TILBYR SAMTALER: På NLA Høgskolen i Bergen står blant andre terapeut May-Bente Matre og studentprest Petter A. Ekerhovd-Ottersen klar til å ta imot studenter som trenger noen å snakke med. FOTO: NLA Høgskolen

Vil motverka einsemd

Gratis felleslunsjar og tilbod om samtalar er to av strategiane misjonseigde NLA Høgskolen vil møta einsame studentar med.

Ifølgje Studentanes helse- og trivselsundersøking (Shot 2018), som vert offentleggjort i september, opplever nesten ein av tre norske studentar ofte eller svært ofte einsemd i form av å sakna nokon å vera saman med, eller kjenna  seg utanfor eller isolert.

– Når vi veit at ein av tre studentar ofte er einsame, er det viktig å ta dette på alvor, seier studentprest Petter A. Ekerhovd-Ottersen ved NLA Høgskulen i Bergen.

Han trur undersøkinga speglar røyndomen, og studentpresten jobbar aktivt for å skapa eit godt og inkluderande miljø for studentane ved NLA.

– Vi er opptekne av å sjå alle og gjera oss så tilgjengelege som vi klarer. Det handlar i botn og grunn om nestekjærleik, seier Ekerhovd-Ottersen til KPK.

– Kan gje psykiske plager

Lege Kari Jussie Lønning, som er leiar for styringsgruppa til SHoT, meiner mengda einsame i studentundersøkinga er bekymringsfull.

– Mange flyttar heimefrå for første gong, skal skaffa seg nytt nettverk og klara seg sjølv, samstundes som dei skal prestera i studia. Dette kan føra til at dei kjenner på einsemd og sårbarheit, og det kan gje utslag i psykiske plager. Difor må vi ta dette på alvor, seier ho i ei pressemelding.

Jussie Lønning oppfordrar dei nye studentane til å delta på både sosiale og faglege aktivitetar heilt frå semesterstart.

– Og eg vil oppfordra utdanningsinstitusjonar og studentsamskipnader til å leggja til rette for gode, sosiale møteplassar for studentane, seier ho.

Nærleik, fellesarrangement og samtaletilbod

Studentpresten fortel at dei på NLA Høgskulen har fleire strategiar for å fanga opp og hjelpa studentar som slit med einsemd.

– Vi ynskjer å ha ein nærleik til studentane og møta heile mennesket. Dette er noko vi tilsette snakkar mykje om. I tillegg brukar vi tid på å leggja til rette for fellesskap i det sosiale miljøet og byggja klassedynamikken, fortel han.

NLA arrangerer blant anna gratis felleslunsjar og tilbyr samtale- og rettleiingsteneste for alle studentar. Her kan studentane møta ein rettleiar, studentpresten eller ein terapeut.

– Å få hjelp med bearbeiding og sortering kan vera god hjelp til å klara å konsentrera seg om studiesituasjonen og etablering av nye relasjonar, fortel høgskulelektor og terapeut May-Bente Matre, som har lang røynsle med terapi, rettleiing og sjelesorg.

– Tema knytte til sjølvkjensle og utryggleik på eigen verdi er òg viktige for å oppleva seg som ein del av eit fellesskap. Dei som tilbyr samtalar, har ulik bakgrunn og kompetanse, og dei har sjølvsagd teieplikt, held ho fram.

– Ideell storleik

Òg på MF vitskapleg høgskule for teologi, religion og samfunn er dei oppteken av å leggja til rette for sosiale arenaer og samtalerom for studentane.

– MF er ein relativt liten institusjon. Samstundes synest vi at storleiken er ideell. Vi har eit miljø som er stort nok til å fungera godt, og lite nok for at tilsette og studentar kan verta godt kjent. Her kan kvar enkelt sjåast, seier rektor Vidar L. Haanes på heimesidene til skulen.

Òg NLA framhevar at dei som ein mindre høgskule kan vera tett på studentane.

– Å gi stønad til den enkelte studenten gjennom eit studieløp handlar om meir enn å få gode karakterar. Det handlar òg om å utvikla ein god personleg karakter. NLA Høgskulen vektlegg difor på alle nivå i organisasjonen å sjå og leggja til rette for den enkelte studenten så langt det lèt seg gjera, fortel studiesjef Marit Offerdal. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.