OVERVELDA: Dagelg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espeland i Radio Sunnmøre er overvelda over det gode resultatet av radiomessa. FOTO: Radio Sunnmøre

Digital radiomesse over all forventing

Traas i koronarestriksjonar blei det eit rekordresultat på over 300 000 kroner for årets utgåve av radiomessa til Radio Sunnmøre.

‒ Det var heilt fantastisk, nesten ikkje til å tru. Vi hadde ikkje så store forventningar, men dette er over all forventning, seier dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund i Radio Sunnmøre til sambåndet.no om resultatet av årets radiomesse.

I 2019 samla dei inn 160 000 kr, og det var rekord. I år valde dei å ha ei digital radiomesse på grunn av Covid-19.

Rekord
‒ Vanlegvis har vi om lag 100 frivillige som er engasjert i radiomessa. I år var det i hovudsak hovudkomiteen som sto for det meste av arbeidet.

På ei vanleg radiomesse får dei inntekter frå loddboksal, kafésal, tombola, grautsal og lynlodd.

‒ Desse inntektene mista vi i år. Derfor håpa vi på å få inn 50 000-60 000, fortel Vartdal Espelund.

Men resultatet av den digitale radiomessa fredag den 6. november viste at det kom inn over 300 000 kr, og 100 000 av desse kom frå ein anonym givar. Det er ny rekord.

Nervar

Ole Andreas Høyberg, og med artisnamn Adam Cliff, song live under Radio Sunnmøre si digitale Radiomesse. Foto_Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Vartdal Espelund forklarer det med at mange ringde og bestilte varer og lodd, og fleire gav ei messegåve og takka for at dei ikkje hadde fysisk radiomesse. Ja, det det ringde så mange at «Det kokte på telefonlinjene midt på dag, så vi måtte restarte linja», som det står i pressemeldinga frå Radio Sunnmøre. Og mange frivillige heiv seg rundt og baka i to veker over fire hundre lefser, haugar med aniskringler og ambrosiabrød og mykje anna godt.

I pressemeldinga innrømmer Vartdal Espelund at det var nervar i forkant for om ein fekk selt nok lefser og bakst og basarbøker.

‒ Fekk de selt all baksten?                            

‒ Ja, det er ingen ting igjen.

Dugnad

I sendinga i samband med den digitale radiomessa, var det med fleire gjester i studio, mellom andre utviklingsminister Dag Inge Ulstein, artist Adam Cliff/Ole Andreas Høyberg og fleire av dei frivillige som var med og gjorde dagen mogleg.

Radio Sunnmøre når fleire tusen lyttarar på Sunnmøre kvar veke og sender over heile Sunnmøre på FM og Dab, i tillegg til døgnet rundt på internettradio og via appen Radioplayer. I tillegg har radiokanalen i år hatt rundt 20 000 brukarar som den når med intervju lagt ut på heimesida og podkast, og den har over 6000 aktive følgjarar på Facebook.

‒ Radiomessa var ein enorm dugnad som det var fascinerande å være vitne til. Det er tydeleg at Radio Sunnmøre er ein lokalradio mange ynskjer å ha og som betyr mykje for mange, konkluderer Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.