KRAFT: I framtida vil ikkje sola berre spegla seg i Straume Forum, men òg gi straum til fleirbrukshuset der ImF sentralt og ImF Straume held til. FOTO: PETTER OLSEN

Legg solcellepanel på Straume Forum

Til våren vil det etter planen vera solcellepanel på heile taket til fleirbrukshuset Straume Forum på Sotra.

Det er styreleiar for Straume Forum AS, Atle Våge, som opplyser dette til sambåndet.no.

– Investeringa kjem på 1,6 millionar kroner, seier Våge.

Avtalar er signerte og anlegget sett i bestilling. Etter planen vil det vera levert og montert til våren ein gong.

Frå før i ImF-samanheng har Bildøy bibelskole solcellepanel på delar av taket.

90.000 kWh

Straume Forum har fire etasjar og eit årleg straumforbruk på 200.000 kilowattimar (kWh). Solcellene skal kunne levera 90.000 kWh i året. Eit moment som kan gjera det vanskeleg å vita nøyaktig på førehand kor stor effekten blir, er det faktum at Straume Forum ligg inntil fjell i nord og aust.

– Om straumprisen til dømes er 1,50 kroner i gjennomsnitt i månaden, vil anlegget vera tent inn på seks år. Om snittprisen er 2,0 kroner, vil det ta tre-fire år, seier Våge.

Han legg til at straumkostnaden for i år kan bli på bortimot 600.000 kroner – om ein tek utgangspunkt i utgiftene til og med august månad.

STRAUM: Slik vil det sjå ut med solcellepanel på taket av Straume Forum.

Uvisst om støtte

– Næringslivet satsar no i stor grad på solceller på næringsbygg, konstaterer Våge.

Styret i Straume Forum AS veit førebels ikkje om bygget der mellom andre ImF sentralt og ImF Straume held til, vil kunne få støtte frå regjeringa sin hjelpepakke til næringslivet. 16. september vart det kjent at regjeringa mellom anna innfører ei ordning med energitilskot. Ifølgje pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet kan bedrifter med minimum «3 prosent strømintensitet» søkja om tilskot til å betala straumrekninga og til å investera i energitiltak. Ordninga skal administrerast av Enova og kan gi enøk-støtte på inntil 50 prosent av investeringskostnaden. Solcellepanel er eit av energitiltaka som er nemnd i pressemeldinga.

– Detaljane i ordninga mangler enno. Men det er ei kjensgjerning at Straume Forum AS er ei litt utypisk bedrift, seier styreleiar Atle Våge.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.