NY LEDER: Eivind Flå (56) er ansatt som ny daglig leder i misjonsorganisasjonen Lys over Land. FOTO: Lys over Land

Flå leiar for misjonarbeid overfor muslimar

Misjonsorganisasjonen Lys over Land har tilsett Eivind Flå som ny dagleg leiar.

Det melder organisasjonen, som tidlegare heitte Kristen muslimmisjon, i ei pressemelding.

Eivind Flå (56) kjenner organisasjonen godt etter til saman om lag 20 år som tilsett. Han er samstundes godt kjent av misjonsfolket, ikkje minst rundt om på bedehusa. Han var generalsekretær frå 1995 til 2007. Frå 2013 har han vore informasjonsleiar og forkynnar i organisasjonen.

Stipendiat

Flå tar over som dagleg leiar etter Øyvind Hope, som slutta i stillinga etter eitt år den 1. mai. Flå har vore fungerande leiar i organisasjonen i mellomtida.

– Øyvind Hope fekk tilbod om eit doktorgradsstipendiat som han syntes han ikkje kunne seia nei til. Det er grunnen til at han sluttar etter kort tid, seier Eivind Flå til sambåndet.no. 

Fast

Flå stadfestar at han no er tilsett som leiar i fast stilling.

– Men eg har full reiserute som forkynnar til hausten og kjem til å reisa som forkynnar så mykje som mogleg. Misjonsarbeidet til Lys over land står og fell med forkynninga, strekar Flå under.

Ledig stilling

Den nye daglege leiaren kan elles fortelja at organisasjonen med det første kjem til å lysa ut stilling som krinssekretær. Då er området frå Bergen til Agder aktuelt. 

Eivind Flå har fire års utdanning frå Fjellhaug Misjonsskole (1985-1989). Han har vore tilsett i Blå Kors frå 1990 til 1994 og var informasjonsleiar i Åpne Dører frå 2007 til 2012.

Lys over Land vart grunnlagt i 1940 som Den norske Muhammedanermisjon og ligg teologisk nær NLM. Organisasjonen har arbeid i India og Senegal. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.