av Forbundslinja sin teologiske profil. Det viktigaste har vore at dei ikkje motsa eller undergrov den læremessige profilen. 

Les også: I aprilnummeret av Sambåndet kan du lese hva 13 forkynnere mener er ImFs arv og hvilke deler av denne det er verdt å legge vekt på videre. Er du ikke abonnent, kan du kjøpe dette nummeret av bladet i digital utgave via denne lenken.

Så til profilpunkta. Dette er vår læremessige arv:

Bibeltruskap. Gjennom Forbundet si historie har skrifttruskapen vore sentral. Bibelen er Guds truverdige ord. Med respekt for nyansar og vurdering av inspirasjonsteoriar har ikkje grunnhaldninga stått til diskusjon. ImF sine leiarar og teologar har alltid stått på det vi kan kalla ein heil bibel, forstått som «Så seier Herren».

ImF sine leiarar og teologar har alltid stått på det vi kan kalla ein heil bibel, forstått som «Så seier Herren»

Vedkjenningstruskap. Lovene har alltid vore forankra i Bibelen og den evangelisk lutherske truvedkjenninga (dei tre oldkyrkjelege og dei to lutherske – Den augsburgske truvedkjenninga og Luthers vesle katekisme.). Når somme uttalte at vi treng ikkje vedkjenningsskrifter, «for Bibelen er mi vedkjenning» svara våre fedre slik grunnleggaren Andreas Lavik sa det: Bibelen er ikkje vår vedkjenning. Bibelen er Guds vedkjenning. Vedkjenningsskriftene er vår vedkjenning, vårt gjensvar. (Å vedkjenna er jo «å seia det same som» eller å «sanna» at Bibelen talar sant frå Gud.)

Ordets nådemiddel. I heile si historie har ImF lagt vekt på forkynninga av Guds ord – lov og evangelium – til vekking, omvending og nytt liv kombinert med innføring i Ordet. Ein har vore overtydd om at forkynninga er Ordet sitt nådemiddel i funksjon. Forkynninga er ikkje informasjon om ei bestemt hending eller ein spesiell person. Forkynninga er Ordet som skaper det det nemner. Det er som Martin Luther formulerte det:  «Når Kristus blir forkynt, kjem han». Denne forkynninga vil eg meina er sjølve pulsslaget i heile forbundslinja sin profil. Ei framtidig indremisjonsrørsle utan forkynnarar er svik mot vår arv og vårt kall.

Forkynninga er Ordet som skaper det det nemner

Forkynnarrørsla står ikkje i motsetnad til å leggja vekt på dei to andre nådemidla – sakramenta dåp og nattverd. ImF-arven har allltid hatt syn for nattverden sitt sakrament. Det var jo difor dei heilt frå Andreas Lavik kjempa for nattverden i bedehuset – det var åndeleg mat for Guds folk.

Det var også difor ein døypte borna. Dåpen er Guds nådemiddel – gjennom evangelieordet sameina med vatnet gjev Gud barnet del i det nye livet. Men dette må leggast til: ImF sin arv har alltid hatt med «atterføding ved Ordet» for den døypte og fråfalne. Det fråfalne skal ikkje berre møta forkynning som formanar til å leva i dåpen, men gjennom evangelieordet bli ført til omvending, atterføding og nytt liv.

ImF sin arv har alltid hatt med «atterføding ved Ordet» for den døypte og fråfalne

Bak den læremessige profilen til ImF (sjå førre nummer, red.anm.) ligg følgjande moment:

Menneskeslekta som er skapt i Guds bilete, har frå sine første foreldre – Adam og Eva –  vendt Gud ryggen og blitt vreidens born. Guds frelse er knytt til Jesu stedfortredande soningsverk. Men skal dette frelsesverket bli eit menneske til frelse, må Gud ved evangeliet bringa Jesu frelsesverk til den enkelte. Det er når Gud gir oss si frelse at mennesket ved tru blir rettferdig for Gud.

Her må vi tilstå at vi som leiarar har svikta

Ei diakonal rørsle. Indremisjonen har vore diakonien sin fanebærar i kyrkjelandskapet like frå August Herman Francke i Tyskland. Arven har vore både institusjonsdiakoni, sjukepleie, fattigpleie og omsorg for menneske i nød. Her må vi tilstå at vi som leiarar har svikta. Eg gløymer ikkje kva Frank Aarebrot ein gong sa til meg: «Det er indremisjonen som burde vore først ute med ‘Kirkens bymisjon’». Her kan eg trekka inn mi eiga formulering: Vi må vera «Ordet nær – og – Mennesket nær». Det er sann indremisjon.

Avklart kyrkjeprofil. ImF har vore ei radikal lekmannsrørsle. Poenget er ikkje å vera ulærd, men at her høyrer vi til i kraft av liv i Gud og det allmenne prestedømmet som omfattar alle truande. Vi tener i kraft av nådegåve og det ytre kall vi får. Den lutherske truvedkjenninga seier at kyrkja sitt vesen er «Samfunnet av de hellige og troende. – Andre kjennetegn enn sann forkynnelse og sann sakramentsforvaltning nevner vår bekjennelse ikke.» (Carl Fr. Wisløff). Ytre kyrkjeordning er menneskeleg og ikkje guddommeleg fastlagd.

Ytre kyrkjeordning er menneskeleg og ikkje guddommeleg fastlagd

Den radikale indremisjonsrørsla fann si plass innan stats- og folkekyrkja. Det var ikkje fordi ein såg denne kyrkja (med si teologiske bredde) som eit fullgodt svar på «den sanne kyrkja» i bibelsk forstand, men her var vi plassert, og fordi den gav strategisk plass for vårt misjonskall og oppdrag i folket.  Arven seier at vi er «i kyrkja, men ikkje under kyrkja». Her er altså alle med på same grunn – også presten (ikkje i kraft av embetet), men som «bror mellom brør», som dei gamle sa).

KYRKJE OG BEDEHUS: ImF-arven forstår «ellipsen» annleis enn det Ole Hallesby gjorde, konstaterer Karl Johan Hallaråker. Kjelde: Oslo Museum/Leif Ørnelund/Wikimedia Commons

Vår vestlandske arv har vore meir markert sjølvstandig enn indremisjonsarven på Austlandet. Første gong eg har funne omgrepet «ellipsen» i norsk kyrkjeliv brukt, er i prof. Ole Hallesby si Sedelære bind II. Han forsto ellipsen med dei to sentra i hovudsak slik: Kyrkja og presten representerte embetet, bedehuset og emissæren representerte det andre senteret (evangelisten). Difor var det historisk ikkje plass for sakramentsbruk (bl.a. fri nattverd) i den austlandske indremisjonen. Det skulle embetet ta seg av.

Vår vestlandske arv har vore meir markert sjølvstandig enn indremisjonsarven på Austlandet

Vår ImF-arv forstod ellipsen annleis. Bedehuset og vennesamfunnet (det gamle forsamlingsnamnet) hadde fulle rettar til forsamlings- og kallsrett med rett til full nådemiddelforvaltning som lekmannsrørsle i kyrkja. Det er først i nyare tid med forsamlingsutbygging at full nådemiddelbruk har blitt meir «stuereint» utanom den vestlandske radikale lekmannsrørsla. (Eg kunne vera freista til å minna om dei første kommentarane etter eg som ny generalsekretær skreiv dokumentet Åndeleg leiarskap og den kristne forsamlinga i bedehuset (1996) der eg støtta ja til dåp i bedehuset, eit syn som fekk støtte i Forbundsstyret og Generalforsamlinga i ImF i 1997.

Dette er også eit aktuelt poeng for vår åndelege arv når ein i seinare år har drøfta kyrkjesyn og kyrkjemedlemskap. Indremisjonsfolket har i hovudsak vore medlemmer i Den norske kyrkja. Somme har vore medlemmer i den lutherske frikyrkja. Men medlemsskapet har ikkje vore basis for arbeidet. ImF har hatt tru for bibelsk dekning for liv og teneste i kraft av det allmenne prestedømmet. Grunngjevinga for ImF trussamfunn i 2009 for dei som personleg av samvitsgrunnar forlet Den norske kyrkja, var ikkje at vi trong eit kyrkjesamfunn for full nådemiddelforvaltning eller å tena folket med forkynning og undervisning eller andre «kyrkjelege handlingar» som gravlegging. Argumentasjon i den retning er faktisk i strid med vår lekmannslinje.

Calmeyergatens Misjonshus i 1957. Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum. Kilde: Wikimedia Commons

Calmeyergatelina er navigasjonsprofilen i kyrkjelandskapet.  Sjølv har eg ikkje vanskar med å følgja professor Carl Fredrik Wisløff sine vurderingar også i dagens kyrkjelandskap og ønskjer ei sjølvstendig og radikal indremisjonsrørsle i Den norske kyrkja framleis. Eg er overtydd om at det er den raude tråden i vår misjonsarv.

Calmeyergatemøtet i 1920 samla folk frå dei store misjonsorganisasjonane der Ole Hallesby, Johan Martin Wisløff og Ludvig Hope var dei fremste leiarane. Møtet drøfta korleis organisasjonane og bedehusfolket skulle førehalda seg til liberal teologi, og liberale prestar og leiarar. Konklusjonen blei denne – Nei til frivillig samarbeid med liberale prestar. Det betyr at dei ikkje problematiserte offisielt samarbeid i statskyrkja eller krevde nokon bort der. Dei ville berre ha klare linjer om sitt eige frie arbeid i bedehusland. På møtet blei det strid om eit poeng. Fleirtallet (austlendingane) vedtok at var det liberal prest i kyrkja, kunne ein også la seg betena med Ord og sakrament på «anna lovleg måte» («lovleg» var ved annan prest). Vestlendingane røysta imot. Det var naturleg grunna i deira radikale lekmannssyn – ein kunne bli betent i bedehusland med Ord og sakrament i kraft av det allmenne prestedømet.

Teologiske brytningar i kyrkja og biskopar som lærer i strid med Bibel og vedkjenning, er ikkje av ny dato

Teologiske brytningar i kyrkja og biskopar som lærer i strid med Bibel og vedkjenning, er ikkje av ny dato. Det viser kyrkjehistoria til fulle. Korleis ulike grupper samlar seg om ulike løysingar viser boka Norsk kirkedebatt gjennom 100 år (1979) av Carl Fr. Wisløff også på ein klargjerande måte. Det er kyrkje- og embetssynet som i stor grad skil mellom gruppene sine løysingar. Det er nok situasjonen i dag også, spør ein meg. Wisløff sitt råd er tydeleg: Truande prestar og lekfolk må gå til sin daglege gjerning med frimot! «Ingen organisasjonsformer er i seg selv hellige og umistelige.»

ImF-arven er tydeleg – vekt på forsamlings- og nådemiddelbruk utan energilekkasje til ordningsspørsmål

ImF-arven er tydeleg – vekt på forsamlings- og nådemiddelbruk utan energilekkasje til ordningsspørsmål. Folket og kyrkjelandskapet treng denne radikale lekmannsrørsla som aldri før. Ei luthersk kyrkje er ei tenande kyrkje!

Les mer: I aprilnummeret av Sambåndet kan du lese hva 13 forkynnere mener er ImFs arv og hvilke deler av denne det er verdt å legge vekt på videre. Er du ikke abonnent, kan du kjøpe dette nummeret av bladet i digital utgave via denne lenken.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.