Innlegg

SOLIDARITET: Fakkeltoga for forfølgde engasjerar mange menneske. Her er frå markeringa i Oslo i 2017. ARKIVFOTO: Markus Plementas, KPK

– Millionar av barn lid under trosforfølging

Det får store konsekvensar for barn når kristne vert forfølgt. Dette kjem i søkelyset når det blir arrangert fakkeltog for den lidande kyrkja i haust.

Ifølgje organisasjonane Stefanusalliansen og Åpne Dører lever 83 prosent av folkesetnaden i verda i land der tru- og livssynsfridomen er sterkt eller særs sterkt avgrensa.

– Ein stor del av desse – mange millionar – er barn og unge. Dei forstår ikkje alltid kvifor dei vert utestengt, mobba og forfølgt, seier informasjonsleiar i Åpne Dører, Linda Askeland.

Ho har sjølv vore i Egypt og har sett korleis kristne minoritetsbarn vert handsama der og korleis dei får eit avgrensa tilgjenge til ressursar.

– I eit klasserom med 60 elevar vart kristne barn plassert heilt bakarst og vert mobba både av lærarar og medelever. Mange går ut av femte klasse utan å kunna lesa eller skriva, fortel Askeland.

Barn frå livssynsminoriteter rundt om i verda risikerer òg at foreldre vert fengsla eller drepe for trua si, og mange av dei vert tvinga på flukt.

Auka oppslutning om fakkeltog

Kvart år i november arrangerer Åpne Dører og Stefanusalliansen fakkeltog i fleire norske byar for forfølgde. Askeland fortel at oppslutninga rundt fakkeltoga aukar jamt for kvart år.

– I Bergen var det over 600 med i toget i 2017, mengda har auka for kvart år. Òg i mindre byar som Ålesund møter folk opp. Det har vore meir enn 450 i fakkeltog der, seier ho.

I år er to nye byar med på å arrangera fakkeltog for forfølgde: Lakselv i nord og Arendal i sør. Til saman vert det arrangert fakkeltog 11 stadar over heile landet frå 29. oktober til 9. desember.

Fakkeltoga set særleg søkelys på kristne, som er den største gruppa av livssynsminoriteter som vert forfølgt, men løftar òg fram menneskerettar og trusfridom generelt.

– Bibelen utfordrar oss tydeleg på å reisa oss mot all urett: for dei som vert undertrykt og halde nede. Det er absolutt bibelsk belegg for å gå i fakkeltog for alle barn og unge som vert forfølgt for trua si, seier Askeland.

Politisk påverknad

POLITISK: Stefanusalliansen og Åpne Dører ynskjer óg å påvirka politikarar gjennom fakkeltoga. Her er utanriksministar Ine Marie Eriksen Søreide saman med Kjell Ingolf Ropstad og Knut Arild Hareide under fjorårets fakkeltog i Oslo. ARKIVFOTO: Markus Plementas, KPK

Kvart år i samband med fakkeltoget i Oslo vert det levert eit opprop til sentrale politikarar i Utanriksdepartementet. Åpne Dører trur engasjementet påverkar.

– Vi trur jo at det har ein påverknad. I fjor vart det til dømes løyvd fleire millionar meir til arbeid for trusfridom, seier Askeland.

Ho viser til då regjeringa i 2017 dobla bistanden til religiøse minoritetar frå 20 til 40 millionar kroner.

– Få grupper er meir sårbare i krig og konflikt enn religiøse minoritetar. Dei vert utsett for grove overgrep i fleire land. Lista er lang: Isils overgrep mot yazidiane i Irak, presset mot kristne minoritetar i Midtausten, angreip mot kristne og shiaer i Pakistan, uttalte dåverande utanriksminister Børge Brende i ei pressemelding den gongen.

I offentlege rom

Askeland trur det gjer noko med folk å fysisk gå i fakkeltog framfor å berre sitja på eit møte.

– Det handlar om å vera til stades i det offentlege rom og gå i solidaritet med dei forfølgde barna. Å setja beina sine midt i byen og løfta ein fakkel i mørket, gjer noko med oss, seier ho.

Det er lokale komitear som arrangerer fakkeltoga i dei ulike byane.

Stefanusalliansen og Åpne Dører oppfordrar òg kyrkjelydar til å markera sundag for forfølgde på ein av gudstenestene i november.

– Vi tilbyr ressursar til markeringane inkludert opplegg for barn i sundagsskulen. Nytt av året er ein liten teiknefilm som forklarer kva forfølging er for dei minste, seier Linda Askeland. KPK

ingunn@kpk.no

– For lite om forfølgde kristne

Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle er delvis samd i at forfølgde kristne har fått for lite merksemd i norsk presse.

OSLO: I månadsskiftet oktober-november, var det fakkeltog i fleire norske byar for å setja søkelys på situasjonen til forfølgde kristne rundt om i verda. 22. august tok òg Nordisk indremisjonsråd opp denne problemstillinga i ein appell som vart offentleggjort mellom anna på sambåndet.no, Dagen og Vårt Land. Her vende ti generalsekretærar seg til regjering og massemedier i sine respektive heimland og uttalte mellom anna dette:

«Den politiske innsatsen og oppmerksomheten i massemediene skal naturligvis rette seg mot alle som lider i den nåværende krisen. Vi er også bekymret for yazidi-minoriteten, shiamuslimer og andre grupper som nå frykter for sitt hjem og liv. Men de kristne må ikke bli glemt! Den alvorlige situasjonen deres er blitt usynliggjort, ikke minst fordi de er presset av islamistisk fundamentalisme på den ene siden og vestlig sekularisme på den andre.»

Sambåndet la dette fram for redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten:

– Eg er litt delt når eg skal beskriva det, for eg er einig i at kristne minoritetar i til dømes Midtausten, og forfølginga av dei, har stått for lågt på agendaen i norske medier, og for så vidt også i norsk politikk. Og eg trur at ein av grunnane til det er at vi har sett på det som så sjølvsagt at vi er imot dette. Det er så sjølvsagt at vi har vore meir opptatt av andre minoritetar.

Les òg: Utanriksministeren svarar sambåndet.no

Mange som lir.
På den andre sida viser Stanghelle til at dette er ei skjebne som også andre minoritetar deler.

– I store delar av verda er det forfølging av religiøse minoritetar. Ein ser forfølging av kristne minoritetar i muslimske land og av muslimske minoritetar i til dømes Kina og Burma. Ein ser konfliktforhold utfrå tilhøvet mellom majoritet og minoritet og religiøst grunnlag, eller der det religiøse grunnlaget er meir eit uttrykk for eit anna, altså kulturelle eller politiske. Ein ser det i forfølgelse av shiamuslimar i land der du har sunnimuslimsk majoritet, og ein ser det ikkje minst i forfølginga av ahmadiyyamuslimane i land som Pakistan og Iran. No har vi også fått tydeleggjort ei religiøs gruppe som eg er heilt sikker på at nesten ingen i Norge hadde høyrt om, nemleg yazidiane i Irak. Så det at forfølging av religiølse minoritetar blir underspelt og undervurdert, det er eit faktum. Det er ikkje spesielt for kristne minoritetar, men det forsvarar ikkje at også dei blir det, slår Stanghelle fast.

Irak og Syria.
Redaktøren meiner det har skjedd noko dei siste åra, og han ser to ting som har bidratt til det.

– Det eine er jo forfølginga av dei kristne i Irak, der du praktisk talt har fått drive ut dei kristne minoritetane. Og det er jo ein skjebnens ironi og samstundes ein katastrofe at det skjedde som følgje av president Bush sin Irak-invasjon i 2003. For du kunne seia mykje om Saddam Hussein, og ikkje mykje godt, men Irak var eit land der du kunne eksistera som minoritet, seier Stanghelle.

Han var sjølv i Irak tidleg på 90-talet og meiner at minoritetane då var under ein form for beskyttelse.

– Men etter at den store lovløysa kom inn, og du fikk shiadominans, så er dei kristne ei av gruppene det nesten er blitt tomt for. Og det same kan du seia som følgje av borgarkrigen i Syria, sjølv om der må det seiast at det er mange minoritetar som lir. Der er ikkje kristne i noko særstilling, der lir muslimske minoritetar og den vesle jødiske minoriteten. Og så kan du seia at det er ekstra tragisk i Midtausten, fordi der er jo nokon av dei eldste kyrkjesamfunna som vi kjenner, og det er nokon av dei kyrkjesamfunna som har nesten ei ubroten linje til dei første kyrkjesamfunna som oppsto det første hundreåret og dei par første hundreåra etter at kristendommen vart ein realitet, seier Harald Stanghelle.

Den profilerte redaktøren oppsummerer slik:

– Ja, dei som kritiserer oss for å ha forfølging av kristne minoritetar for lågt på dagsordenen, har i alle fall periodevis og delvis rett, og ja, dei kristne minoritetane deler her skjebne med mange minoritetar.