Kristningskongane før Olav

Olsok blir feira til minne om Olav den heilage, men han var slett ikkje åleine blant dei norske kongane om å bidra til innføringa av kristendommen i Noreg.

Om tre år er det tusen år sidan det kanskje viktigaste politiske vedtaket i norsk historie, nemleg innføringa av den såkalla «kristenretten» på Mostratinget. Vedtaket skjedde i det same området der Olav Tryggvasson om lag 30 år tidlegare hadde fått sett opp det som blir rekna som den første kyrkja på norsk jord.

Men forut for både kyrkjebygging og lovvedtak hadde det gått ein langvarig, kulturell prosess som kan ha strekt seg over meir enn 200 år.

Vedtaket på Moster kom som ein konsekvens av at Noreg allereie var vorte kristna i den forstand at kristendommen var den dominerande trua i landet, og åsatrua var på vikande front. Dette var ikkje noko Olav hadde oppnådd i løpet av dei drygt ti år han hadde vore konge på det tidspunktet. Det var heller ikkje noko forgjengaren hans, Olav Tryggvasson, hadde klart i løpet av sine fem år som konge, frå 995 til 1000. Langt viktigare var den politiske strategien to andre kongar hadde følgt, nemleg Håkon «den gode» og nevøen hans Harald Gråfell. Den tydinga desse to, og i særdelesheit Håkon, hadde for utviklinga av kristningsverket i Noreg, er grovt undervurdert i så vel historieskrivinga som i den kulturelle samtalen.

Håkon den gode

Håkon (ca. 920–961) var den yngste av Harald Hårfagres mange søner. Han vart oppfostra hos kong Ethelstan (på norsk: Adalstein) i England, der han vart døypt og fekk ei kristen opplæring. Etter at Håkons halvbror Eirik Blodøks hadde gjort seg så upopulær at han var vorte fordrive frå landet etter berre to år som konge, vart den 15 år gamle Håkon henta frå England og utropt til norsk konge.

Han sette straks i gang med ein kulturpolitikk som la til rette for kristne skikkar og tradisjonar parallelt med dei klassiske, norrøne. Denne var stort sett vellykka. Det kunne berre skje fordi den kulturelle kristningsprosessen i store delar av landet allereie var kome svært langt. Utgravingar har vist at det fanst kyrkjer i Noreg så langt tilbake som på 700-talet.

Rundt 950 freista han derfor å løfta kristningsprosjektet opp på eit høgare politisk plan ved å ta opp saka på Frostatinget. Det var eit dristig grep. I Trøndelag stod den norrøne trua enno særs sterkt. Forsøket førte då heller ikkje fram, og Håkon skrinla deretter kristninga av Noreg som politisk prosjekt.

Denne avgjerda gjorde at Håkon i ettertid av mange vart vurderte som ein fråfallen. Dette er djupt urettferdig mot han både som konge og som menneske. Biskop Fridtjov Birkeli, som òg var ein betydeleg kyrkjehistorikar, hevdar at kong Håkon betydde meir for kristninga av Noreg enn Olav den heilage.

Harald Gråfell

Håkon hadde ingen son som kunne overta som konge etter han. Han vart derfor følgd av «Eirikssønnene», som var nevøane hans. Då Håkon fall, var fire av Eirikssønnene framleis i live, men det var Harald som var den tonegivande blant dei. Dei var alle vorte døypte som unge, saman med foreldra sine. Harald og brørne hans var nominelle kristne. Dei førte det ein må kunna kalla ein negativ kulturpolitikk mot åsatrua og for kristendommen. Den gjekk ut på at dei gamle gudehovane vart rivne, og at kongen overtok dei kostbarheitene som hadde vore i desse hovane. Men han sette aldri spørsmålet om innføring av kristendommen på den politiske dagsordenen i den forstand at dei tok det opp på noko ting.

Det er likevel for enkelt å hevda – som nokon gjer – at grådigheit var kongens einaste motiv for å riva og rana gudehovane. Det er ingen tvil om at det var både ein politisk og religiøs markering frå kongens side å riva desse hovane. Som politisk strategi var den langt meir utfordrande enn den kongen Håkon hadde valt.

Ansvar

At kristendommen styrkte sin posisjon i folks medvit i dei ti åra Harald Gråfell var konge i Noreg, ser vi av det faktum at etterfølgjaren hans som den sterke mannen i Noreg, Håkon Ladejarl, ikkje klarte å utrydda kristendommen i løpet av dei 20 åra han sat med makta, trass i ein særs aggressiv anti-kristendomspolitikk. Dette kom ikkje først og fremst av dei to kongane Håkon og Harald, men rett og slett den langvarige, kulturelle prosessen som hadde føregått over lang tid – truleg heilt tilbake til 700-talet, og som kom av kristen påverknad både frå personar som kom til Noreg og nordmenn sitt møte med kristendommen på kontinentet. KPK

Litteratur:

Birkeli, Fridtjov: Noreg møter kristendommen (Oslo, 1979)

Birkeli, Fridtjov: Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg (Oslo, 1995)

Enstad, Nils-Petter: Sverd eller kors? Kristningen av Noreg som politisk prosess frå Håkon den gode til Olav Kyrre (Oslo, 2008)

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.