FØRSTE GANG: Mary-Ann N. Lindalen (64) har aldri stått og evangelisert på gata før og trur det blir både spennande og utfordrande. – Herren som må visa meg korleis eg skal gjera det, seier ho. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Vil overkomma eiga frykt og søkja Gud

Mary-Ann N Lindalen (64) har aldri stått på gata og evangelisert før. - Eg har fått det sterkare og sterkare på hjartet, seier ho.

Den tverrkyrkjelege misjonsorganisasjonen Open Air Campaigners (OAC) heldt den første veka i august sitt sommarstemne Reach the City i hovudstaden for 12. gang. På stemnet lærer deltakarane å evangelisera på gata på kreative måtar. Men det viktigaste ifølgje dei er å overkomma eiga frykt og søkja Gud.

– Eg har fått det sterkare og sterkare på hjartet at vi skal gå ut med evangeliet til alle, slik som det står i Misjonsbefalinga, seier deltakar Mary-Ann N. Lindalen til Kristelig Pressekontor.

Vi snakkar med 64-åringen frå Gjøvik under eit praktisk seminar der deltakarane skal bli utrusta til å presentera evangeliet på gata med papir, maling og malarkost.

– Eg ønskte å bli meir disippelgjort og vart tipsa om OAC. Eg er heilt grøn og ny på dette her, men eg synest opplegget er kjempebra, seier Lindalen.

Ho har aldri stått på gata og evangelisert før.

– Det er ei utfordring, men det blir spennande. Det er viktig med øving og å få tilbakemelding. Det er ein morosam og fin måte å få folk til å stoppa opp og lytta.

VIL UTRUSTA: Dagleg leiar i Open Air Campaigners i Noreg, Hartvig Kloster, ønsker å utrusta og utfordra deltakarane på Reach the City til å dela evangeliet på gata. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Skal utrustast og utfordrast

Evangelist og dagleg leiar i OAC i Norge, Hartvig Kloster, er opptatt av at dei 30 deltakarane skal få god opplæring for å kunna dela evangeliet både med venner, kollegaer og folk på gata.

– Vi har stor tru på meiropplæring der vi blir medvandrarar og kan gi feedback og rettleia slik Jesus gjorde med disiplane sine. Vi ønsker at den enkelte skal utrustast og veksa i tru og teneste, seier han.

Kloster ønskjer å utfordra deltakarane, men er samtidig opptatt av at ingen skal pressast utover sine eigne grenser.

– Det er viktig at leiarar er bevisste på dette og lærer av dei erfaringane vi høyrer om i debattane som har vore i forkant av The Send. Erfaringa vår er at viss vi gjer det på ein god og bibelsk måte og vandrar tett med folk slik at ingen blir pressa til å gjera noko dei ikkje ønskjer, så reiser deltakarane heim med godt mot og gode kjensler.

I år er mellom anna den engelske OAC-evangelisten Peter Kennelly med som gjestetalar og -underviser på Reach the City.

– Du må vera deg sjølv når du evangeliserer, seier han på seminaret.

WORKSHOP: Med maling og talmagi lærer Open Air Campaigners-evangelisten Peter Kennelly frå London dei norske deltakarane på Reach the City å dela evangeliet på gata. Sumarstemnet fann stad på Fjellhaug Internasjonale Høgskole i Oslo. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

– Nokon har nok negative opplevingar

Mary-Ann N. Lindalen fortel at ho vart kristen i 2005, og at ho til vanleg går i Raufoss Baptistmenighet. Der har nokon byrja å dela ut flyers på gata, men Lindalen seier det ikkje har vore lagt mykje vekt på gateevangelisering.

– Det handlar meir om å få folk inn i forsamlinga og om misjonærar som reiser langt bort, seier ho.

Ho trur grunnen kan vera at ein har dårlege erfaringar med gateevangelisering.

– Eg trur nokre pastorar har hatt negative opplevingar med det, der folk har tredd ting nedover hovudet på dei. Eg kjem ikkje frå nokon kristen heim og har ikkje den same erfaringsbakgrunnen, seier ho.

No håper ho at ho etter kvart kan ta med seg nye erfaringar frå OACs sumarstemne tilbake til forsamlinga si.

– Men det er Herren som må visa meg korleis eg skal gjera det. Eg må søka Herren i bønn og stola på han. Eg må gi slepp på Mary-Ann og la Herren bli stor i livet mitt.

Eg må gi slepp på Mary-Ann og la Herren bli stor i livet mitt

Eiga frykt

38 år gamle Lawrence Wang har drive litt med gateevangelisering før og er på Reach the City for å læra meir.

– Den første og største utfordringa er eiga frykt. Du har lyst å snakka med folk om evangeliet, men det er så mykje frykt at du ikkje tør, seier han.

Wang, som er med i den kinesiske kyrkja i Oslo, fortel at han sjølv klarte å overkomma frykta då han var ute og evangeliserte med søstera si.

– Søstera mi er veldig frimodig og gir meg meir pågangsmot. Ho er synshemma og har berre 10% syn på eitt auge, så ho ber meg nokon gongar om å beskriva personane vi møter. Denne dagen var det to menn som eg valde å beskriva som «skumle menn». Vi valde først å unngå dei, men så kjente eg på at vi måtte gå tilbake og snakka med dei «skumle mennene», fortel Wang.

Mennene var ikkje interesserte i å høyra bodskapen deira, men for Wang gav det likevel mot.

– I den augneblinken følte eg at no kunne eg evangelisera for kven som helst utan frykt. Men sjølv om du har overkomme frykta, så er ho der igjen neste gang. Det krev trening, strekar han under.

Wang framhevar viktigheita av å ha eit team.

– Eg og søstera mi oppmuntrar og styrker kvarandre når vi går saman. Også i Bibelen blir sendt folk ut to og to.

OVERKOM EIGA FRYKT: Den største utfordringa med gateevangelisering er å overkomma si eiga frykt, seier Lawrence Wang (38). FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Ein naturleg del av det å vera kristen

Hartvig Kloster fortel at deltakarane på Reach the City er ei mangfaldig gruppe.

– Vi har eit herleg spekter frå 6 til 64 år, der dei fleste er mellom 25 og 35. Det er folk frå ulike forsamlingar og med ulike livssituasjonar. Rundt ein firedel er menneske med ein annan bakgrunn enn etnisk norsk, fortel han.

Kloster trur at i mange andre land er evangelisering ein mykje meir naturleg del av det å vera kristen enn det er i Norge.

– I Norge er det dessverre ofte ein idé om at evangelisering berre er for nokre få med ei spesiell nådegåve. Vi opplever at mange migrantkyrkjer er veldig opne for evangelisering og å læra. Dei har ein hunger som vi dessverre ikkje ser på same måte i etniske norske forsamlingar. KPK

Artikkelen er skriven av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.