Overflod av liv!

LEIAR Vi må følgje Sanninga om vi skal behalde Sanninga, elles vert trua som ein muskel som visnar når vi ikkje brukar han.

Det Nye Testamentet fortel oss at det kom til eit punkt i Jesu teneste at han begynte å tale til folket i likningar. Han hadde samla folk i tusenvis og undervist dei ope om alt. Så skjer det altså ei endring, og hos Matteus ser vi det i kapittel 13. Etter å ha fortalt likninga om såmannen, spør læresveinane: «Kvifor talar du til dei i likningar?» 

Jesu svar er til stor ettertanke, ikkje berre for dei jødiske menn og kvinner som lytta den gongen, men like mykje for oss i dag: «Fordi dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men dei er det ikkje gjeve. For den som har, han skal få, og han skal ha overflod. Men den som ikkje har, skal verta fråteken jamvel det han har» (Matteus 13:11–12). 

Kva var skilnaden mellom desse læresveinane og resten av folket som lytta til Jesus? Fleire gonger kan vi lese at folket var imponert over innhaldet i bodskapen og den autoritet han hadde då han bar det fram. «Aldri har noko menneske tala som denne mannen», var det nokon som sa.  

Men det Herren såg i dei mennene som skulle bli hans disiplar, var eit hjarte og ein vilje til å handle som ei følgje av at dei høyrde Sanninga. Då dei såg og høyrde Sanninga, handla dei på den. Beviset på det er måten dei reagerte på då han kalla dei. Då han sa til dei: «Kom, følg meg», reiste dei seg og følgde etter han. Dei handla på kallet og den personen dei hadde høyrt noko om.  Derfor vart det gitt dei å kjenne løyndomane, mens for andre var det skjult. Deira vilje til å handle i samsvar med Sanninga kvalifiserte dei til meir sanning. 

Som folk og nasjon er det eit stort ansvar om vi forkastar den grunnvollen som landet vårt er bygd på, men det gjeld aller mest vårt personlege ansvar.

Det er noko løfterikt over dette, og det er eit alvor over det vi les om resten av folket. Dei høyrde det same, men Sanninga vart berre teori. Det fortel oss at vi må følgje Sanninga om vi skal behalde Sanninga, elles vert trua som ein muskel som visnar når vi ikkje brukar han. Som folk og nasjon er det eit stort ansvar om vi forkastar den grunnvollen som landet vårt er bygd på, men det gjeld aller mest vårt personlege ansvar. 

Jesus vil at vi skal ha overflod av liv! Det startar med at vi høyrer og les Ordet, og det utviklar seg når vi er lydige mot Herrens kall og lever etter hans formaningar. 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.