KONSERVATIV: – Eg tenker det som har skjedd på landsmøtet, viser at Baptistsamfunnet har ei moderat konservativ grasrot, seier Martin Mæland, leiar for nettverket Veien Videre. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Baptistane stadfesta klassisk samlivssyn

Eit stort fleirtal i baptistlandsmøtet ser på «det livslange ekteskapet mellom mann og kvinne som den bibelske samlivsforma». Representant for ei forsamling meiner vedtaket er av mellombels karakter.

Vedtaket laurdag 31. oktober må sjåast på som eit svar på striden i Baptistsamfunnet rundt forsamlinga i Bærum som har valt inn i forsamlingsrådet ei kvinne som er gift med ei anna kvinne.

Det var hovudstyret som stod bak forslaget som fekk fleirtal. Vedtaket peikar tilbake på ei fråsegn vedtatt under landsmøtet i 2000: «LM 2020 fremholder det livslange ekteskapet mellom mann og kvinne som den bibelske samlivsformen og bekrefter derfor uttalelsen fra LM 2000 angående homofilt samliv og lederskap i Det Norske Baptistsamfunn. LM ber alle Baptistsamfunnets menigheter om å forholde seg til dette vedtak og vår praksis.»

Forslaget fekk tilslutning frå 131 av dei 179 delegatane, medan eit forslag frå Kent Remi Westergren som er pastor i forsamlingane både i Drammen og Bærum, om å avvisa forslaget, fall mot 35 røyster.

Strid om suspensjon

Eit anna punkt under same sak skapte betydeleg strid under ordskiftet. Bærum baptistforsamling har på førespurnad frå hovudstyret valt såkalla «sjølvsuspensjon» medan kyrkjesamfunnet gjennomfører det som kallast BID2022-prosessen, der eit utval jobbar med å utforma «baptistisk identitet, bibelsyn, forståing av fridom og forplikting innan baptistfellesskapet fram til 2022». Det handlar mellom anna om synet på homofilt samliv.

Representantane frå Bærum baptistforsamling som var på landsmøtet, hadde dermed sagt frå seg tale- og stemmeretten.

Blant dei som reagerte på dette, var tidlegare generalsekretær Billy Taranger.

– Bærum baptistforsamling får ikkje forsvara sitt syn og legga fram si sak, sa Taranger, som meinte det var vedtektsstridig å overlata til hovudstyret å suspendera ei forsamling.

Forslaget frå hovudstyret om at dei mellombels skal ha fullmakt til å suspendera forsamlingar, vart avvist i den opphavlege forma si, medan eit moderert forslag vart vedtatt.

– Moderat konservativt fleirtal

Magnar Mæland som leiar det konservative nettverket Veien Videre, er nøgd med retninga i vedtaka knytt til samlivsspørsmål.

– Eg tenker det som har skjedd på landsmøtet, viser at analysen vår stemmer, nemleg at Baptistsamfunnet har ei moderat konservativ grasrot. Landsmøtet viser tydeleg at det som kan kallast den tolerante gruppa, er i mindretal. Forslaga deira har falle, og mønsteret i avstemmingane er nokså klart, seier Mæland til Kristelig Pressekontor.

Han seier at Veien Videre kan leva greitt med det som vart vedtatt om suspensjon.

– Vi meiner det er nyanseforskjellar mellom forslaget i hovudstyret og det som fekk fleirtal. Det gir ikkje den same fullmakta til hovudstyret. Likevel blir det gitt eit klart mandat om å øva trykk på forsamlingar som ikkje følgjer dei felles retningslinjene om homofilt samlevande i forsamlingsråd, seier Mæland.

«Elefanten i rommet»

– Veien Videre vart kalla elefanten i rommet i eit innlegg?

– Ja, vi har vorte kalla mykje ulikt. Vi veit at vi er til provokasjon og irritasjon for nokon, men alt vi har gjort, har vi gjort heilt ope, så viss vi er ein elefant, er vi ein veldig synleg elefant.

Mæland innser at BID2020-prosessen kan ta lengre tid enn alle i Veien Videre kunne ønska seg, men også her meiner han at retninga er viktigare enn tempoet.

  – Nokon hos oss har vore utolmodige, og det er ein fordel å få avklart mest mogleg så snart som mogleg, men vi har aldri meint at vi ikkje skal ha ein prosess som er forsvarleg. Det viktige er at vi ser ein tydeleg progresjon, og denne elefanten må etast bit for bit, som det vart sagt i eit innlegg i landsmøtet, seier Mæland, som ikkje trur heile BID-prosessen kjem i mål i 2022.

 Veien videre-leiaren uttrykker ønske om at Baptistsamfunnet skal finna ein veg der alle kan gå saman, både lokalt og som kyrkjesamfunn, men er ikkje spesielt optimistisk i så måte.

– Vi har gjort nokre avklaringar om samlivsetikk og valt ein ny generalsekretær som har sagt kvar han står i den saka. Men Baptistsamfunnet har eit så stort sprik at eg ikkje er sikker på at vi klarer å halda alt saman framover, seier Mæland.

Han definerer styrevala som viktige for å få ei samla leiing i kyrkjesamfunnet.

– No er det viktig å skapa arbeidsro, og det har vi fått med desse vedtaka, seier han.

Tonar ned

LIBERAL: – Når BID-prosessen skal ferdigstillast, kjem BID til å stå på eigne bein uavhengig av vedtaka på årets landsmøte, kommenter Mathias H. Eidberg i Bærum baptistforsamling. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Mathias H. Eidberg var forsamlingsrådsleiar i Bærum baptistforsamling då det kontroversielle valet til forsamlingsrådet fann stad. No har han spesialansvar for dialogen mellom forsamlinga og Baptistsamfunnet sentralt.

Eidberg tonar ned tydinga av at forslag frå den liberale fløya til salen ikkje fekk fleirtal. Han vektlegg heller ikkje at synet på det livslange ekteskapet mellom mann og kvinne som den bibelske samlivsforma, fekk klart flest stemmer i salen.

– Det viktige for oss i vedtaket om å stadfesta vedtaket frå 2000, som Baptistsamfunnets leiing òg har understreka, er at dette er av mellombels karakter for å skapa ro. Når vi kjem så langt som at BID-prosessen skal ferdigstillast, kjem BID til å stå på eigne bein uavhengig av vedtaka på årets landsmøte. Eg vil derfor ikkje overspela kva dette vedtaket vil innebera, seier han til KPK.

Utsendingar frå Bærum baptistforsamling har vore på landsmøtet, men utan tale- og stemmerett. Om sjølvsuspensjonen seier Eidberg at forsamlinga har hatt «betydelege kvalar».

– Men vi har heile tida hatt eit ønske om å støtta BID-prosessen mest mogleg. Det er òg bakgrunnen for at vi valde å berre stilla som observatørar på landsmøtet sjølv om vi strengt tatt opplever at dette bryt med tradisjonen og ordninga vår. Men viss dette kunne bidra til eit betre klima rundt prosessane, er det eit offer vi er villige til å gjera, seier Eidberg.

Han meiner landsmøteforhandlingane har vore gode og føregått i fred og fordragelegheit.

– Eg håper og trur at vi no kan legga nokon av uroa bak oss og fokusera på BID-prosessen dei neste par åra, seier Mathias H. Eidberg.

Ikkje skremt

Nyvalt generalsekretær Bjørn Bjørnø kjem inn som leiar i ei krevjande tid for kyrkjesamfunnet. Han lèt seg ikkje skremma.

– Det er ei viss uro no, men utfordringar har eg møtt i ulike former i heile tenesta mi gjennom 36-37 år. Eg kjenner meg trygg på at BID-prosessen skal komma fram til gode ordningar, og at Baptistsamfunnet ikkje skal vera splitta og delt, men stå samla og vera ein sterk og viktig aktør for Guds rike, kommenterer han kort og seier seg glad for det tillitsvotumet han fekk frå landsmøtet. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.