STØTTER FORFULGTE: Gjennom hele november hvert år arrangeres fakkeltog og "Søndag for forfulgte" over hele landet for å gi støtte til dem som forfølges for sin tro. Her fra markeringen i Oslo i 2017. ARKIVFOTO: Markus Plementas, KPK

‘- Kvinner blir forfølgde på skitnaste måte

Kristne over heile verda markerer i november si støtte til kyrkjer og menneske som blir forfølgd for trua si. I Norge vert søkelyset i år sett særleg på kvinner.

Kvart år blir «søndag for forfølgde» markert i kyrkjer og kristne forsamlingar over heile verda. I USA vart den markert den 3. november og i England den 17. november.

Ifølgje nyheitsmediet Christian Today slår ein rapport frå utanriksdepartementet i Storbritannia tidlegare i år fast at 80 prosent av menneske som lid for trua si over heile verda, er kristne.

Her til lands er det vanlegast å markera denne dagen den andre søndagen i november, altså 10. november i år, men kyrkjer blir stilt fri til å velja ein annan dag som passar.

I tillegg til den nemnde søndagen blir det i mange byar markert støtte til forfølgde gjennom fakkeltog i slutten av oktober og i november. Denne markeringa gjeld ikkje berre kristne, men alle som blir forfølgde for trua si, uavhengig av religion.

Det er organisasjonane Stefanusalliansen og Åpne Dører som står for organiseringa av fakkeltoga saman med lokale eldsjeler.

Fakkeltog

I år er det gjennomført eller planlagt fakkeltog for forfølgde i 11 byar eller tettstader i Norge (sjå faktaboks). Temaet for årets fakkeltog er «Kvinner som blir forfølgt for trua si».

– Kvinner opplever ofte ei dobbel form for forfølging. I mange land der kristne blir forfølgde, blir òg mange andre menneskerettar brotne og kvinner har ofte ei svak stilling i samfunnet. Dette gjer dei ekstra sårbare, fortel informasjonsleiar i Åpne Dører, Linda Askeland.

Ho beskriv det kvinner ofte blir utsett for, som den skitnaste forma for forfølging.

– Unge jenter blir kidnappa, valdtekne, tvangsgifta og tvangskonvertert på grunn av trua si. Skamma dette førar med seg, gjer det òg vanskeleg for dei som klarer å rømma frå fangenskap å komma heim igjen. Slik rammar forfølginga heile samfunn og framtida deira, seier Askeland.

Lenkja fast i eigen heim

FANGET: 16 år gamle Leah Sharibu fra Nigeria har vært i fangenskap hos Boko Haram i over 1,5 år fordi hun ikke vil fornekte Jesus. FOTO: Åpne Dører/Open Doors

Kvinner som vel å konvertera til ei anna tru kan òg oppleva forfølging frå sin eigen familie.

– Dette gjeld både kvinner og menn, men kvinner er ekstra sårbare. Vi høyrer historier der dei har vorte lenkja fast med kjettingar og blir haldne som fangar i sin eigen heim. Dei blir behandla som namnlause tenarar, fortel Askeland.

Ho seier mange av desse lagnadane er usynlege og ikkje kjem tydeleg fram i rapportar.

– Dette er ein av grunnene til at vi har valt dette som tema i år, for å setja eit sterkare søkelys på det.

Oppfordrar til brev og bønn

Når det gjeld «Søndag for forfølgde», set Stefanusalliansen i år søkelyset på Irak. Dei har inngått avtale med den kyrkjelege hjelpeorganisasjonen Capni om å bidra til oppbygging av ein landsby for kristne i Irak etter IS-angrep. Dei ønsker å bidra med støtte til å skapa arbeidsplassar, traumehjelp til jesidijenter etter slaveri hos IS, og arbeid for nytt skulepensum.

Åpne Dører har valt same tema som for fakkeltoga for ressursmateriellet sitt til «Søndag for forfølgde». Dei oppfordrar mellom anna folk til å be og senda brev til kvinner som er utsette for trosforfølging.

– Eit døme er 16 år gamle Leah Sharibu frå Nigeria. Ho vart tatt til fange av Boko Haram for halvanna år sidan. Andre jenter som vart kidnappa samtidig, er sett fri, men Leah vil ikkje fornekta Jesus, og derfor er ho framleis fanga, fortel Askeland.

Reiser frå Irak

Sjukepleiaren og jordmora frå Nederland, som vi har valt å kalla «Hannah», har budd og jobba i Sørvest-Asia mesteparten av det vaksne livet sitt. Frå 2003 til i fjor har ho vore aktiv i kurdiske område av Irak, der mannen har vore på oppdrag for organisasjonen Åpne Dører.

Ho var i Norge for å delta på fakkeltog-markeringar for forfølgde i regi av Stefanusalliansen og Åpne Dører.

– På grunn av trua si opplever kristne i desse områda at det er veldig vanskeleg å få jobb. Sjølv om ein har god utdanning, blir muslimske jobbsøkarar med lågare kompetanse prioritert, fortel Hannah til Kristeleg Pressekontor.

Òg i helsevesenet opplever kristne og fattige å bli diskriminert.

– Mange av legane der er berre interessert i å behandla deg dersom du har pengar, og dei er lite opptatt av å tileigna seg oppdatert kunnskap, seier Hannah.

Vil emigrera

For å illustrera kor lita framtid det er for kristne i dette området fortel sjukepleiaren om ei kristen kvinne ho møtte for åtte år sidan.

– Ho var ei fantastisk kvinne som kvar dag gjekk ut, såg opp mot himmelen og sa til Gud: «Kjære Gud, vêr så snill å la oss få bli i dette landet, og la oss vera lys og salt for folket her».

Men då Hannah møtte kvinna igjen i fjor, hadde situasjonen endra seg.

– Ho var vonbroten. To av sønene hennar hadde flytta til vesten, og no sa ho til meg at ho ønskte å følgja dei, og ho bad ikkje lenger bønna si om å bli i Irak, fortel Hannah.

Ho trur dei kristne vil følgja same skjebne som jødane på 50-talet som flytta ut av Irak då dei vart truga.

– Eg føler at dette vil skje med dei fleste kristne. Nokre få vil bli igjen, dei som er ekstremt dedikert til å vera lys og salt, men dei fleste og særleg dei med små barn, vil flykta for å komma i sikkerheit, seier Hannah.

Frå oska til elden

Den nederlandske kvinna har fått mange irakiske venner gjennom alle åra ho har jobba i Erbil-området, men mange av dei har valt å emigrera. Det set ikkje nødvendigvis ein stoppar for forfølginga og diskrimineringa.

– Først må dei dra til Jordan, Libanon eller Tyrkia, der mange familiar blir verande i fleire år. Å dra til desse landa blir ofte som å gå frå oska til elden, seier Hannah.

Same morgon som Kristeleg Pressekontor snakkar med Hannah, har ho mottatt melding frå ein god irakisk venn som er flyktning i Tyrkia på femte året.

– Han sende meg bilde av to av dei yngste barna hans som hadde vorte banka opp på skulen av afghanske og irakiske muslimske barn fordi dei var kristne, seier ho og viser fram bilde av eit barn med blått auge og eit anna med armen i fatle.

15 ÅR I IRAK: Nederlandske «Hannah» har jobbet over 15 år i Irak og er i Norge i forbindelse med Fakkeltog for forfulgte. Her forteller hun om hvordan kristne irakere forfølges og diskrimineres. Av hensyn til hennes og dem hun jobber med sin sikkerhet er hun anonymisert. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Kvinner ekstra utsett

Hannah stadfestar at det Linda Askeland seier om at kvinner er ekstra sårbare, òg er tilfellet i Irak, men at det er store skilnader i landet.

– Viss du kjem frå ein middelklasse-familie, har du som kvinne større fridommar til å jobba og kan seia nei til eit ekteskap du ikkje ønsker. Det kjem òg an på om familien er sekulær eller ortodoks og om du bur i byen eller på landsbygda.

Ho fortel at ho har møtt mange jenter på landsbygda som har vorte gifta bort som 13-åringar og som aldri får lov å gå ut av huset åleine.

– I landsbyane er det nokon gonger som å dra tilbake til eit mellomaldersk samfunn. Her blir svært unge jenter gifta bort, gjerne til søskenbarn, for å behalda verdiane i slekta. Arrangerte ekteskap skjer òg i kristne familiar, men her er det vanlegvis større moglegheit for at dei har eit val enn for dei muslimske jentene.

Mister alt, men finn Gud

Samtidig som kristne kvar veke forlèt Irak, fortel Hannah at dei likevel bygger nye kyrkjer.

– Det er å håpa mot håp. Både pastorane og Åpne Dører ønsker at folk skal bli, og dei prøver å hjelpa ved å gi lån, utvikla skular og byggja opp att hus i landsbyane. Men eit stort problem er å finna jobbar, seier Hannah.

Ho fortel at styresmaktene aktivt arbeider mot den kristne minoriteten, sjølv om dei offentleg seier noko anna.

– Presidenten seier han bryr seg om dei kristne, men gir ikkje offiserane sine instruksar om å gi dei dei same rettane som til kurdarane, og kurdarar utnyttar dette mellom anna med å ta land frå dei kristne.

Mange av dei kristne irakarane har òg opplevd å mista alle eigedelane sine, enten gjennom IS-plyndring av husa deira, eller ved at verdisaker er tatt frå dei ved grenseovergangar under flukta. Hannah fortel at trass i mange vanskar står trua sterkt blant dei kristne.

– Mange fortel at fordi dei mista alle eigedelane sine, fann dei Gud. Dei følte at dei fann den verkelege verdien ved livet – å kjenne Gud og leva for han.

Lappeteppe

Åpne Dører ønsker òg å løfta opp dei forfølgde hos norske styresmakter, men har valt ein litt annan veg enn ein tradisjonell underskriftskampanje.

– Vi oppfordrar folk til å sy eller måla på tøystykke som vi skal sy saman til eit stort lappeteppe. Dette skal overrekkast norske styresmakter på kvinnedagen i 2020, fortel Askeland.

På lappane blir oppfordra folk til å visa omsorg for kristne søstrer ved å skriva ting som «I see you» (Eg ser deg). KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.