GIR RÅD: I dei nye videoressursane, som Tro & Medier har laga i samarbeid med Misjonskyrkja UNG, Ung baptist og Fribu, gir Alexis Lundh råd og tips til foreldre om nettbruken til barna i ulike fasar. FOTO: Skjermdump frå mknu.no

‘- Må setja grenser for barns bruk av Youtube

Fire kristne organisasjonar har gått saman om ein ressurs som skal hjelpa foreldre å rettleia barna på nett i ulike fasar av livet.

Misjonskyrkja UNG, Ung baptist og Fribu (Frikirkens barn og unge) har samarbeidd med Tro & Medier om eit undervisningskurs på video som vart lansert denne veka. Kursets fem filmar, på rundt ti minutt kvar, gir konkrete tips og råd for godt nettvett.

– Gjennom dette nettkurset skal eg ta dykk med gjennom ulike fasar til barnet, og heile tida har eg eit mediefokus på kva eg snakkar om. Eg tar òg med trosperspektivet inn i dette, og det er veldig relevant når det gjeld mediebruk, seier Alexis Lundh frå Tro & Medier i introduksjonsfilmen for kurset om nettvett.

– Godheit, sanning og tru er noko vi i Tro & Medier ønsker å bringa inn i dette landskapet.»

Knytte til fasar

Tro & Medier har lenge hatt foredrag og kurs for foreldre og andre vaksne om nettvett, men dette er første gong kompetansen blir knytt direkte til utviklingsfasane til barna.

Desse fem utviklingsfasane er ei inndeling som barne- og ungdomsorganisasjonane til dei tre trussamfunna har utvikla etter ein idé frå USA, mellom anna brukt gjennom såkalla fasekort.

Med utgangspunkt i mellom anna utviklingspsykologien seier kvart fasekort litt om kva som er eit typisk behov hos den unge i den aktuelle fasen, og på kva måte den vaksne best kan møta den unge. Kvar fase blir kjenneteikna av eit kjerneord, og dessutan nokre sentrale spørsmål som kvart og eit menneske stiller seg til ulike tider.

Barn- og ungdomstid blir delte inn i fem aldersperiodar; 0-5 år (omfamne), 6-9 år (engasjere), 10-13 år (bekrefte), 14-18 år (mobilisere) og 19 år og eldre (myndiggjøre).

– Vêr kobla på

I videoen som omhandlar 6-9 åringane, seier Lundh at det beste rådet han kan gi uansett når det gjeld barn og mediebruk, er å vera kobla på.

– Du treng ikkje vera ekspert på alle funksjonane i Tiktok eller alt i Vennebyen, men du bør kjenna til funksjonane til barnet ditt og korleis barnet ditt bruker desse plattformene. I denne fasen av livet bør all mediebruk gå føre seg heime.

Han åtvarar mot å gi barna i denne aldersgruppa fri tilgang til Youtube, til dømes.

– Barn opplever ting som er ubehageleg å sjå. Det kan vera seksuelle overgrep, skrekk, at dyr har det vondt, krig og terrorisme, sjølvmord, sex og vald i videoar, seriar og spel.

Lundh fortel at Medietilsynet har rapportert at fleire foreldre er meir bekymra for tida barna bruker på skjermen, enn kva dei faktisk ser på.

– Det gjer meg bekymra, seier han.

Krevjande

Lundh slår fast i videoen at det er krevjande for foreldre å setja ein standard for kva som er akseptabelt og korleis ein skal ha det heime.

– Men her ligg det ei moglegheit til å utrusta barnet ditt til å faktisk kunna meistra livet på nettet, seier han.

Han fortel at fasane blir bygde på kvarandre som byggeklossar.

– Fundamenta du legg tidleg i livet, tryggleik, openheit, omsorg og grenser, er viktige faktorar. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.