BETYDELEG: Fyrebilsbibelen har hatt ei betydeleg innverknad, både kyrkjehistorisk, språkhistorisk og kulturhistorisk, seier professor Anders Aschim ved Høgskolen i Innlandet. FOTO: Høgskulen i Volda

Utolmodige ungdommar ga oss Bibelen på norsk

I desse dagar er det 100 år sidan det nokre vil rekna som den fyrste Bibelen på norsk, vart tatt i bruk her i landet.

I 1921 vart den fyrste bibelomsetjinga på nynorsk publisert. – Det var ei viktig hending både kyrkjehistorisk, språkhistorisk og kulturhistorisk, seier professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet, Anders Aschim.

Bibelomsetjinga vart brukt for fyrste gong i ei jubileumsgudsteneste for Noregs Ungdomslag i Nidarosdomen den 10. juli 1921 og kom i sal fem dagar seinare.

– Riksmålsutgåva som Bibelselskapet hadde gitt ut i 1904, var såpass nært opp til dansk at vi med ein viss rett kan kalla denne nynorskutgåva for den fyrste Bibelen på norsk, seier Aschim om Fyrebilsbibelen, som utgåva vert kalla.

Førebels

Utgåva, på det som den gang vert kalla landsmål, fekk tilnamnet Fyrebilsbibelen fordi omsetjinga var meint å vere førebels. Den fekk likevel eit langt liv med eit opplag på 100 000 eksemplar, og han har vore viktig for mange forfattarar lenge etter at det kom nyare omsetjingar til nynorsk.

– Den har hatt ei betydeleg innverknad, både kyrkjehistorisk, språkhistorisk og kulturhistorisk, seier Aschim, som saman med professor Per Halse ved Høgskulen i Volda har skrive «Den fyrste bibelen paa norsk» – Historia om Fyrebilsbibelen.

Utolmodige studentar

Ein av dei spesielle tinga med Fyrebilsbibelen er at den vart utgitt av Studentmållaget i Oslo som etablerte ei bibelnemnd i 1916 med tanke på å få gitt ut ei nynorsk utgåve av Bibelen

Aschim trur årsaka til at studentane tok omsetjinga i eigne hender, var at dei var utolmodige og tykte forlaga brukte for lang tid på å få ferdig ei heil omsetjing.

I nokre kretsar i Bibelselskapet var det ein skepsis til landsmål

– I nokre kretsar i Bibelselskapet var det ein skepsis til landsmål, og Bibelselskapet gjorde i utgangspunktet lite for å få Bibelen omsett til nynorsk. Bibelselskapet hadde òg jobba veldig mye med å få ferdig den fyrste riksmålsutgåva i 1904. Det kravde så mykje at Bibelselskapet ikkje torde å ta på seg å gje ut heile Bibelen på landsmål då, fortel professoren.

KJEM MED BOK: Professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet, Anders Aschim, skriver saman med professor i KRLE ved Høgskulen i Volda, Per Halse, ei bok om Fyrebilsbibelen. FOTO: Høgskulen i Volda

Delar omsett frå før

Ein god del av Bibelen var omsett allereie. Det nye testamentet (NT) vart omsett til landsmål i regi av Det Norske Samlaget i løpet av 1880-talet. Dei hadde fått ein eigen løyving over statsbudsjettet. I 1899 ga Bibelselskapet ut ei utgåve av NT på nynorsk og Salmane nokre år seinare.

– Det vart sett på som ein viktig nasjonal oppgåve å få omsett Bibeltekstar til nynorsk, og Samlaget fortsette å få pengar over statsbudsjettet for å få omsett Det gamle testamentet (GT), men det gjekk ganske treigt. Altfor treigt, meinte disse studentane, fortel Aschim.

Omsetjing på dugnad

Den største bidragsytaren til Fyrebilsbibelen var Alexander Seippel, som var professor i semittiske språk.

– Han starta frå byrjinga og omsette Mosebøkene. Han gjorde det veldig godt, men det gjekk heller ikkje fort. I utgangspunktet ynskja studentane i 1916 å ha ei nynorsk omsetjing klar til reformasjonsjubileet i 1917, fortel Aschim.

Derfor vart det bestemt at dei skulle prøve å få til ei førebels utgåve utan ei fullstendig omsetjing frå grunnspråka med all vitskapeleg sikring som det inneber.

Strategi

– Strategien var å bruka dei skriftene som allereie var omsett, Det nye testamentet pluss åtte bøker frå det gamle, og setta resten ut på dugnad. Fleire av omsetjarane hadde derfor ikkje kjennskap til hebraisk, men støtta seg fyrst og fremst på andre moderne omsetjingar frå Island, Sverige og Danmark, fortel professoren.

Men å bli ferdige til 1917 viste seg likevel å vera umogeleg.

– Alle som har jobba med bilelomsetjing veit at det ikkje let seg gjera å laga ein fullstendig Bibel på berre eit år, seier Aschim som sjølv var involvert i Bibelselskapet si 2011-omsetjing i mange år.

«Ikkje fullkomi, men godt brukande»

Aschim er likevel imponert over at studentmållaget klarte å få gjennomført prosjektet på fem år trass i både praktiske og økonomiske vanskar.

– Resultatet vart ganske bra, sjølv om det er noko sprikande og ikkje heilt einskapleg. Biskopen i Bergen, Peter Hognestad, som gjekk gjennom alle manuskripta under arbeidet, sa: «Fullkomi er ikkje denne utgåva, men ho er godt brukande». Hognestad var sjølv fagmann og hadde vore lærar i GT ved Menighetsfakultetet, fortel professoren.

Inspirert

VIKTIG HENDING: Omsetjinga av Bibelen til nynorsk var ei viktig hending òg i samtida. Faksimile frå Gula Tidend 15. juli 1921.

Aschim fortel óg at det er vanskeleg å få tak i eksemplar av Fyrebilsbibelen i dag, og at han sjølv ikkje har klart å skaffa seg eit.

– Det er fleire forfattarar som har vorte inspirert av Fyrebilsbibelen. Lyrikaren Olav H. Hauge var veldig opptatt av denne utgåva – spesielt omsetjingane til Alexander Seippel. Ein nolevande forfattarar som òg har vore opptatt av Fyrebilsbibelen, er Paal-Helge Haugen. Han har gitt ut ei heil diktsamling med utgangspunkt i tekstar frå den.

Fleire markeringar

100-årsjubileet til Fyrebilsbibelen vert markert på fleire ulike stader i år. Det har allereie vore markeringar under Dei nynorske festspela (10.-13.juni) mellom anna med temautstilling, panelsamtale, festgudsteneste og fagdag.

Hovudmarkeringa skjedde i Nidarosdomen helga 24-25. juli. Nynorsk kultursentrum, Nidaros domkyrkjes kyrkjelyd, Litteraturhuset i Trondheim, Bibelselskapet og Nidaros Mållag inviterte då til orgelmeditasjon og høgmesse i Nidaros domkyrkje, i tillegg til kyrkjekaffi i Vår Frue kyrkje med samtale om Fyrebilsbibelen.

Boka «Den fyrste bibelen paa norsk» – Historia om Fyrebilsbibelen av Anders Aschim og Per Halse kjem etter planen ut i løpet av september. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.