DEBATT: Kristin Clemet får årets Livsvernpris. Foto: Menneskeverd

Livsvernprisen til abort-debattant

Menneskeverd har mått forsvara at dei gir Livsvernprisen 2020 til Kristin Clemet.

Prisen vert delt ut måndag 3. februar på Hotel Continental i Oslo med mellom andre tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik, stortingsrepresentant Stefan Heggelund, VG-redaktør Hanne Skartveit og teologen Eivor Oftestad til stades saman med Menneskeverd sin generalsekretær Morten Dahle Stærk.

Langvarig engasjement

I grunngjevinga frå Menneskeverd står det at Clemet får prisen for det langvarige engasjementet sitt for menneskeverdet. Clemet er dagleg leiar i den liberale tankesmia Civita og har fartstid både som arbeids- og administrasjonsminister og utdannings- og forskingsminister for Høgre.

Ho var sentral i den såkalla «nye abortdebatten» på 1990-talet, ein debatt som var begrunna i ny kunnskap om fosteret og bekymring for sorteringssamfunnet. Sjølv om ho er for såkalla sjølvbestemd abort, beskriv ho dagens abortlov som «eit nødvendig onde». Samstundes har ho vore oppteken av samvitsaspektet ved abortsaka.

Motstridande?

Då det 8. januar var kjent at det var Clemet som skulle få prisen for i år, meinte avisa Vårt Land på leiarplass at Menneskeverd sende motstridande signal. Avisa peika på at Menneskeverd kritiserte biskopane for uttalen om at «et samfunn med legal adgang til abort er et bedre samfunn enn et samfunn uten en slik adgang». Opp mot dette viser avisa nettopp til uttalen frå Clemet om abortlova som «et nødvendig onde».

I eit debattinnlegg i Vårt Land 13. januar svarar Mennskeverd på dette. Dei viser til at når organisasjonen deltek i offentleg debatt, som i høvet med uttalen frå biskopane, gjev dei uttrykk for primærstandpunktet sitt. Livsvernprisen har ein annan funksjon, nærare bestemt å støtta opp om krefter som «skaper håp for menneskeverdet over lengre tid».

«Knapt noen i det offentlige ordskiftet har problematisert abort på samme måten som Kristin Clemet», skriv generalsekretær Morten Dahle Stærk og informasjonsansvarleg Maria Selbekk i Menneskeverd mellom anna.

Kristin Clemet har mellom anna markert motstand mot paragraf 2c i abortlova som omhandlar sjukdom hjå fosteret som sjølvstendig abortkriterium. Vidare har ho tatt til orde for ein sakleg og respektfull tone i abortdebatten og poengtert at eit liberalt demokrati lyt framelske meiningsmangfald, verne samvitsfridomen og respektere mindretalet sitt syn.

– Ikkje eit ubetinga gode

I 2012 synte ho overrasking over at så mange ser på abortlova som «eit uproblematisk og ubetinga gode.»

– Sjølv ser eg på lova som eit nødvendig onde. Abort er og blir eit etisk dilemma, som ingen enno har «løyst». Det er ein konflikt mellom to partar, og uansett kva ein vel å kalla det – om det er eit embryo, ein «celleklump», eit foster eller ein person – så inneber abort at ein tek liv, eller i det minste eit spirande liv. Det er mogeleg at det er etisk uproblematisk for somme, men det kan umogeleg vere «feil» å vurdere det som eit etisk problem, vert Kristin Clemet sitert på. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.