INGEN GRENSE: Den nye loven som er vedtatt i delstaten New York, setter ingen grense for selvbestemt abort. FOTO: CC Pixabay
Gjer abort lovleg heilt fram til fødsel
Delstaten New York i USA har vedteke ein lov som gjer det lovleg å ta sjølvbestemt abort heilt fram til niande månad.
Fleire religiøse grupper oppfordra tilhengarane sine til å be om at forslaget ikkje skulle vedtakast, men etter ein intens debatt for og imot vedtok den livgivande forsamlinga i staten New York ein lov tysdag som i prinsippet gjer det lovleg for legar og andre helsearbeidarar som til dømes jordmødre, å utføra abort heilt fram til fødselen. Dette skriv The Christian Post.
Den såkalla Reproductive Health Act (RHA), som abortforkjemparar har freista å få gjennom i 12 år og som har vorte kjempa mot av religiøse og konservative grupper, vart vedteke med 38 mot 28 stemmar og applaus i staten sitt senatkammer. Loven fjernar abort frå straffelova til staten. Lova fekk fleirtal fordi Demokratane no, for første gong på nesten ti år, har fleirtal i senatet i staten New York.
Fryktar høgsteretten til Trump
Amerikanarane sine føderale abortrettar vart garantert under 1973-avgjerda frå Høgsterett kalla Roe v. Wade. At denne avgjerda kan trugast etter Donald Trump sine utnemningar av konservative dommarar til høgsterett har vore eit av argumenta for forkjemparane for RHA. Den nye lova gjer Roe v. Wade-avgjerda til ein del av lovverket til staten New York.
– Vi har ein president som har gjort det veldig klårt at han ynskjer å overstyra Roe v. Wade, sa majoritetsleiaren til statssenatet Andrea Stewart-Cousins på ein pressekonferanse tysdag, ifølgje Albany Times Union.
– I dag, her i New York, seier vi nei. Vi seier at her i New York er helsa til kvinner viktig. Vi seier at her i New York, tyder livet til kvinner noko. Vi seier at her i New York, tyder avgjerdene til kvinner noko.
Fjernar grense på 24 veker
Abort vart legalisert i New York omtrent tre år før Roe v. Wade-avgjerda, men vart verande på den kriminelle kodeksen til staten, noko som gjorde det til eit lovbrot å utføra abort etter veke 24 ifølgje Democrat & Chronicle.
Loven definerte tidlegare drap som «åtferd som fører til død av ein person eller eit ufødt barn som ei kvinne har vore gravid i meir enn 24 veker.» No blir det lovleg med abort etter 24 veker når det er til beste for kvinnas helse eller barnet i mors liv ikkje blir rekna som levedyktig. Tidlegare var det berre lov med seinabort dersom kvinnas liv var i fare.
Motstandarar av loven meinte at det skulle vore definert kva som utgjer ein trussel mot helsa til ei gravid kvinne. Republikanske politikarar seier at lova let det vera for mykje opp til skjønn og kan opna døra til seinabortar som ikkje er medisinsk naudsynte.
RHA-loven seier vidare blant anna at: «Kvart individ har den grunnleggjande rett til å velja eller nekta prevensjon eller sterilisering. Kvart individ som vert gravid, har den grunnleggjande rett til å velja å bera graviditeten til termin, å føda eit barn, eller å ta abort, i samsvar med denne loven.»
Under debatten om loven ropte støttespelarar: «Free abortion on demand, can we do it, yes we can», medan motstandarane song tilbake medan dei heldt plakatar med bilete av babyar og skilt med påskrifta “I regret my abortion.” KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!