I CANADA: Asia Bibi har kommet seg tryggt ut av Pakistan og til Canada hvor hun har fått asyl. FOTO: Åpne Dører

Asia Bibi ute av Pakistan

Den frikjente kristne kvinna er endeleg i fridom i Canada etter ti år i fengsel og ni år med dødsdom for blasfemi i heimlandet.

Det er Asia Bibis advokat Saif ul-Mulook som stadfestar overfor CNN at ho har kome seg til Canada der barna hennar har venta på henne.

Den kristne tobarnsmora vart skulda for blasfemi i 2009 og dømt til dødsstraff året etter. I oktober i fjor vart kvinna frikjent av pakistansk høgsterett, noko som førte til kraftige opptøyar i Pakistan. Ekstremistane trua både Asia Bibi og høgsterettsdommarane som frikjente henne, på livet.

Etter frikjenninga har Bibi levd under vern på fleire hemmelege adresser i Pakistan før ho no har kome seg ut av landet.

Også pakistanske tenestemenn stadfestar at Asia Bibi har forlate Pakistan.

– Asia Bibi har forlate landet. Ho er ein fri person og reiste etter eigen vilje, seier ei kjelde i Utanriksdepartementet til den pakistanske nettavisa dawn.com.

Glede og lette

Generalsekretær Ed Brown i Stefanusalliansen seier at dette er utruleg gode nyheiter.

– Asia Bibi har sete ti år i fengsel og ni år med ein dødsdom hengande over seg. Vi er utruleg glade for at ho no er ute av Pakistan. Det er også ei lette, seier Brown i ein artikkel på heimesidene til organisasjonen.

Stefanusalliansen har arbeida saman med personar og organisasjonar i Pakistan som har hjelpt Asia Bibi i fleire år.

– Saka har opptatt oss så lenge. Vi er glad for at Pakistans høgsterett stod opp for viktige rettsprinsipp og frifant henne, trass i hardt press. Vi er også glad for at Pakistans styresmakter har tatt vare på sikkerheita hennar i landet og no late henne dra, seier Brown.

Fryktar represaliar mot kristne

Generalsekretæren håper nyheita om utreisa ikkje skaper nye opptøyar.

– Det er for tidleg å seia kva konsekvensane blir for pakistanske kristne. Vi får håpa at stemninga har roa seg, og at Bibis utreise ikkje fører til represaliar mot kristne, seier Ed Brown.

Bibis advokat Saif ul-Mulook meiner protestane og dødstruslane etter Bibis frifinning ikkje er representativt for haldninga til fleirtalet av Pakistans befolkning, men har utspringet sitt i ei lita gruppe ekstremistar.

– Dei er små, men svært høglydte og valdelege. Dei kallar seg muslimar, men eg vil ikkje seia at dei er det, sa han til Kristeleg Pressekontor då han gjesta Noreg i februar. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.