EIGENSKAPAR: Evne til å sjå, formidla, inspirera og vera tydeleg har ifølgje styreleiar Gabriel Pollestad vore Erik Furnes sine gode eigenskapar som leiar. På leiarkonferansen i 2019 nytta Furnes familien sin som illustrasjon i undervisninga. FOTO: PETTER OLSEN

Erik Furnes sluttar til våren

ImF må på leiting etter ny toppleiar etter at Erik Furnes har sagt opp stillinga som generalsekretær.

Publisert 14. september 2022 kl. 11.03.

– Eg seier opp etter ei samla vurdering. 13 år i stillinga er meir enn eg såg for meg då eg starta, seier Furnes til Sambåndet. Dei tilsette i ImF sentralt vart informert på eit personalmøte tysdag 13. september.

Det var på møte i forbundsstyret i september 2008 at styret gjorde samrøystes vedtak om å kalla Erik Furnes til generalsekretær. 42-åringen frå Giske var då kretsleiar i Sunnmøre Indremisjon og leiar av forbundsstyret sidan 2003. Han gjekk av som styreleiar frå og med 24. november 2008 og byrja i toppleiarjobben i administrasjonsbygget på Søre Bildøy i august året etter.

Ti år

Han hadde sjølv sett for seg inntil ti år i stillinga. Den milepælen vart nådd i august 2019. – Eit års tid før tok eg det opp med styret, men fekk då ei klar oppmoding om å fortsetja ut over dei ti åra, seier Furnes.

Generalforsamlinga (GF) i november 2019 var som kjend også starten på prosessen i ImF der målet er å finna fram til den mest tenlege strukturen for organisasjonen i framtida. Dette blir tema for ekstraordinær GF i november 2023 då ImF også kan markera 125-årsjubileum.

– Eg signaliserte i vår at eg skulle stå i dette til organisasjonsprosessen har ført til ein konklusjon, men eg ser at eg ikkje har naudsynt energi og motivasjon til å halda fram, seier Furnes.

«Slitasje»

26. august sette han seg ned og skreiv oppseiingsbrevet til styret. Med seks månadars oppseiingstid er han ute av jobben frå og med 1. mars neste år. Furnes lovar å vera fleksibel med tanke på den komande rekrutteringsprosessen.

Generalsekretæren finn det rett å seia opp «både av omsyn til meg sjølv og til organisasjonen», som han uttrykkjer det. Eit av momenta han viser til, er ein endra situasjon i den nære familien.

– Eit anna moment er den slitasje eg merkar når det gjeld tillit og relasjonar, seier Furnes.

Overfor Sambåndet ynskjer ikke generalsekretæren å konkretisera dette ut over å seia at sjølv om han kan kjenna seg skuffa over ein del som har skjedd, kjenner han ikkje på noko bittert mot nokon.

– Tvert imot kjenner eg på ei djup takksemd over å ha fått vera med på store endringar saman med gode medarbeidarar og gode styre, understrekar han.

«Blanke ark»

Generalsekretæren meiner det er heilt naturleg at ein leiar merkar slitasje over tid, i og med at ein som leiar skal ivareta saksfelt som misjonsfolket ikkje skal ha innsyn i.

– Slik slitasje vil også ramma organisasjonen som ein leier. Difor meiner eg det er på tide at ImF får ein leiar som kan starta med meir eller mindre blanke ark, seier Furnes.

Furnes er takksam for ImF-styra han har hatt over seg i desse åra, og som alle har vist støtte og vilje til å satsa.

– Det er rett å uttrykkja ein særleg takk til styreleiar Gabriel (Pollestad, red.merk.), som har vist godt leiarskap dei siste åra, og for den støtte og forståing han har gitt meg i ei krevjande tid. Utan han ville nok oppseiinga kome mykje tidlegare, utdjupar Furnes.

Økonomi

Når han no seier opp som generalsekretær, vedgår Erik Furnes at han kjenner på alt som er ugjort. Særleg gjeld det å få retta opp den vanskelege økonomiske situasjonen ImF er kome i etter at det vart naudsynt med låneopptak på om lag 40 millionar kroner til Sjøholt folkehøgskole.

– Eg skal gjera det eg kan i tida som kjem, men kanskje er det nettopp her at organisasjonen treng ein ny leiar med energi og innsikt, resonnerer Furnes.

57-åringen stadfestar at han har planar for kva han skal gjera etter at tida som generalsekretær er over, men han vil ikkje utdjupa det no.

– All ære til Herren som gav meg kall og utrustning til å tena med mine gåver, avsluttar Erik Furnes.

TAKKSEMD: – Vi kjenner på ei djup takksemd til Erik – og til Anne som har gitt oss ein så stor del av sin kjære ektemann, seier leiar for ImF-styret, Gabriel Pollestad. FOTO: PETTER OLSEN

Respekt

Styreleiar Gabriel Pollestad seier at ImF-styret er takksame for den innsatsen Erik Furnes har lagt ned gjennom si teneste i ImF.

– Styret ønskte at Erik skulle stå i stillinga fram til ekstraordinær generalforsamling i 2023, men vi har forståing for at avgjerda kjem no, seier Pollestad til Sambåndet og held fram:

– Vi har stor respekt for den arbeidskapasiteten Erik har vist. Han har hatt evne til å bevega organisasjonen mot forsamlingsbygging, med sterk lokal forankring i kretsane våre.

Styreleiaren er samd i at skulesatsinga på Sjøholt opplevast som krevande økonomisk. – Men om vi løftar blikket og tenkjer på kva vi får lov til å bety for dei 61 elevane som starta dette skuleåret, vil det gi ein annan dimensjon. Erik skal ha stor takk for at dette blei realisert, seier Pollestad.

Awana

Awana er eit anna satsingsområde som har skjedd med Erik Furnes som leiar. – Det er fortsatt økonomisk krevande, men det er midt i kjerneområdet til Indremisjonen, nemleg barn og familie, konstaterer Pollestad.

Evne til å sjå, formidla, inspirera og vera tydeleg har ifølgje styreleiaren vore Erik Furnes sine gode eigenskapar som leiar.

– Styret har sett stor pris på samarbeidet. Det er vanskeleg å uttrykkja dette med ord, men vi kjenner på ei djup takksemd til Erik – og til Anne som har gitt oss ein så stor del av sin kjære ektemann, understrekar Gabriel Pollestad.

ImF-styret har ordinært møte 16. september og skal der mellom anna arbeida med kva for eigenskapar og kvalifikasjonar ein vil sjå etter hos ein ny generalsekretær.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.