KRIGEN: Ronald Fangen (t.h.) på Ullevål sjukehus i 1941, vakta av ein norsk statspolitibetjent. FOTO: Skanna frå Carl Frederik Engelstad: Ronald Fangen, p. 177. Oslo: Gyldendal, 1946. KJELDE: WIKIMEDIA COMMONS

Skreiv misjonssalmar i skuggen av krigen

«... de er få som kjemper for Jesus her på jord", skreiv Sigurd Lunde i salmen til 100-årsjubileet for Det norske misjonsselskap (NMS) i krigsåret 1942. «… mens verdens riker stiger og de synker», fulgte Ronald Fangen opp.

Det var krig i Norge. Mange forsamlingar opplevde stor søkning til gudstenestene sine, samtidig som Den norske kyrkja var under sterkt press frå dei nazistiske styresmaktene om å tilpassa seg «den nye tida».

Det norske Misjonsselskap skulle markera sitt 100-årsjubileum i 1942. Same år hadde selskapet tilsett den 26 år gamle cand.theol. Sigurd Lunde som ungdomssekretær. Sigurd Lunde (1916–2006) var frå Stavanger, der også Misjonsselskapets hovudkontor låg. Allereie som 16-åring hadde han skrive tekst og melodi til ein song som framleis blir hugsa: «Jeg er frelst, å, for en nåde».

I jubileumsåret skreiv han ein ny tekst. Det var «Se, markene er hvite og høsten er så stor/og de er få som kjemper for Jesus her på jord». Sjølv om Lunde komponerte melodiar sjølv, valde han i dette tilfellet å bruka ein melodi av den tysk-amerikanske salmekomponisten Adam Geibel (1855–1933).

Ikkje i salmeboka

«Se, markene er hvite» er godt kjent i norske vekkingsrørsler, og det er derfor litt overraskande at den faktisk berre står i den lutherske Sangboken og i Frelsesarmeens Sangbok. Han står ikkje i Norsk Salmebok og heller ikkje i songbøkene til pinsebevegelsen, Dei frie vennene eller Misjonsforbundet.

I Frelsesarmeens songbøker har han vore med sidan 1948, i «Sangboken» kom salmen med i 1962. Det berande motivet i teksten er Jesu ord i Johannes-evangeliet: «Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft auga og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten!» (Joh 4, 35).

Etter krigen vart Sigurd Lunde redaktør for Norsk Misjonstidende. I 1952 vart han tilsett som programsekretær for religiøse program i NRK. Her blir han hugsa særleg for programposten «Sanger og salmer vi gjerne hører».

SALMEDIKTAR: Sigurd Lunde (1916–2006) var biskop i Stavanger bispedømme frå 1976 til 1986. Før den tid jobba han i Det norske misjonsselskap (NMS). FOTO: RIGMOR DAHL DELPHIN/DIGITALT MUSEUM/WIKIMEDIA COMMONS

Etter nokre år som prest i Ullern i Oslo, vart han i 1977 biskop i Stavanger. Han var ikkje blant dei kyrkjeleiarane som skapte overskrifter i sine ni bispeår. Han var vurdert som ein teologisk konservativ men personleg romsleg kyrkjeleiar. Han var levande opptatt av kristen song og musikk, og han sat som medlem i fleire komitear som arbeidde med dette.

Blant dei mange songane han dels skreiv, dels komponerte, dels omsette, kan nemnast «Dine løfter er mange», som han skreiv både tekst og melodi til, og «Jeg er i Herrens hender», som han skreiv tonen til. Han skreiv òg fleire bøker.

«Jordas største under»

Ein annan salmetekst som vart til i samband med Misjonsselskapets 100-årsjubileum, var «Guds menighet er jordens største under», med tekst av Ronald Fangen og melodi av Arild Sandvold.

Ronald Fangen (1895–1947) var ein kjent, kulturkonservativ forfattar i mellomkrigstida. På 1930-talet kom han i kontakt med Oxford-rørsla og opplevde ei sterk, personleg omvending. Dette prega forfattarskapet hans resten av livet.

Alt i 1940 vart han, som den første norske forfattaren, arrestert av tyskarane og plassert i Møllergata 19. Tida i fengsel skada helsa hans. Over nyttår 1941 blei han overført fra Møllergaten til den tyske avdelinga ved Ullevål sjukehus, der tilhøva var mildere, og han blei vakta av norske politifolk. På Wikipedia kan vi leisa at han blei sett fri natt til 24. juni 1941.

Kantate

Då tok han fatt på arbeidet med å skriva ein kantate (komposisjon for kor, solistar og orkester, red.anm.) til Misjonsselskapets 100-årsjubileum året etter. Kantaten var delt i tre: «Frå Babel til Kristus», «Frå Kristus til i dag» og «Frå i dag til Kristi attkomme». Det vi i dag kjenner som denne salmen, er dei tre siste av i alt fem vers i ein tekst frå denne delen av kantaten. I 1967 laga Arnfinn Øien (1922–2018) ein ny melodi, og det er denne som blir brukt i dag.

Fangens tekst er sterkt prega av tida ho vart til i, som når det i det første verset heiter «… mens verdens riker stiger og de synker» og i det tredje «… er natten lang, er kampen full av kvaler», og det heile munnar ut i Jesu løfte: «Se, jeg kommer snart».

Om begge desse misjonssalmane frå krigens dagar kan det vel seiast, med ein omskriving av Henrik Wergeland: «I slik en tid skapes salmer, Gud!». KPK

Artikkelen er skriven av Nils-Petter Enstad, Kristelig Pressekontor. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.