BLÅTUREN til avgangsklassen ved Hatlane skule gjekk til Sjøholt folkehøgskule og sommarhotellet der. FOTO: RANNVEIG NYBØ

Blåtur til Sjøholt

Ein ettermiddag i juni er det yrande liv på Sjøholt Sommerhotell Bed & Breakfast. Latter og grillukt fyller lyfta, og 7. klasse ved Hatlane skule fyller tunet.

Vi tar ein prat med nokre av elevane. Det er Oliver Utvik, Emil Eliassen og Anna Falkevik. Desse tre er elevar i ein elevflokk på nesten 70 stk som er på tur i lag med lærarane sine. Desse skal no avslutte skuleåra på mellomtrinnet – ungdomsskulen neste!

Ungdommane er på «Blåtur», kan dei fortelje. – I går vart vi inndelt i grupper og reiste ut i byen (Ålesund, red.anm.) Vi fekk koordinatar for kvar vi skulle gå, og der fekk vi forskjellige oppgåver, som å ta bilde av bestemte ting som for eksempel statuer, synge for tilfeldige folk, halde eit foredrag for nokon og liknande. Vi var innom rådhuset der vi fekk møte økonomisjefen i Ålesund og sjå bystyresalen.

Spøk

Seinare fekk dei beskjed om at det var smitte av korona i flokken, og turen måtte avlysast. Då bar det i buss tilbake til skulen – der låg bagasjen deira, som foreldre hadde kome med, og beskjed om at meldinga om smitte berre var tull. Bussane kjørte vidare og enda til slutt på Sjøholt folkehøgskule, der dei skulle bu på Sjøholt sommerhotell til dagen etterpå.

VAKNE: Anna Falkevik og Emil Eliassen sov ikkje akkurat bort sommarnatta på sommarhotellet til Sjøholt folkehøgskule. FOTO: RANNVEIG NYBØ

«Vi har hatt det skikkelig bra her!» «Heilt fantastisk!» «Har ikkje hatt tid å kjede meg, her er så mykje å finne på!» «Deilige senger!» «God frukost!» Iveren er stor når dei fortel når dei sovna kvelden i forvegen.

– Kl. 4, seier Anna, medan Oliver strekkjer det til kl. 5.

Hotell

På Sommerhotellet kom elevar og lærarar til rom med eigne bad og oppreidd seng. Ein liten sjokolade på puta, og hotellfølelsen kom med ein gong. Spelerom med bordtennis, biljard og airhockey vart godt utnytta. Dei fekk til og med tid til ei fellessamling i gymsalen.

B & B: 7. klasse ved Hatlane skule kunne nyta ein god frukost på blåturen. FOTO: RANNVEIG NYBØ. MONTASJE: SAMBÅNDET

Sjøholt Sommerhotell takkar denne utrulig kjekke gjengen av både elevar og lærarar for at dei tok turen til oss. Lykke til på ungdomsskulen til hausten, og velkommen igjen!

Reportasjen er laga av Rannveig Nybø, som er kontorleiar ved Sjøholt folkehøgskule.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.