VOKALENSEMLBE: Tabula Rasa består i dette prosjektet av Sigrun Jørdre, Rikke Lina Sorell Matthiesen, Zsuzsa Zseni, Arild Rohde og Tord Kalvenes. FOTO: NAYARA LEITE 

Brotstykke av bedehuset

– Lyden av bedehuset har fulgt meg gjennom oppveksten – og også heilt inn i mitt virke som komponist den siste tida, fortel Else Olsen Storesund i samband med framføringa av «Bedehus-LAB».

I ei pressemelding skildrar komponisten, som òg er kjent som Else Olsen S, vidare: «Den stille og andektige lyden av bedehuset når døra blei låst opp. Lukta av grønsåpevaska golv. Klirringa i bedehuskoppar. Mintgrøne, rosa og lyseblå Figgjo-koppar. Smaken av sukker, melis, sjokolade og sitronkrem. Og kjeks. Sterk saft. Ingen instruks om måtehald. Mor spelte til allsongen. Det gjer ho framleis. Lyden av fint ustemte pianostrenger, som fekk klangane frå pianoet til å sveva i store akkordar.» 

Endring

Komponisten meiner det no foregår ein dekonstruksjon, endring, av bedehuset. Fysisk av husa der dei står, men også av fenomenet bedehuset, både i menneska og alt bedehuset har husa i nesten 200 år.  

– Døyr bedehuset då? Korleis er lyden av forlatne bedehus, spør Else Olsen Storesund.  

Sambåndet har spurt komponisten kva ho meiner med uttrykket «dekonstruksjon».  

– Ein dekonstruksjon kan det tolkast som når mange bedehus bli selde og gjort om til verdslege formål, som t.d. konsertlokaler eller skatehall. Idémessig er det også ein dekonstruksjon – det er ikkje lenger slik at ´alle´ samlast i bedehuset, peikar Storesund på. 

Komponisten synest det virkar vanskeleg å driva bedehus på grunn av av manglande ressursar, men også grunna manglande anerkjenning.  

– Til dømes er musikken på bedehusa og musikkhistoria som har vore der, ikkje anerkjend i musikkopplæringa ved høgare utdanning. Eg har sjølv faktisk ikkje opplevd ein einaste gong at bedehusmusikken/bedehussjangeren er nemnd. Kanskje kan ein seia at både det kunstnarlege og det sosialt oppbyggande abeidet som foregår på bedehusa, er underkjend, undrar Storesund. 

Samtida

Komponisten vaks sjølv opp på diverse bedehus på Vestlandet. Ho har erfaring med å koma tilbake til bedehusa som vaksen og då opplevd ulik grad av inkludering der.  

– Eg vil seie at samtlege av bedehusa er positive og inkluderande når eg har snakka med folk der om mitt ynskje om å formidla ny musikk, knytt til bedehussjangeren. Men når dei har høyrt samtidsmusikken – eit uttrykk av vår tid – har mange lukka øyrene og vore totalt avvisande. «Dette er ikkje noko for oss», er eit ordrett sitat. Det tyder på at bedehuset er eit hus kor samtida har ei avgrensa rolle. Viss bedehuset ikkje skal romma samtida, foregår det idémessig dekonstruksjon også, meiner Storesund.  

Men ein dekonstruksjon er også byrjinga på noko nytt, i framtida, seier ho.  

– Om me skal pussa opp badet, må me riva ned det gamle fyrst – dekonstruera. Det kan vera slitsomt og rotete, men slik må det vera for at det skal bli noko nytt og varig. 

Turné 

FRAMFØRING: «Bedehus-LAB» skal setjast opp på åtte noverande eller tidlegare bedehus. FOTO: NAYARA LEITE

«Bedehus-LAB» er ei vidareføring av «Bedehus», som hadde urframføring under Bergen Kirkeautunnale i september 2020 og som Sambåndet skreiv om. «Bedehus-LAB» vert sett opp på vestlandsturné i april/mai 2022. 

Det blir framføringar i åtte bedehus eller i hus som tidlegare har vore bedehus (sjå faktaboks).   

I «Bedehus-LAB» får publikum fragment av minne, smakar og framtidshåp. Har bedehuset mist seg sjølv på vegen? Er dørene opne nok til å sleppa framtida inn, vert det spurt i pressemeldinga. 

– Vi undersøker nå korleis responsen frå publikum kan takast inn i framføringa. Publikum vert invitert på kyrkjekaffi og til å dela sine historiar og assosiasjonar som så blir tatt med vidare til neste bedehus.  

Samtidsmusikk

Prosjektet er eit samarbeid mellom vokalensemblet Tabula Rasa, Else Olsen Storesund, Ingrid Askvik (regi) og Matias Askvik/Silje Sandodden Kise (scenografi). Tabula Rasa har sammen med komponist arbeidd med å forma eit verk basert på bedehuskulturen, ut frå et samtidsmusikalsk perspektiv.  Askvik, Askvik og Kise leikar seg med bedehuset sine ritual og estetikk.  

«Bedehus-LAB» blir ifølge pressemeldinga til ei oppleving der publikum både er innanfor og utanfor – betraktande og deltakande.  Formålet med Tabula Rasa er å fremma ny klassisk vokalmusikk, med vekt på norske komponistar. Ensemblet skil seg ut gjennom å jobba med improvisasjon og teatrale verkemiddel for å skapa overraskande og heilhetlige konsertar.  

Framføringa er støtta av Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvande kunstnarar, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Morten Eide Pedersens minnefond og Komponistforeininga. 

Framføringar 

  • 29. april kl. 19: Tunes bedehus, Garnes
  • 01. mai kl. 19: Algrøy bedehus, Sotra
  • 05. mai kl. 19: Leirvik bedehus, Stord
  • 06. mai kl. 18: Hauge bedehus, Karmøy
  • 11. mai kl. 19: Heimly bedehus, Åsane
  • 12. mai kl. 19: Jon Fosses hus, Kvam
  • 14. mai kl. 15: Bdhuset, Breim (tidl. Breim bedehus)
  • 15. mai kl. 15: Kaupanger bedehus
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.