OMVENDT: – Den heilage andre gjorde det slik at eg var heilt klar då eg såg denne lysreklamen i Stavanger. For det var ikkje noko som var planlagd frå mi side, seier Liv Arnhild Trydal. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

På rømmen frå Gud såg Liv Arnhild brått lyset

I ungdommen ville Liv Arnhild Trydal (67) legge bak seg alt som hadde med kristen tru å gjere. Men Gud møtte henne i byen hun rømde til, gjennom eit lysande reklameskilt.

Kristne trur at Jesus er den einaste vegen til Gud, men vegane til Jesus er mangfaldige. Liv Arnhild Trydal si livshistorie er eit prov på det.

Fortellinga hennar kastar på merkverdig vis lys over ein bit av striden om lysande Jesus-reklame som for tida går i Skien. Der har Skauen kyrkje fått klager fordi dei har montert ein kross med innvendig lys. No må dei søke kommunen om dispensasjon om dei vil halde på lyset i krossen sin.

På rømmen

Som Kristelig Pressekontor skreiv nyleg, vert ikkje kristen lysreklame møtt med slik motbør alle stader. I Stavanger er skiltet med teksten Jesus verdens lys faktisk freda. Det er det nokre som er særs glade for. Liv Arnhild Trydal er mellom dei.

Ho vaks opp i ein kristen heim i Lunde i Telemark, men snudde ryggen til trua i tenåra.

– Eg skulle sjølv bestemme over livet mitt og ikkje vere under nokon påverknad frå Gud. Eg ville ut og danse og feste og sånn, fortel 67-åringen 50 år etter starten på opprøret sitt.

Frå 1972 til 1976 var ho kontorsekretær ulike stader i Oslo.

– Heile tida der levde eg vekke frå Gud, fortel ho til KPK.

– Ei hard nøtt

Medan Liv Arnhild er i hovudstaden, vert mora kreftsjuk. Ho vert så dårleg at Liv Arnhild tek ei avgjerd om å flytte heim for å stelle henne.

– På sjukeleiet tenkte mor at sjukdomen kanskje ville føre til at eg fann att trua, men det gjorde han ikkje. Ho spurde meg om eg ikkje ville bli kristen, og eg svarte at det klarte eg ikkje å få til. For eg kjende meg sjølv og tenkte at eg ikkje var snill nok eller god nok til å bli kristen. Eg trudde kristendom handla om å gjere seg fortent til noko, fortel Liv Arnhild.

Ho fortalde mora at ho ikkje trudde ho strakk til.

– Eg ville ikkje ha noka innblanding. «Du er ei hard nøtt å knekke, du», svarte mor.

Påkjenning

For Liv Arnhild var det ei påkjenning at mora snakka om dette.

– Det er slik med Guds ord at det minner ein på kva som ikkje er rett. Men eg svelgde det unna og snakka ikkje med nokon om det.

I februar 1977 dør mora. Då er dottera 22 år, og ho held seg heime eit halvt års tid for å hjelpe faren med dei to yngste syskena. Så vil ho vekk. No var planen å legge kristentrua bak seg for alvor. Ho vil reise langt vekk til ein stad der ingen kjenner henne. Plassvalet var kanskje ikkje det mest strategiske for ein som vil vekk frå Gud. Ho dreg til Stavanger, midt i bibelbeltet, der gudshusa ligg tett og knapt er til å kome utanom.

– Eg hadde høyrd at Stavanger var ein bra stad, men visste ikkje kva slag by det var, medgir Liv Arnhild.

Ho held fram utan å tenkje på Gud – inntil til ei spesiell hending i 1980.

Verdas lys

LYS I MØRKRET: Lysreklamen med teksten «Jesus verdens lys» ved Breiavatnet i Stavanger fekk alt å seie for Liv Arnhild Trydal. Foto: Dreyer Boks Fotosamling.

Ein februarkveld vandrar ho langs vestsida av Breiavatnet, like ved domkyrkja. Mot aust ser ho ein stor lysreklame på taket av eit hus. Jesus verdens lys strålar imot henne.

Der og då snur livet heilt for Liv Arnhild frå Lunde.

– Då eg fekk sjå stjerna på toppen og orda som lyste mot meg, tenkte eg: «Jasså, du Gud. Så du er her óg. Det nyttar ikkje å rømme frå deg!»

Ho spurde seg sjølv kvifor det måtte handle om akkurat Jesus, og svaret var klart.

– Då kom alt som var lagra i meg frå oppveksten, fram i tankene, og eg tenkte på Apostelgjerningane 4,12: «Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.» Samstundes var det som ein film frå livet mitt som byrja å rulle framfor augene mine. Eg fekk sjå korleis eg hadde levd, og når eg tenkte på dei ti boda, såg eg at eg hadde levd i synd. Eg forsto at Jesus døydde på krossen for syndene mine, og eg var med ein gong viljug til å ta eit oppgjer med alt eg ikkje skulle gjort. «No er eg blitt ein kristen», sa eg til meg sjølv. «Og det er det berre Gud og eg som veit.»

Snart er det fleire som får vite det, og ho byrjar å gå på møte i Misjonssambandet.

Emissærbøn

Nokre år seinare arbeider Liv Arnhild på Misjonssambandet sit krinskontor i Skien. Der møter ho emissæren Olav Gjone som spør henne korleis ho vart ein kristen. Då ho deler omvendingshistoria si, gjer han store auge. På ei av predikantreisene sine på 70-talet var han i Stavanger. Ein dag han gjekk rundt i byen, såg han Jesus verdens lys-reklamen.

– Då ba han til Gud om at nokon måtte møte Jesus på grunn av denne lysande bodskapen. Han tykte det var svært spesielt med historia mi og spurte om han kunne få nytte ho når han skulle ut og forkynne, fortel Liv Arnhild, som i fleire år har budd i Siljan aust for Skien.

– Oppfinnsom

ROSEMALAR: Liv Arnhild Trydal har dekorert mange av dørene heime i Siljan, og på ei av dei står bibelverset Johannes 8,12 som passar særs godt med omvendingshistoria hennar. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Sidan 1987 har ho vore gift med Per Trydal. Saman har dei fire born som alle har teke vare på trua. Før dei gifta seg, bar ho familienamnet Fahre. Ho og dei seks søskena vaks opp i Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn som eig Skauen kyrkje, gudshuset med krossen som no er blitt omstridt.

Slektningen hennar, Fred Arve Fahre, er prest i kyrkjelyden der, men ikkje den som har gjort KPK merksam på Liv Arnhild si historie. Bestefaren hans og Liv Arnhild sin far var brør, og sambandet mellom korssaka i Skien og lysreklamen i Stavanger er heilt tilfeldig.

– Kva tenkjer du om at det var ein lysreklame som fekk deg til å vakne?

– Tenk kor oppfinnsom Gud er! For det skiltet er eit landemerke i Stavanger, men eg hadde ikkje lagt merke til det før. Då eg gjekk der den vinterkvelden, lyste skiltet sterkt mot ein mørk bakgrunn. Og det var bare dette eg såg, berre denne bodskapen.

– Storarta liv

– Kva slags liv har du hatt sidan opplevinga med lysreklamen?

– Det har vore storarta. Eg tenkjer på livet eg levde bevisst vekke frå Gud og korleis han greidde å sette inn det støtet. Det er voldsomt korleis Den heilage ande klarte å gjere det slik at eg var heilt klar då eg såg denne reklamen. For det var ikkje noko som var planlagd frå mi side. Men det forandra alt, seier Liv Arnhild.

Ho fortel litt om tankane sine før opplevinga ved Breiavatnet.

– Eg hadde ikkje tenkt å gifte meg, men om eg ein gong skulle gjere det, skulle eg i alle fall ha dans og alkohol i bryllaupet. Men då vi vart gift, hadde vi ingen av delane. Det vart det ikkje noko av. Det gav ikkje noka meining for meg lenger. Eg fekk heilt andre interesser og hadde ikkje trong til det, seier ho.

For henne var det viktigaste å få tilgjeving og gjenopprette relasjonen til Gud.

– Det var stort den gongen å bli Guds barn, og det er stort i dag óg. KPK

Reportasjen er laga av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.