BYGGJER: På Kleppe på Jæren er dei i gong med å ta ned noko av det gamle bedehuset slik at arbeidet med å reise den nye forsamlingssalen kan kome i gang for alvor. Foto: Oddvar Brennhovd.

‘- Forsamlingsbygging er ein vekstfaktor

Forskar Olaf Aagedal er ikkje overraska over det det omfattange byggjearbeidet som skjer i bedehusland, og han ser det som del av ein langvarig trend.

Dei siste tiåra er mange små kvitmåla bedehus lagt ned i Norge, men i bygder som Evje i Setesdalen, Kleppe på Jæren, Veavågen og Sæveland på Karmøy og Kvinesdal vest på Agder både byggjer og tenkjer dei stort. På kvar av desse stadene vert det investert godt over 20 millionar kroner i heilt nye bedehus, slik Sambåndet har meldt i bladet for oktober og på nett.

Ikkje overraska

Forskar Olaf Aagedal i Kifo (Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning) har fylgd utviklinga i bedehusland lenge og ser det som no skjer, som ein del av ein langvarig trend.

– Så desse satsingane er ikkje overraskande for deg?

– Nei, eg kan ikkje seie det er overraskande. Vi har lenge sett ein kombinasjon av at små bedehus anten vert stengde og seld eller at dei står der, men har låg aktivitet, samstundes som det vert bygd større bedehus meir sentralt rundt om i kommunane. Dette skjer særleg på Sør- og Vestlandet, seier Aagedal til Kristelig Pressekontor.

Les òg: Arbeidet lagt ned på 70 bedehus.

Han stadfestar at nysatsinga i år og i 2021 fell inn i dette mønsteret.

– Det som forsterkar dette, er at tilhøvet mellom Indremisjonsforbundet og Den norske kyrkja er meir anspent enn før. Vi ser ei utvikling i retning av eigne indremisjonsforsamlingar med eit totaltilbod med mellom anna dåp og konfirmasjon. Dette er ein vekstfaktor, meiner han.

23 millionar

SPENNING: – Utbygginga av nye bedehus vert forsterka av at tilhøvet mellom Indremisjonsforbundet og Den norske kyrkja er meir anspent enn før, seier forskar Olaf Aagedal. Foto: KIFO.

Som Sambåndet har meldt (lenka øverst), vert det til dømes investert 23 millionar kroner i det nye Tryggheim bedehus på Evje. Leiar for økonomikomiteen, Terje Greibesland, sier til KPK at det som skjer på Evje, er utslag av at det vert tenkt nytt i bedehus-Norge, og at dette fører til omstrukturering gjennom satsing på større forsamlingslokale. Dette er heilt i tråd med Kifo-forskar Olaf Aagedal si forståing.

– Når små bedehus vert lagde ned, er det ikkje uttrykk for at rørsla klappar saman, men at strukturen vert endra, seier Aagedal.

Forskaren kallar dei nye store bygningane aktivitetsbedehus.

– Dei er bygde for fleire aktivitetar enn dei tradisjonelle små bedehusa, med grupperom for barn og ungdom som det ikkje var så mykje av før. No vert bedehusa lagt meir til rette for ymse alders- og interessegrupper, og det krev større hus, seier Aagedal som også legg vekt på betydninga av den store gjevar- og dugnadsviljen rundt slike prosjekt. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.