DUBBAR HAUGE: Skodespelar Nils Ole Oftebro legg stemme til Hauge i filmen og prøver her å etterlikna andletsuttrykket til sokneprest Jørgen Huseklepp som spelte Hauge i filmen frå 1957. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Lekfolk laga fargefilm om Hauge medan NRK var i svartkvit

Dramadokumentaren frå 1957 om Hans Nielsen Hauges liv blir no restaurert i samband med Hauge-jubileum og ny dokumentarfilm.

Vintertåka ligg tett over hovudstaden denne tysdagen midt i desember. I eit lydstudio i Thunes vei i Oslo lyder stemma til ein mann frå Tune i Østfold: «Det er bra å være godt kledd, men det er bedre å være rustet med Kristi kjærlighet, så jeg kan be for den som overfaller og forfølger en. Guds fred!»

Det er skodespelar Nils Ole Oftebro som legg ny stemme til sokneprest Jørgen Huseklepps tolking av Hans Nielsen Hauge i regissør Hans Lindals film frå 1957.

– Hans Nielsen Hauge var ei blanding av sosialdemokratiet og kristendommen i ein pakke. Eg har utruleg sans for han, seier Oftebro til Kristelig Pressekontor, som har fått vera flue på veggen denne dagen då filmen «Hans Nielsen Hauge» får nye stemmer.

GJETTELEIKEN: Det finst ikkje noko originalt manus til filmen, så teamet bak restaureringa har fått transkribert det som er høyrbart frå originalen. Nokre stader må dei berre gjetta seg til kva som blir sagt. – Vi tar oss nokre kunstnariske fridommar der, seier filmskapar Øyvind Olav Sydow Kleiveland. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

– Denne filmen har i utgangspunktet utruleg dårleg lydkvalitet. Nokre stader er det nesten umogleg å høyra kva som blir sagt. Heile historia kjem meir til live no når du kan forstå kva som blir sagt, seier filmskapar Øyvind Olav Sydow Kleiveland.

Filmen skal òg få eit nytt lydspor med musikk laga av komponist Ragnar Bjerkreim.

Lagar òg ny dokumentar

Det er produksjonsselskapet Hans Media AS som har overtatt rettane til Lindals Hauge-film. Forutan å restaurera den gamle filmen jobbar selskapet med ein eigen dokumentar om Hans Nielsen Hauge med dokumentarfilmskapar Harald Flem som regissør. Selskapet planlegg òg ein ny spelefilm om Hauge som Kleiveland skriv manus til.

Den gamle filmen som i desse dagane får ein skikkeleg overhaling, både visuelt og ikkje minst på lyd, tenker selskapet å bruka i samband med presentasjon og framvising av den nye dokumentaren.

– Vi tenker å arrangera heilaftan med Hauge i sentrum fleire stader. Då vil vi visa denne gamle filmen først, deretter blir det eit foredrag om Hauge, og så viser vi den nye dokumentaren vår etterpå, fortel Kleiveland.

Hans Media-teamet går sånn sett i regissør Lindals fotspor ved å ta filmen ut til kristenfolket på bedehus og i kristne forsamlingar.

Hybrid av dubbing og ettersynkronisering

RESTAURERING: Den dramatiserte dokumentaren frå 1957 om Hans Nielsen Hauges liv får i desse dagane ein ordentleg overhaling. Filmen blir gjort om til widescreen-format og får heilt ny musikk og stemmer. Her øver skodespelar Marit Synnøve Berg på ein av stemmene sine som karakteren Kari Karlaus. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Skodespelar Marit Synnøve Berg gir ny stemme til fleire kvinnelege karakterar i filmen og er opptatt av å fanga sinnstemninga til skodespelarane ho skal dubba over.

– Det var jo ein heilt annan spelestil, så du må prøva å kompromissa og finna ei ektheit som kanskje ikkje er i bildet, men som er i situasjonen, seier ho.

Berg har mykje erfaring frå dubbing på teiknspråkteater og på framandspråklege filmar og dessutan ettersynkronisering av eigne filmar når lyden er for dårleg. Som i sistnemnde må ho på Hauge-filmen prøva å matcha munnbevegelsane til skodespelaren på skjermen.

– Dette blir ein slags hybrid, for her ettersynkroniserer eg jo ikkje meg sjølv. Så det blir dubbing på ein heilt spesiell måte, seier ho.

– Ein mann som løfta landet ti hakk

FORTELJARSTEMMEN: Mesteparten av filmen frå 1957 er med voice-over frå ei forteljarstemme. Skodespelar Jan Gunnar Røise prøver i sin dubbing å finna ein balanse mellom den meir høgtidelege stilen frå femtitalet og ei meir moderne forteljarstemme. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Ei enklare, men likevel omfattande oppgåve har skodespelar Jan Gunnar Røise fått. Han dubbar forteljarstemma som utgjer mesteparten av lyden på filmen, men har ingen skodespelarar som stemma må matcha bevegelsane til. Her er det med andre ord fleire moglegheiter for å ta seg kunstnariske fridommar både med tempo og ordval.

Røise er fascinert av hovudpersonen i filmen.

– Hauge er ein utruleg fascinerande fyr, karismatisk og ein sånn energi utan like, både når han preika og i det han stod for. Han hadde både det åndelege og det heilt praktiske og var eit slags da Vinci-menneske som omfamna alt: Éin mann som løfta landet ti hakk, seier skodespelaren.

Laga av frivillige og amatørar

Ifølgje Lindal-biografien «Stormfugl og hoggestabbe: historia om Hans Lindal», skrive av Gunnar Rødahl, var det viktig for Lindal at filmen om Hauge «skulle springa direkte ut frå kristenmiljøet». Derfor valde han å bruka kristne amatørar og frivillige heller enn å venda seg til profesjonelle filmskaparar. Det blir merka blant dei som no prøver å gi filmen nytt liv.

– Eg har veldig respekt for det arbeidet som vart gjort med denne filmen. Berre det at han er i fargar i 1957 er imponerande. NRK byrja ikkje å senda i fargar før på byrjinga av 70-talet, seier Kleiveland som likevel medgir at ein kan merka at det er amatørar som medverkar.

NY LYD: Filmskapar Øyvind Olav Sydow Kleiveland følgjer med og kommenterer medan lydteknikar og lyddesignar Kjetil Kvamme justerer og tilpassar den nye lyden til den gamle restaurerte filmen. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Amatørskodespelet blir særleg utfordrande for Oftebro som skal prøva å levandegjera Hauge samtidig som stemma må passa med munnbevegelsane til ein ganske stakkato Huseklepp.

– Han har jo berre eitt andletsuttrykk, den mannen. Og så har han vestlandsk dialekt! seier den erfarne skodespelaren.

Som oppvaksen på Tune, staden der Hans Nielsen Hauge kom frå, har Oftebro både den rette dialekten og har lært mykje om lekpredikanten gjennom oppveksten.

– Eg trur Hauge var betydeleg meir karismatisk enn han verkar her, seier han og ler.

Kleiveland påpeikar at sjølv med det vanskelege utgangspunktet så blir filmen heva mange hakk med nye profesjonelle stemmer.

– Vi er utruleg fornøgde med å ha fått med oss så proffe folk. Nokre kunstnariske fridommar tar vi oss med godt samvit, seier han. KPK

Reportasjen er laga av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor

Filmen «Hans Nielsen Hauge» (1957)

  • Dramatisert dokumentar om Hans Nielsen Hauge
  • Regissør: Hans Lindal
  • Hovudrolle som Hans Nielsen Hauge: Sokneprest Jørgen Huseklepp
  • Resten av karakterane i filmen blir spelte av rundt 150 amatørar og frivillige, inkludert 20 prestar.
  • Premiere i Etne i desember 1957
  • Speletid: 68 minutt
  • Skapte i si tid kø ved fleire bedehus rundt om i landet då han vart vist som ny, og filmen var òg ein på rundtur blant norsk-amerikanarar i USA og Canada på byrjinga av 60-talet.
  • Var meint å vera ein forkynnande film.
  • Hans Media AS tok i år over rettane til filmen og er i gang med å restaurera han.

Kjelder: «Stormfugl og hoggestabbe: historia om Hans Lindal», Filmfront.no og Hans Media AS

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.