Ver edrue og vakne

Midt i ei kaotisk og turbulent tid er det på sin plass å minne om ei oppmoding som vi finn gjentatte gonger i testamentet: «Ver edrue og vakne!»

Mange av oss nyttar massevis av tid på å tråle gjennom nettsider, sosiale media, endelause nyheitssendingar, dokumentarar, magasin osb. Verda er blitt ganske liten, slik sett, og tilgang på informasjon er enorm. Vi vert bombardert med sterke bilde, feite overskrifter og høgrøysta talarar. Ofte får vi presentert tankar som er meir eller mindre konspiratoriske ved at ein koplar saman fakta og rykte på ein måte som er vanskeleg for dei fleste å etterprøve. Nokre står fram med krystallklare profetiar som dei skal ha fått frå Herren, og når dei ikkje slår til, godtek ein gjerne bortforklaringar i staden for å akseptere det som falskt.

Ofte får vi presentert tankar som er meir eller mindre konspiratoriske

Som kristne byggjer vi vår tru på Bibelen. Den oppmodar oss til å akte på profetordet (2.Pet 1:19), og utlegginga av det profetiske ord har historisk hatt stor plass i ImF. Det ønskjer vi også for ettertida, for rett brukt er det «ein lampe som lyser på ein mørk stad». Det gir oss håp, retning og fred, og ikkje minst fyller det oss med ein gudgitt nød for folk og land om at fleire må verte frelste.

Vi er ikkje i tvil om at utviklinga innan informasjonsteknologi, finansvesen, våpenteknologi, medieverd, statleg overvaking osb. kan teikne eit skremmande framtidsbilde der dette skal misbrukast av Den lovlause, slik 2.Tess 2 skildrar. Her les vi likevel at dette ikkje skal sleppast laust i smug, men ope med teikn og under. Vi er ikkje der, og fleire av oss trur ikkje vi skal oppleve det som Guds folk heller, men vi skal uansett vere edrue og vakne om det som hender i vår tid.

Vi skal nytte den sunne fornuft som Gud har gitt oss, til å vurdere

Det handlar om at vi skal nytte den sunne fornuft som Gud har gitt oss, til å vurdere. Til dømes er det ingenting i det vi veit om covid 19-vaksina som skulle tilseie at vi ikkje skulle ta den, sjølv om nokre kanskje vil stille seg litt lenger bak i køa for å vurdere biverknader over tid.

«Ver edrue og vakne!» Om vi ikkje har formaninga frå Jesus og apostlane i ryggmargen, kan resultatet verte ei uroleg og flakkande sjel utan fotfeste og retning. Bibelen er ikkje spekulativ, men nøktern. Ikkje svermerisk, men realistisk. Den fortel oss ikkje alt om det vi skal møte i framtida, men nok til at vi skal ha det vi treng å vite for at vandringa skal vere stødig mot det målet Gud har sett fram for oss.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.